Kur mot mas
MMS frå Høgeheia kl 17.45 i ettermiddag
Blaut og tung snø mot Høgeheia i kveld. Og ein del ganske djupe fonner. Men mykje av snøen var smelta av havlufta. Spesielt lenger nede i bakkane og mot Hollevika. Er det siste rest av vinter som forsvinn her ved havet...? Snøklokkene er allereie avbilda i Firda ser eg. Elles mildt og grått med lett yr og noko skodde på toppen. Fin og grei trim... Og godt for eit hovud fullt av mas...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar