| Dagens selfie... |
| Nordgåande ekspress passerer Staveneset |
| Mot vest og toppen på Furefjellet i midten |
| Dagens selfie... |
| Nordgåande ekspress passerer Staveneset |
| Mot vest og toppen på Furefjellet i midten |
| Decor syng under torgdagen i Dale 15/6 |

Trilletur på Nordnes i Bergen med Olaug, Øyvind, Ingrid Anita og Marie (fotograf) 11/6
| Bergenfest 12/6 |
| ds |
| Torgdag i Dale 15/6 |
| Marie på Arnarsonmila 15/6 |
| Marie og Øyvind 15/9 |
Eg vart møtt med ei heidundranes haglebyge ute i Holevika i dag. Og på den nyleg tilrettelagde parkeringsplassen (bravo) vart eg ståande i minst 10 minutt før byga gav seg. Det var nesten som om hagla skulle kome gjennom biltaket!! Det vart valne fingrar oppover i den kalde vinden og lett regn. Og torèveret dundra lenger aust. Men på Furefjellet skulle eg. Kunne ikkje køyre ut der utan.
Etter nokre minuttar oppe i bakkane snudde vèret heilt. Og som han skreiv i stilen - sola skein som ho var gala 😄Men du verda kor vått det var i stien oppover. På toppen var det flott. Rett nok litt vind heilt her ute i havgapet. Ned igjen var det berre å gje gass før neste byge segla inn frå sør... Flott TiTur-trim!
| Med Olaug og Tordis på Fossedalshengenipa i dag |
| Blide damer snart på toppen... |
| Blide damer på toppen... |
Super tur med Tordis og Olaug til fjelltrimposten på Fossedalshengenipa i dag. Delvis skya, vindstille og bra temperatur. Som rett nok fauk både opp og ned alt ettersom sola stakk gjennom skyene. I det høve kom eg på den gamle blødma at eg sikkert såg ut som ein kleshengjar på veg oppover....😁
Turen gjekk den vanlege standardløypa frå Markavatnet til Krokavatnet og vidare opp dalen. For deretter å kløyve opp sjølve konglomerat ryggen. Vi traff elles to kjende og ivrige poengsankarar på turen. Og slo sjølvsagt av ein liten passiar med dei. På toppen hadde vi ein lengre pause med mat, klementinar, drikke og sjokolade. Veldig sosialt!
Elles kjekt at Tordis R. fekk sjekke ut Fossedalshengenipa på årets fjelltrim også. Nesten i mål med ei rute på trimmen no. Takk for turen. 😄
| Vidsyn med Velaug, Connie, Sissel og Olaug |
![]() |
| Tingstusteinen med Velaug, Connie og Olaug |
| Polleneset med Velaug, Olaug, Sissel og Connie |
| Lisetstølen/Nigardstølen med Olaug, Connie og Velaug |
| Høgevarden |
![]() |
| Høgefjellet og Havreheia med Olaug |
| Furefjellet med Olaug |
| Fredensborg med Velaug, Olaug, Sissel og Connie |
| Atløynipa med Sillan, Tone og Olaug |
Foto Olsetåsen vantar...
Ei kort oppsummering og nokre bilder frå TiTurDalsfjorden.
Turane i år var vel heller av det lette slaget. Lengste postane til Atløynipa og Havreheia. Og kanskje dei to flottaste òg. Rett nok er det betre utsikt frå Høgefjellet som du først går på når du skal på Havreheia.Vidsyn, Polleneset og Fredensborg var jo fantastiske turar òg. Om ikkje så lange. Furefjellet med nydeleg utsikt til Staveneset og øyane i vest. Liset-/Nigardstølen og Tingstusteinen er òg greie turar med flott utsikt mot Rivedal og Holmedal. På Høgevarden såg eg "ingenting" på toppen. Men ser frå andre foto at her er nydeleg utsikt spesielt til Flekke, Flekkefjorden. Takkar elles for god merking denne dagen eg var her. Olsetåsen var så kort at eg gløymde å ta bilde...
Oppsummert kan eg såleis igjen seie at turane var veldig bra. Turar for alle og ein kvar. Og det er vel nettopp det som er meininga med TiTur - å få flest mogeleg ut på tur! Så her er det berre å pusse skoa og kome i gang om du ikkje allereie er det! Her er lang tid igjen av årets sesong. Heilt til 1.oktober. God tur!
P.S. Eg fullførte årets postar med Havreheia 20.mai. Og alle turane var veldig godt merka. Applaus til alle som har teke på seg det flotte dugnadsarbeidet med merking og tilrettelegging. Ei spesiell takk til John Lien, Ingeborg Tysnes og Indre Sunnfjord Turlag for organiseringa av dette flotte tiltaket.
| Siktanuten i dag |
Dagens selfie...😁 Utsikt mot Fossedalen, Nordre og Søndre Kringla
Vi ser sørenden av Krokavatnet t.v. og ein bit av Fossedalsvatnet t.h.
Øvre Fossedal omlag midt i bildet
Nydeleg morgontur til herlege Fossedalshengenipa i dag tidleg. Ei stund sidan sist no. Og før regnet som er meldt kom. Tørt og fint. Sol og litt søraust trekk, men god temperatur. Så god at eg gjekk i berre shortsen heile vegen. Både opp og ned. Når forholda er slik er det berre moro å gå opp den bratte fjellryggen. Fylt av konglomerat.
Etter litt bilder tok eg same vegen ned igjen ryggen. Ned til nordenden av Krokavatnet og til Markavatnet. Super morgontrim!
Fotoserie Fossedalshengenipa YouTube
Foto Fossedalshengenipa 270524
| På Havreheia i dag med Sissel og Olaug |
Vi hadde ein fantastisk tur på Havreheia i Dale i dag! Ruta via Dingemoen (gamle demma) til Torset, Grøneholten, Høgefjellet og aust til toppen. I eit utruleg flott ver. Utan ei sky. Og vindstille. På denne turen var vi - Olaug, Sissel og underteikna.
Bilda fortel sitt. Havreiheia og Høgefjellet har veldig flott utsikt. Ut Dalsfjorden. Og til alle dei nydelege fjella på nordsida av fjorden. Heilt frå Dokka i vest til Storehesten i aust (sjå bildeserie og video).
Merkinga og skiltinga av stiane i Dale må og nemnast. Veldig bra. Stor applaus! I dag var ruta tørr og fin heile vegen.
Vi hadde oss ein kjekk matpause på toppen. Med panorama utsikt til Blegja, Storehesten og Bygstad. Heilt nydeleg. Takk for turen!
| På Smørskornova - Connie, Olaug, Velaug og underteikna |
| Fanafjellet - Olaug, Velaug og Connie |
Vi hadde oss litt av ein ekspedisjon i Rivedal og Holmedalsfjella i går ettermiddag og kveld. Vi var Olaug, Connie, Velaug og underteikna. Ikkje mindre enn 4 postar stod på programmet. Liset/Nedgardstølen og Tingstusteinen i henholdsvis Rivedal og Holmedal som TiTur postar. Og Smørskornova og Fanafjellet som fjelltrimpostar. Ja, det vart litt av ein tur i den nydelege kvelden.
Vi starta i Rivedal. Eller det vil seie Velaug og eg sette først ein bil ved vassverket i Holmedal. Og plukka så opp Connie og Olaug i Holmedal. Vi gjekk opp kraftvegen og nord til Liset/Nedgardstølen. Ei relativt lett økt for å kome i gang. Sjekka så ut på ut.no før turen gjekk vestover myra. I søraust-enden av sjølve Smørskornova er her ei bratt rute/skårar opp som eg nytta før om åra når eg kom denne vegen. Vi beit tennene i hop og kom oss greitt opp etter nokre pust i bakken.... 😅Det er flott utsikt frå Smørskornova. Her bildeserie
Etter namn i fjelltrimboka og ein matbit, gjekk så turen ned på sørsida av fjellet og aust/nordsida av Langevatnet. Så vidare til Siklabergvatna. Fantastisk flott turterreng her den gamle DNT løypa frå Stongfjorden til Nipebu går. Vi hadde oss ei liten pause ved vatna.
Turen vidare gjekk så opp bakkane i vest til Mannskaret. Så vest og opp dei mange høgdedraga til Fanafjellet. Her opnar det seg opp flott ustikt mot Dalsfjorden og Holmedal/Straumsnes. Og på Fanafjellet dukkar heile øyriket ute i havet opp. Fantastisk!
| Fanafjellet - Olaug, Connie og Velaug |
Nok ein matpause måtte til på Fanafjellet. Deretter bar turen ned bakkane til Fagredalen. Vi kryssa elva nord om Hålandstølen, og gjekk aust til Bakkestølen og følgde ruta sørover. Ved Tingstusteinen var det ny sjekk ut post for TiTur Dalsfjorden. ¨
Ja timane hadde floge av garde. Og klokka var allereie blitt 20.45 då siste post var unnagjort. Frå Holmedal vart det så ein ekstra tur til Rivedal for Velaug og underteikna for å hente bilen som stod der. Ei nydeleg og krevjande runde var i boks. Takk for følgjet til damene 😄
Foto Liset/Nedgardstølen, Smørskornova, Fanafjellet, Tingstusteinen 150524