onsdag 30. januar 2008

Viola Tricolor og Drøymevandraren

....eller kjenslene dine vekslar med sola

Teke frå Hekkelfjellet i Holmdedal, syner dette bildet det beste av fjella austover på Askvoll-halvøya. Har du lært ABC-a? F.v. N&S Portafjellet, Stordalsfjellet, Vardenova, Stølsfjellet, framme- Røyrbotnholten, Smørskornova, Heileberget, Driveknolten, bak- Eitrenipa, Fossedalshengenipa, Blegja, Storehesten, N&S Kringla, Skålefjellet (Gaular), Laukelandshesten.

Viola Tricolor minner meg om menneske, lyse og svarte tankar, årstider og livets opp- og nedturar. No har eg ikkje tenkt å skrive eit kompendium om så vidtfavnande tema som dette - her og no - men avgrense meg til nokre få tankar.

Dei seinare åra har eg vorte meir vàr for årstidene enn før. Jonsok og vintersolkverv har på ein måte fått ei vidare betydning med alderen. Noko melankolsk over jonsok. Noko som er passert. Forgange. Levd! Vintersolkverv knytt til optimisme. Nytt lys. Nye muligheite. Ny vår. Nytt liv. Ein glad gut og Viola Tricolor!

Det er jo mykje løye ein blir funderande på når ein går på tur i fjell og finne. Spesielt åleine. På ein måte blir dette endå meir intenst i mørket med hovudlykt, når resten av verda er stengd ute....

På eitt eller anna vis har likevel hausten og mørketida gått bedre no sist enn det eg kan hugse. Etter ein skikkeleg nedtur med kneproblem, som arta seg psykisk òg, vart det jo ein utruleg opptur (lurer på om dette ordet er begynt å bli ein klisjè) å bli kvitt kneplagene. Å gå i fjellet igjen skaper liv og optimisme! Nytt liv sjølv om det var haust og mørketid!

Likeeins var idèen med refleksstikkene på fjellet utruleg bra! Eg fekk forlenga tursesongen utover heile hausten og vinteren. Der eg før hadde tråva den kjedelege asfalten i mørket - når eg gadd, var plutseleg "lysløypa" vorte eit gode for effektiv trim og naturopplevingar midt i veka. Stimulerande og motiverande! Hovudlykta og refleksstikkene hjelpte ikkje berre på mørket ute.....

Dessutan, det tunge arbeidet kvar ettervinter med å finne tilbake til forma frå hausten før, er i år ein saga blott! For ei glede. For ei lyst. For eit vintersolkverv! Ja, Viola Tricolor....Takk!

Eg var opp igjen i kveld òg eg. 1o cm nysnø oppover. På toppen var det snødrev og vind. Rette ordet er forfriskande, kan eg vel seie.

Men eg fekk meg ein god overraskelse i kveld. For på returen ovanfor Mangevatna stussa eg over eit nytt lys som eg meinte kom frå Eidsfjorden. Merkeleg! Eg hadde aldri sett dette lyset før. Og snødrevet burde jo gjere til at eg ikkje såg bort dit i det heile teke. Etter å ha fundert på dette nedover, såg eg etterkvart at det var to lys - og dei bevega seg! Stor var difor mi undring då eg såg det var folk som kom. Det er første gongen eg har treft menneske her oppe etter at det har vorte mørkt. Det viste seg å vere Dag Tore og Anita. Førstegangs-nattevandrarar! Hyggeleg! Vi vart pratande litt. Dei tykte det var bra med god sporsnø...:-) Det var likevel ikkje rette plassen å bli ståande i snødrevet. Kulden kjem fort i sveitte klede om vinteren! Og vinden kjendest ut til å vere aukande...

Ein ting er eg ganske trygg på - det vert ikkje siste turen deira opp dit med hovudlykt. Det føler eg meg ganske trygg på! Det er noko eige med dette livet her....

Ingen kommentarer: