| Fra Kvamsnipa 300908 |
tirsdag 30. september 2008
Ei krokut gamal grå
"Jag har bott vid en landsväg i hela mitt liv,
och sett människor komma och gå"
eller
"Å, jeg har sju somrer og femten vintrer i kroppen på meg..."
MMS på veg til Kvamsnipa i ettermiddag
Som levande granitt står ho der. På kanten av stupet. Åleine. I den ytterste utkant av det fysisk mogelege. Den krokute, gamle og grå dama. Ei dame som har trassa alt og alle. Eit stabeist. Ei fyrtønne. Du vise, så full av livserfaring. Du vakraste av dei alle. I sitt draumepalass med den flottaste panoramautsikt har ho gjestebod når du måtte ynskje.
Eg er glad i denne dama. Ho betyr mykje for meg. Det er kjekt å setje seg ned ved ho. Ta på ho. Lytte til stilla. Vi treng ikkje seie noko. Vi forstår kvarandre utan å seie noko. Stilla vi har ilag verkar roleg på oss. Ho kjem seg ingen stad, medan eg kan springe alle blånar. Likevel er vi like. Snakkar same språk.
Eg sa farvel til denne vakre av dei vakraste damer i stad. Farvel - for ei stund. Ikkje for alltid. Det var hardt, men vi forstår kvarandre...
søndag 28. september 2008
På oppløpssida
| Fra Fristadfjellet_Eikenes_Kvamsnipa 270908 |
lørdag 27. september 2008
Vemodig farvel
fredag 26. september 2008
Taktikk ved middagsbordet
torsdag 25. september 2008
Lyset ebbar
onsdag 24. september 2008
Eigne gjerder
tirsdag 23. september 2008
Vakre kveldstimar
| Fra Kvamsnipa 230908 |
mandag 22. september 2008
Gylne tider
| Fra Driveknolten 220908 |
søndag 21. september 2008
Roleg søndag
lørdag 20. september 2008
Haustfargar og nye fall
| Fra Driveknolten_Kvamsnipa 200908 (MMS) |
fredag 19. september 2008
Det var den tida ja...
onsdag 17. september 2008
Mot nye spor
tirsdag 16. september 2008
Så lett så lett
søndag 14. september 2008
Den store samanhengen
| Fra Driveknolten 140908 |
lørdag 13. september 2008
I rykk og napp
torsdag 11. september 2008
Eit fargerikt fellesskap
Norge kan bli eit skakk-køyrt land for trengjande. MMS frå Sentrum Sør i Førde i dag
No har eg vel stort sett klart å halde meg unna politikk på bloggen min. Det var ikkje meininga at den skulle fungere slik. Men nokre få linjer og eit lite unntak gjev eg likevel plass til i dag.
Eg må seie at eg er sterkt uroa over det menneskesyn som kjem til uttrykk av "Jakop" her. Hvis det er slike haldningar og oppfatningar som skal gjenspegle vårt syn på folk som søkjer tilflykt hjå oss frå krig, tortur og forfølgjing, er det ikkje løye at Hitler kom til makta, tenkjer eg. Jødane var jo skuld i alt som var gale òg... No er det innvandrarane... Og Fremskrittspartiet og Siv Jensen surfar på denne bølgja av framandfrykt og redsel for det ukjende. Men kva er dette for slags syn på andre hjelpetrengjande medmenneske?
Kardinalfeilen som går igjen, er jo at ein skjer alle grupper over ein kam. Stigmatiserer alt og alle. Sjølvsagt kjem det ein og annan lykkejegar. Og sjølvsagt òg mafia-inspirerte folk til landet. Men desse er jo så totalt i mindretal i høve til dei som har behov for hjelp og vern etter krig, lemlesting og tortur. Diverre er det som oftast førstnemnde grupper media er interesserte i å skrive om. Det er her sensasjons-overskriftene kan hentast. Og diverre er det her i frå folk hentar sine oppfatningar om asylsøkjarar og innvandrarar òg.
Etter mi meining skuldast den store frykten for asylsøkjarar mangel på kunnskap. Sjå på asylmottaket i Florø kva dei har fått til. Leia av Melvær har mønsterbruket høg kompetanse på innvandring. Asylmottaket har tilført kommunen fleire titals millionar. For ikkje å snakke om nye impulsar, folk med stå på vilje for å få utretta ting, og ein styrke og vekst for lokalmiljøet. Og ikkje minst god arbeidskraft som vi treng.
At folk generelt sett er redde for endringar er ei kjend sak. Det gjeld vel det meste her i livet. På generelt grunnlag er eg likevel overtydd om at nesten alle endringar er positive hvis utgangspunktet er nokolunde ope. Det viser seg elles i alle målingar at dei som er mest mot innvandring, er dei som har minst erfaring med folk frå andre kulturar òg. Dei kjenner ikkje eit menneske med annan hudfarge. Likevel kan dei vere mot all innvandring... Eg trur at di meir ein omgåast di meir positive blir ein. Og det er vel kanskje ikkje så rart, for sjølv om vi kan vere ulike på mange måtar, så må ein jo lære kvarandre å kjenne. Slik er det vel med alt. Spesielt når skilnadane er store i utgangspunktet. For det er jo nettopp då ein har høve til å lære meir om seg sjølv og andre individ. Ja, det er jo individ vi snakkar om! Frå forskjellige kulturar, land, etniske grupper, språk - så forskjellige at det sjølvsagt ikkje går an å snakke om ei gruppe...
Eg var så heldig å vekse opp i Dale. Som daling vart vi vane med folk frå andre lag og land. Anten det no var frå Vevang, Pigeskolen, Skofabrikken eller Lillingston, Becker etc. Her var danskar, tyskarar og eg heldt på å seie bergensarar. Folk frå alle klassar. Ikkje minst kom her amerikanarar reisande, eller det vil seie norsk-amerikanarar eller forfedre av desse som hadde fere "abroad" for å finne lykka "over there". Reiste frå naud og fattigdom her til lands. Seinare åra har vi jo fått UWC og Nordisk kunstnarsenter. Truleg som ein fylgje av dei gamle tradisjonane som lever i bygda.
Eg er sikker på at oppveksten min har hatt mykje å seie for at eg er ganske tolerant overfor andre folk, anten dei no er brune i huda eller ikkje. For dei er no like mykje menneske som oss uansett kvar dei kjem frå eller ser ut? Er vi vortne så mette og sjølvgode i dette landet at vi ikkje kan vår eiga historie ein gong? Som knapt greier å sjå over vår eigen mage lenger? Eg er glad for at eg kan møte innvandrarar og andre med ope sinn, og vil ta mot dei som ein ressurs, og ikkje som ein potensiell Al Qaida sympatisør eller narkotikalangar.... Møte dei som ein av mine eigne... Folk som trur ilt om andre, har det ikkje godt med seg sjølv - det er eg sikker på! Og eg vil heller prøve og forstå folk det går gale med istaden for å kappa av dei armen...
Eg skal ikkje bruke noko meir tid på innvandrings-spørsmål her. Då kunne eg jo halde på i dagesvis. Eg vil berre avslutte med å seie at vi som rikaste landet i verda må ha høve til å hjelpe folk i ein vanskeleg livssituasjon. Det er heilt essensielt for meg. Og bestemor mi, som var snillaste menneske i verda, og var fødd i Amerika, hadde vore heilt einig med meg!
onsdag 10. september 2008
17.mai i september
tirsdag 9. september 2008
Lita tue...
mandag 8. september 2008
Indian Summer og varme tankar
| Fra Staveneset 070908 |
Abonner på:
Kommentarer (Atom)