tirsdag 3. februar 2009
Stille kveld
Mobilbilde frå Høgeheia i kveld kl 17.35
Eg måtte spørje meg sjølv på Høgeheia i kveld om eg hadde hatt ein så stille kveld sidan fjelltrimposten vart lagt ut i førstninga av oktober. For det var ikkje eit vindpust! Havblikk! Stavfjorden låg som ei paddeflat yte. Det skvulpa berre såvidt langs fjæresteinane på Staveneset. Nesten lydlaust...
Det var ein av desse spesielle kveldane her ute ved havet. Ein mektig oransje- og raudfarga himmel i vest, som eit takk for dagen. Det var som om våren låg der ute og venta, berre litt til - berre litt til - så kjem eg deg i møte...
Reine linjer... Horisonten... Håpet... Optimismens kjærteikn... Kulturens vogge... På den sjuande dag skal eg kvile ved desse strender...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar