Fra Eitrenipa 010209 |
søndag 1. februar 2009
Blåfrosen galskap
Med fare for liv og helse tok eg meg opp over hammaren ved fossen under Leknesvatna i dag òg...
Turen i dag vart teken på sparket. Dealen i huset var at Olaug hadde førstevalget, sidan eg hadde det i går. Ho hadde avtalt med Sissel og Anne om å gå på Dokka frå Holmedal. Meininga var at Andreas skulle komme å vere med Peter ei stund. Slik gjekk det ikkje. Og det ende med at Peter reiste til Andreas på Grimelia. Og såleis vart eg igjen åleine...
Eg miste den beste og lettaste windstopper hua mi frå Outdoor Research oppe i skogen i går. Det var skikkeleg ergeleg. Utruleg god hue... Eg avgjorde der og då å gå opp igjen for å sjå etter ho. Ja, og sjølvsagt ta med meg Eitrenipa i dag òg. Som tenkt så gjort.
Eg var klar over kvar eg hadde teke hua av meg. Og eg visste kvar eg var då eg sakna ho. Altså ein stad der i mellom. Problemet var at i det partiet er det mange råser å ta. Eg kom meg opp i det aktuelle leiteområdet. Hadde vel ikkje så store forhåpningar. Men trur du ikkje at hua brått låg der, ved sidan av ein einerkave eg hadde måtte bøye meg unna. Yess, ropte eg! Mission completed...
Etter fleire plussgrader i går morgon, var det i dag frose på. Om ikkje det var så mange minusgradene. Og mine bange anelsar for kva som møtte meg under fossen slo til. Det var endå verre med is i dag enn i går. Polèrt, glasèrt og blåfrose opp heile hammaren. Knallande hard isflate. Eg forbanna heile fordømte kraftbransjen. Endå eit argument mot den skandaløse kraftreguleringa her oppe. For det var livsfarleg å ta seg opp over hammaren, sjølv med broddar på. Dei pirka berre såvidt bort i glasyta. Og utan broddar var ein totalt sjanselaus å komme seg vidare opp.... Men opp skulle eg, og opp kom eg meg. Gjennom nokre einer, og diverse anna eg fekk tak, som eg håpa heldt vekta mi...
Over hammaren og vidare over vatnet og til topps, gjekk det heilt supert. Eg nytta spora frå i går, og det gjekk mykje lettare i dag. Faktum er at eg klauv opp som ingen ting følte eg. Eg trur det måtte ha med pizzaen til Olaug i går kveld å gjere...:-) Dagsforma var iallefall heilt topp.
På toppen var det mykje stillare enn i går. Og faktisk ikkje så gale kaldt. Derimot var det skodde... Så noko panoramautsikt var det ikkje. Eg tok difor ned igjen same vegen ganske fort. Småluffa heilt ned til vatnet, berre avbrote av eit par, tre bildesekvensar. Det var nydeleg her nede. Sola skein på drivkvite flater. Utrulege kontrastar og lange skuggar. Suverent med fjellturar på denne tid av året òg...
Eg kom meg deretter ned igjen til galskapens teater. Var det gale opp, var det endå verre ned. Slik er det no berre ein gong. Du ser galskapen i kvitauget. Og det er på ein måte som om tyngdekrafta virkar dobbelt nedover... Eg bestemte meg for å ta det HEILT piano. Vere sikker på kvart steg. Og ha noko å halde meg i så godt som det let seg gjere. Som ei gammal, beinskjør kjerring kom eg meg meter for meter ned hammaren... Heldigvis var det mobildekning hvis eg glei, noko anna var det vel at det på langt nær var sikkert at eg kunne bruke den hvis så gale var...
No er det vel ikkje nokon løyndom at det gjekk bra. Eg sit no her og gjenopplever marerittet. Det verste av alt er vel at e-verket har lov til dette. Problemet er at dette er einaste plassen å komme seg opp frå Markavatnet og nordsida av fjellet...
Eg fekk av meg broddane nedom hammaren. Småsprang ned skogen og til vatnet igjen. Og var ved bilen igjen berre etter ei kort stund. Dobbel Eitrenipa var i boks. 60 poeng, og grunnlag for 2 nye runder på fjelltrimmen. Greitt at det er ei veke til neste helg...:-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar