Fra Eitrenipa 081108 |
lørdag 8. november 2008
Kong Vinter tok ferie
Profil:Mektige Eitrenipa i motlys. Frå fossen i dag tidleg.
Utsyn vestover mot m.a.Markavatnet og Kvamsnipa t.v. frå toppen av skaret.
Mot sørvest ligg det lange og flate Heileberget med Driveknolten t.h.
Det gjekk som tenkt. Regnet frå i natt gav seg i dag tidleg. Og i staden klårna det delvis opp. Det var austleg fønvind og over 9 grader heime i dag tidleg. Eg køyrde opp i Markavatnet litt før halv 9.
Det gjekk lett og greitt opp same vegen som forrige helg. All snø var fordufta. Over fossen, der mektige Eitrenipa tronar i aust, tok vinden ganske bra. Men så lenge ein ikkje får regn i tillegg, gjer ein fønaktig austleg kuling lite av seg.
Eg hadde isbroddane i botnen av sekken. Men det var nesten av gamal vane. (Det er betre å ha dei med ein gong for mykje, enn at dei ligg i kjellaren når du har bruk for dei). Til og med opp skaret og på toppen var det heilt snø- og isfritt. Men sør-aust vinden tok godt på toppen..., så det var ikkje akkurat forhold for ein picnic i det fri der oppe. Opphaldet vart difor kort. Som det ofte blir på toppane på denne tid av året. Noko anna er berre tull. For det er lett å dra på seg "det ein eller det andre" under slike forhold.
I langbakken under skaret dukka Edvin H. opp i lag med hunden. Vi slo av nokre ord om utstyr, veir og vind. Men noko vidare sosialisering var det verken tid eller stad for. Olaug trippa vel på trappa heime, og Edvin ville vel til topps han òg.
Turen ned igjen til Markavatnet er vel ikkje så mykje å seie om. Vèret heldt seg fint. Og forma er halden vel vedlike. Fint og greitt!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar