torsdag 13. november 2008
Land av kontrastar
Litt andre forhold 5/10 ved Leknesvatna enn...
...på Høgeheia i kveld
Etter å ha kome heim frå jobb, og møte etter jobb, klokka 20.30 i går, Peter sjuk, og Olaug ståande i døra klar for klubb, var sjølvsagt alle illusjonar om fjelltur sløkte. Det var berre å ta seg godt av katen og komme seg tidleg til sengs. Så gjort, men å sove var ein heilt annan skål. Peter var så groande tett i hals og nase at han høyrdest ut som eit godt gamalt steinknuseri der han låg å heiv etter pusten. Det var synd i guten. Kvar gong han var på nippet til å sovne, heldt han på å bli kjøvd. Eg sette han nesten rett opp i senga, og til sjuande og sist sovna han uroleg ei stund. Det vart likevel ei lang natt...
Eg kom meg likevel avstad på Høgeheia etter jobb i dag. Olaug var heime med Peter. Kort oppsummert: vått, mørkt, høljande regnvèr, skodde og ein sterk kuling. Regnet stakk som nåler i fjeset, og dotten sang i øyra av piskande regndrev... På den mest utsette ranen rett nord av fjorden om Granesundet, tok vinden ekstremt, nesten som vanleg. Med fare for å bli blåst overende langs hamrane i mørket...
Eg kom meg likevel heil opp og ned - keine problem! Herleg, forfriskande og litt utfordrande! Og slik går dagane... mot solsnu... snart:-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar