mandag 10. november 2008
Gode klær
Mot Fossedalshengenipa frå vestenden av Leknesvatna i går
Mot Skjerlia, Markavatnet og til havs frå toppen av fossen frå Leknesvatna 9/11
Det vart ein ganske så ufyseleg tur på Høgeheia i kveld. Kuling og høljeregn. Og drevet midt i fleisen oppover. Eg var litt spent på om den nye hovudlykta tålte all væte som stod midt imot (eg reiser ikkje opp på fjellet i mørket åleine utan å ha med reservelykt). Det viste seg heilt problemfritt.
Arcteryx jakka, som eg forresten såg vann ein test på Nettavisen i går, og buksa av same merke, heldt væta ute. Med god lufting under armane på jakka og sidene på buksa, blir det ikkje særleg kondens under, sjølv om ein sveittar godt. Men regnar det mykje, kan ein sjølvsagt ikkje gå med buksa open. Det er litt lettare med jakka. Og det er jo på overkroppen ein har mest behov for utlufting. Membranen pustar i tillegg av seg sjølv, men dette er ikkje nok ved høg aktivitet.
Elles var turen heilt grei. Mørkt, kaldt og vått, men godt... iallefall framfor peisen etterpå...:-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar