søndag 20. januar 2008

Lys i husan


Agnar mot Driveknolten vesle Nyårsafta i skumring og kald vind.
I bakgrunnen i sol ligg Eitrenipa, Blegja og Nordre & Søndre Kringla.


Sidan det er tidleg i det nye året, kan eg vel trygt seie at det mest positive nyhende på heimefronten i år, er at Håvard flytter heim igjen til Stongfjorden frå Oslo. Han har teke ferdig sjukepleiarutdanninga si i tigerstaden, og har fått jobb på sjukehuset i Førde. Han kjem heller ikkje åleine. Men har med seg ei kjekk og oppegåande Oslo-jente, Miriam. Som om ikkje det var nok, ventar dei småfolk i mars. Dei reknar med at flyttelasset er på plass i Stongfjorden i slutten av neste månad.

Spesielt kjekt tykkjer eg det er at Miriam har sett kvalitetane vi har i Stongfjorden og vil flytte hit. At Oslojenta kjem må jo vere eit kvalitetsstempel. Hadde nær sagt på begge to...Har folket her litt å seie òg...? For det kan jo knapt tenkjast bedre stad å fostre opp ungane enn her. Med nærleik til fjell og fjord, og eit trygt og oversikteleg nærmiljø, har vi alt ein småbarnsfamilie kan ynskje seg. Eg vil påstå at ungane får med seg ein tryggleik i livet, ei ballast, ved å vekse opp på landsbygda. Heldigvis er det det dei vordande foreldra har innsett...Og så hjelpe det jo på med ei viss form for "opplysningsteneste" og påvirkning frå dei som er litt eldre òg...:-)

Dette er sjølvsagt eit lite drypp i havet for å snu den negative folketalsutviklinga. Men det hjelpe på... Og det er eit viktig signal utad, til andre som òg lurer på å flytte hit. Ein viser at det faktisk går an! Eg vil òg kome med den påstanden at det er ressursrike personar som vel dette kjerringa mot straumen livet. Eg er faktisk så optimistisk at eg trur at sentraliseringsbølgja vil reversere, berre folk får auga opp for kvalitetane vi har rundt oss i det gode lokalmiljøet. Men då er det å håpe at politikarane innser at for å snu utviklinga treng vi skule og barnehage i framtida. Raserer ein desse tilboda har vi ikkje ein sjanse i havet for tilflytting. Eit uttrykk som er så populært for tida, næraste ein klisjè, er å posisjonere seg. Det gjer ein ikkje ved å fjerne skule og barnehage...!

Olaug og Marie har brukt heile dagen på malingsarbeid i eit hus som Håvard og Miriam skal leige. Kjekt å få det pussa opp litt slik som dei sjølve ynskjer. Det medførte at far i huset brukte dagen åleine ilag med Peter. Han har hatt eit inderleg ynskje om å sjå Harry Potter 4 på DVD. Det er ei anbefalt aldersgrense på 11 år på denne filmen, medan dei tre første filmane er sett opp med 8 år. Sidan vi har lese ut boka, fann vi likevel ut at han kunne sitte i armkroken å sjå denne òg. Faktum er at eg tykkjer firaren ikkje var noko skumlare for katen enn dei tre førre. For Peter var det iallefall stort å fått sett denne òg, for då vi hadde sett den ferdig sang han: "no har eg sett firaren, no har eg sett firaren" om igjen og om igjen...:-) Morsomt! Spørst om det vart litt ståhei inne på skulen i dag. Han ville vel skryte av det er det likt seg! Han har jo Daleblod i årane..:-)?

Etter 2,5 time med Potter, litt sport på tven, noko småputling i huset og på pcen, var det allereie tidleg ettermiddag. Eller rettare sagt, det var tid å tenke på middag. Malingsarbeidarane kom ei stund etterpå.

Eg bestemte meg difor å ta hovudlykta å gå opp "lysløypa" mi på fjellet etter at middagen hadde sige litt. Og medan dei andre stakk innom nabo Magni som hadde dag, slappa eg av med gårsdagens Firda på sofaen. Etter å ha dorma av ei stund, var eg klar til å gå i 18 tida.

Eg vart møtt av ei kraftig haglebyge på veg opp til Rinda. DET rikka ikkje på mot og lyst til å går vidare. Slikt er eg van med. Og nordaveir er som før nemnt, for dei som føl skriveria mine, veldig skiftande på kysten. Og bankers! Kvarteret seinare vart snø- og haglebyga avsløyst av ein praktfull fullmåne. Den bada nysnøen på åsar og fjell i nydeleg sølvskin. Eg såg skuggen av meg sjølv i månelyset, vandrande... Åleine, i mørket, kjem du nær deg sjølv slike kveldar i vinterfjellet...Eg får ei varm og god kjensle innvendig. Ein god dialog! Eg har før brukt uttrykket religiøst. Og det er nettopp ei slik kjensle som kjem over meg når naturen viser seg slik frå si finaste side....

På toppen av Skylefjellet var som før utsikta praktfull. Trass i at det var kveld. Lysa frå Florø og øyane låg bada i Stavfjorden. Toreheia og Yndestadfjellet skinte i sølvskimrande skrud! Litt kald nordavind gjorde at opphaldet vart i kortaste laget. Namnet i boka og nokre minutt i le av varden var nok, for med lite og sveitte klede er det best å halde seg i konstant rørsle. Og ytterst i havgapet varsla ein mørkeblå himmel frå nord til sør at neste byge ikkje var langt unna. Best å kome seg ned litt lågare i lende til den bles inn frå havet. Som tenkt så gjort. Byga traff nede mot Rinda igjen.

Nydeleg tur! Men kvifor går ingen andre i fjellet slike kveldar? Refleksstikkene mine står heile vegen opp...Det er lett å finne fram til posten på Skylefjellet...Er folk kanskje litt mørkeredde?





nøgd natteranglar på fjellet 20/1-07

Ingen kommentarer: