søndag 6. januar 2008

Portrett av ei kraftutbyggjing


Utsikt mot sør frå Skålefjellet i dag, Lihesten bak i midten

Det var så sterk austavind ut fjorden lørdag at eg heldt meg heime. Kjekt å gje seg tid til å sjå litt vintersport på tv igjen, fyre i ovnen og slappe av. Så vart eg kvitt forkjølelsen òg. Etter meldingane å dømme skulle det bli mindre vind søndag, så då låg alt til rette for tur då - før regnet kom ut på ettermiddagen...

Tenkte eg skulle prøve å gå på Skålefjellet frå aust og Osland, over Nipane, 612 moh og gjennom skaret og opp. Sjå korleis forholda var på denne ruta. Hugsar ikkje sist eg gjekk her. Det må vere fleire år sidan på sauesanking. Før om åra tok vi ofte sauene vi sanka frå sør, gjennom skaret, og nedatt på Stongstølen. No er det diverre så få som driv med sauer i Stongfjorden, at skaret sjeldan blir nytta. Men det er ein grei turveg frå aust og gjennom skaret, eller frå nord og Stongstølen og opp. Skålefjellet er egentleg tilgjengeleg frå alle himmelretningar. Men sjølve nordveggen kjem kun vidarekomne opp med tausikring!

Det gjekk ganske greitt opp vestover Nipane. Men stien er fleire stadar tilgrodd med einer. Den er dessutan litt vanskeleg å finne sidan det er lite dyr her lenger. Det vart difor litt baksing i einerkavane til å begynne med. No greidde eg sjølvsagt å bomme på skaret lenger oppe og framme under Skålefjellet òg, då eg tok ein trassè mot vest for langt nede, og sto brått bom på stupets rand! Det var såleis berre å få på seg isbroddane å komme seg høgre opp!

Etter å ha gått litt tilbake fann eg ei flott snøfylt skår på ca 50meter som gjekk rett opp! Det tok nokre ekstra kaloriar å komme seg opp denne, bratt som ho var. I tillegg hadde vinden lagt pent til rette eit tjukt lag med fokksnø som rakk meg til knea... Men eg beit tennene i hop og kom meg ein avsats høgre. Siste nordvende biten ut til skaret, opp og gjennom dette gjekk ganske greitt takka vere broddane. Toppen av det nordvende skaret var tjoka fylt med snø og skare som var blese over kanten frå sør. Snøen hadde lagt seg godt til rette på nordsida. Øverste delen av skaret var såleis dobbelt så bratt som vanleg pga hellinga snøen hadde laga. Hadde her vore litt meir isete ville det bydd på problem å komme over utan stegjern, og dei låg att heime....

På sørsida av skaret og vestover hallar fjellet ganske mykje sørover første delen. Skaren var ganske polert av austavinden i denne hellinga. Å misse fotfeste her oppe hadde resultert i ein sigletur på mange 10 tals meter, så det var med ei viss spenning eg kom meg over og inn på meir normal hellingsgrad igjen! Slike parti hadde vore umogeleg å gå over utan isbroddar eller stegjern under føtene. Resten av stigninga til topps gjekk heilt greitt. Her er heller ikkje så bratt.

Som så ofte før bles det godt på toppen. Nevane vart utruleg fort valne i vinden. Biletknipsinga var fort unnagjort. I dag hadde eg heller ikkje følelse nok i fingrane til å ta fram mobilen! Det er veldig godt å ha med seg gode vottar under slike forhold. Mi erfaring er at dei er mykje varmare enn hanskar. Du får fortare varmen igjen i fingrane, logisk nok...

Eg tok ei sørlegare rute ned igjen sør av Nipane. Det er stort sett berre å følgje beint aust og ned til Botnastølsvatnet. Hald litt nord ved Nipane. Det ligg nokre hamrar ovanfor vatnet du likevel må nord om. Ovanfor skogen går det veldig greitt nedover. Du ser kor du kan gå. Ned gjennom skogen er stien litt vanskeleg å finne, men retningane gjev seg sjølv. Når du er komen ned til vatnet går du berre nordsida bort til Botnastølen.

Botnastølsvatnet er regulert. Likeeins diverre Svelivatnet som ligg ovanfor, og Oslandsvatnet/Stongsvatnet nedanfor. Utan noko slags form for minstevassføring er vassdraga ofte tappa ned bort i 20 meter. Vatna ligg som eit minnesmerke over ein vassdrags- og kraftpolitikk som har spelt falitt! Ei eksportvare som kraftselskapa har gjort seg rike på, og nærmiljøet vårt tilnærma øydelagt. Ei utarming av lokalbefolkninga sine goder som vi ingen ting ser igjen av! Eg brukar å gå mykje i fjellområdet og registrerer dei sørgjelege verknadene dette har hatt på miljøet. Det såg diverre ille ut i dag òg. Vatnet var godt nedtappa, og strendene låg som eit månelandskap. Erodert og forferdeleg. Fritt for vegetasjon og øydelagde vassbiotopar. Utan liv! Eg tok nokre bilder for å synleggjere dette.

Det er ein grei veg å gå på Skålefjellet frå Osland. Anten over Nipane som i dag, eller over Svædalen som eg gjorde før jul. Over Nipane er klart kortaste ruta, men alternativet gjennom Svædalen og nordover blir litt meir tur ut av. På denne tid er det dessutan ein mindre risikabel veg å gå enn over Nipane og nordsida ut. Sørsida derimot, som eg gjekk ned, gjekk forholdsvis greitt i dag. Men obs. forholda endrar seg heile tida, blir det meir is/skare er det ei stor utfordring uansett kva veg du vel.

Som så ofte før på denne tid - det er snø, is og skare om einannen i fjella på kysten no. Snøen ligg i høgda frå ein ca 400 meter. Utan isbroddar eller stegjern er det risikabelt å ferdast, spesielt på sørsida av Stongfjorden og innover. På nordsida i Skylefjellstraktene/Toreheia er det litt bedre, men ein del is ligg det også her. I dag burde eg strengt tatt teke med meg stegjerna. Var ikkje heilt risikofritt sjølv med isbroddar! Skal du opp på toppane kjem du deg nesten ikkje opp utan noko under skoa. Det er lite kjekt å stå skjelvande i føtene nedanfor den siste isete bakken opp, utan å ha noko å legge under. Det kan dessutan fort få katastrofale følgjer å prøve seg utan....


Vinter i Stongfjordfjella 060108_8

Ingen kommentarer: