fredag 18. januar 2008

Over alle støvleskaft


..men snart ser det slik ut! Vestover mot Stordalen frå Markahengenipa, 10/2-07

Etter at fleire kveldar nærast hadde gått i vasken, og eg ikkje hadde fått "brukt meg litt", pga møter både for Olaug og meg, såg det ut til å kunne klaffe igjen i går kveld. Dette trass i at eg var eit par timar for sein heim frå Førde.

Det var flott julestemning over heia og Solheimsdalen. Greinene på trea var pryda med tørr fin nysnø. Praktfullt. Så lyst og triveleg. Til og med månen stakk halvfull fram gjennom skydekket. Verre var det vel sikkert for e-verket at linjene låg tyngde med tjukke lag med is og snø. Eg avtalte med Olaug på veg heim "at eg berre stakk innom", for pausen i nedbøren måtte nyttast når det tilsist klaffa med å komme seg på fjellet denne veka.

Så eg heiv meg rundt då eg kom heim. Ned i vaskerommet i kjellaren, der mykje av fjellkleda heng, og var klar og ute av huset igjen innan kvarteret var gått! Eit par knekkebrød i handa fekk halde som middag...:-)

Det såg nydeleg ut. Yndestadfjellet låg bada i måneskin og nysnø der oppe. Hadde eg ikkje bruk for hovudlykta i det heile tatt....? Vel, det viste seg snart at denne turen inneheldt dei fleste ingrediensar ein fjelltur kan ha i mørkna ein vinterkveld...

Eg var klar over at det ville ligge ein del laussnø oppover. Og snøgrensa låg omlag 100 meter i lia opp mot Rinda. Det er godt rydda rundt stien oppover. Men med dei snømengdene som var komne ned litt lenger oppe, låg greinene som ein ugjennomtrengeleg jungel neddynga i snø over stien. Å slå på greinene med stavane hjelpte litt. Men snølaga var ofte så store og tunge at det var fånyttes. I tillegg tok dette lang tid og medførte mange stopp. Det vart difor mest til at eg kraup og åla meg under og rundt greinene. Resultatet vart sjølvsagt at "snøskrede" frå greinene rasa ned i nakken på meg...i tilegg var dette ein energikrevjande måte og komme seg oppover på. Heldigvis er tregrensa låg ute ved kysten!

Eg kom meg omsider opp til Rinda. Turen opp hit "spring" eg vel på 20 minutt eller noko slikt til vanleg. Eg tek sjeldan tida, men i dag trur eg nesten det måtte ha gått det dobble. Det føltest iallefall slik. Og hadde eg brukt mykje tid opp, så hadde energiforbruket ikkje vore noko mindre...

Men månen skein på den praktfulle landskapen. Som på eit kvitt, nystroke laken. Kjende konturar låg som duvande bølgjer på det opne hav...Vakkert.

Over tregrensa ved Rinda låg snøen djupare. Den rakk meg til knea og vel så det. Stien måtte eg fleire gonger berre tippe meg fram til. Refleksstengene mine er nemleg utplasserte lenger oppe. Det var eit sliiiiit! Men landskapen var så praktfullll!

Kva skulle eg gjere? Det fornuftige var åpenbart å snu og komme seg i dusjen fortare enn svint. Gjennomvåt av sveitte som eg var. Men så er det den inngrodde følelsen av nederlag, som ikkje er noko særleg å kjenne på, når målet ikkje er nådd....Så eg heldt fram. Forbi hytta til Skåren og opp bakkane. Oj, kor tungt det var.

I partiet der du svingar nordaustover nedom Mangevatna begynte det å snøe. Og blåse. Som så ofte før. Veiret om vinteren er lunefullt. Spesielt på kysten har eg inntrykk av. Men, heldigvis, vidare oppover står refleksstengene jamnleg. Det synte seg likevel snart at snødrevet var så tett at stengene var vanskelege å sjå. Snø og is var òg frose på refleksane, så effekten var veldig redusert. Og i partiet aust om Mangevatna vart det fullstendig white out! Eg såg ingen verdens ting i snødrevet...Og eg bomma på neste stanga! Fytt i granskauen... Dette var over grensa for det som var spennande. Eg kjende meg brått ikkje så bråkjekk lenger der i mørkna, med alt kvitt rundt meg...

Spora hadde eg heldigvis bakover, berre eg no ikkje begynte å gå i ring så retningen fordufta. Fader Jakob, måtte eg snu no så nære? Det var berre kvarteret igjen til toppen - eller noko slikt..... Så, heldigvis, var det ein opning i drevet slik at eg fekk orientert meg mot høgdedraget nedom Krækavatnet! Det var ikkje så gale likevel. Eg var berre rett aust om løypa - til høgre. Så sjølv om eg veit at ein alltid dreg til høgre i skodde og lite sikt, var eg likevel komen for langt aust! Då var det greitt. Eg fann ein av vardane mine, og rett etter fekk eg så vidt glimt av refleksen på ei av stengene. I svarte natta! Herleg!

I siste bakken før ein svingar vestover mot ryggen, låg snøen meterdjup. Og eg var nesten heilt utslitt. I øverste partiet måtte eg gjennom fonner som rakk meg til magen. Og snødrevet piska meg i kroppen. Med blodsmak i munnen kjempa eg meg opp, og fann refleksstanga på toppen av bakken. Eg måtte berre ha meg eit par minutt og få att pusten. og heldigvis - eg visste kvar eg var....:-)

Motet og lysta til å nå heilt opp og få namnet i boka steig då eg fann første stanga på ryggen vestover. Og lukka var litt meir på mi side utover for her var snøen blesen meir av ranane, så det var lettare å ta seg fram. Eg fann også neste stanga. Refleksane var tilnærma usynlege på grunn av is og snø som hadde festa seg. Den neste stanga bomma eg på og kom for langt mot nord (til høgre mot Førdefjorden). Men etter litt leiting med lyset frå hovudlykta såg eg det blenkte i den kjære refleksen. Dei to neste stengene fann eg greitt. Dei føl meir ranen på ryggen, og den neste siste som står oppe på ein varde var piano....Og då blenkte siste refleksen på toppvarden der framme i rennefoket....! Eg var framme...Fytti rakkaren for ein tur opp!

Utan noko som helst anna med meg enn vottar og ei tørr hue, var det berre å komme seg derifrå fortare enn svint...Følgje spora heim det kjappaste eg vann. Før dei bles og snøa til. For det bestemte eg meg for med ein gong - å følgje spora slavisk ned igjen..Men aust om Mangevatna var dei fullstendig vekke... Eg bomma på retningen og kom for langt vest (til høgre igjen), og var komen bort på ranen ned mot vatna. Men, då visste eg iallefall kvar eg var.. Så etter å ha gått ned og gjennom ein skavl som rakk meg til brystet, tryne, så berre nasen stakk opp av laussnøen, fann eg att sporet litt lenger nede.

Eg var på heimveg - atter ein gong. Og så letta det...Månen stakk fram. Og eg stod snart ved hytta til Skåren...

Olaug skulle på sangøving klokka 20.30. Eg hadde i utgangspunktet rikeleg med tid. Men, no var klokka aldeles gått frå meg. Eg var tørst, utslitt og våt... Frå elva ved hytta fekk eg i meg nokre munnar med vatn. Kjærkome! Det var som om eg fekk nye krefter med ein gong. Eg skulle jo sjølvsagt ha fått i meg drikke på veg opp. Det var jo idiotisk å late vere på ei slik kraftprøve...

Frå Rinda og heim gjekk det heilt fint. Snøen minka etterkvart og månen skein som aldri før. Du verden kor fort veiret skifta!

På tunet heime måtte eg gjennom eit par hostekular av trøttheit som reiv i lungene. Men, eg var vel heime. Det var eg glad for. Det hadde vore ein strabasiøs, spanande og flott tur. Alt på ein gong. Rett frå jobb og utan middag. Det glade vanvidd...eller berre litt? Eg hadde iallefall fått meg med det meste...:-) Og heldigvis - det viktigaste av alt - eg nådde fruen som stod klar i døra....:-)



Ingen kommentarer: