lørdag 21. februar 2009
Morgontrim
Perfekte forhold på Eitrenipa ein kald 1.Nyttårsdag kl 10.27
Det var temmeleg ufyseleg på Høgeheia i dag tidleg med vind, regn og skodde. Det regna faktisk heilt til topps. Og endå ligg det noko snø mot toppen. Blaut og tung.
Det gjekk raskt opp i dag tidleg. Og eg sprang heile vegen ned igjen. I blaute skitkaven. Det gjekk så lett, så lett.. Herleg...
Eg vaska og impregnerte goretex buksa og jakka hin dagen. Vatnet berre perla av. Det er klart ein fordel å gjere dette jamnleg!
Ser skjora pussar på reiret sitt i dag. I tillegg såg eg ein flokk på over hundre gråtrast på Staveneset. Er nok likevel overvintrings-fugl. Men det er heilt klart vårleg i vèret her ved kysten i dag...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar