onsdag 18. mai 2016

Flott 17.mai feiring

Bygda pynta til fest

Olina og Håvard 16.mai
Marie 16.mai

Jentene gler seg til dagen



Staseleg og flott Olina
med kniv (uslipt) frå mormor

Marie, Øyvind og Peter

Blide Stongfjorden-fjes skin om kapp med sola

Høg intensitet...på somme...:-)

Ja, her går det unna...

av spreke ungdommar

og heiagjengen er på plass.

Det er ikkje alltid søster og bror er samd i val av skor...

Høg intensitet på hesteskokasting òg

Stolt tante...


Fotballkamp i spissko har høg skadefrekvens har det vist seg,
men i år slapp vi sjukebil...!

Heiagjengen er på plass på fotballkamp



Om litt er rømmegrauten klar...
Fantastisk innsats av damene på kjøkkenet...!



Deler av hornmusikken er på plass+
Frida og Synnøve  (cheese cheese)

Askvoll hornmusikk

 Atle Næss frå Flekke var årets 17.mai talar 
Då var årets 17. mai feiring i Stongfjorden historie.
Her er nokre minner frå dagen. 

Vi hadde ein særs vellukka dag med mykje folk samla i grendahuset. 
Takk til alle som gjorde dagen minneverdig. 
Og ei spesiell takk til oss i nemnda.

søndag 15. mai 2016

Nydeleg 1. Pinsedag

Morgonstemning ved Øyravatnet. Eitrenipa midt i bildet.

Motsett veg ser vi Øyravatnet frå Eitrenipa

Eitrenipa

Mot nordvest frå Nordre Kringla.
Eitrenipa t.h. og Krokavatnet i midten.
Ruta eg gjekk nord att midt i bildet.

Selfie Søndre Kringla

My old town...

Øvre Fossedal litt t.v.

Fossedalsvatnet 


Krokavatnet og mot Florø med zoom



Hellaren ved Krokvasstølen
Krokvasstølen

Krokvasstølen og Nordre og Søndre Kringla


Nydeleg rundtur i dag frå Skorva via Leknesvatna til Eitrenipa, sør til Nordre og Søndre Kringla med nedgang Kringleskaret. Deretter nordatt på austsida av Krokavatnet. Turen tok nesten 6 timar utan pausar. Anna enn fotograferinga. 

Ja, det tek si tid å gå over desse karakteristiske fjella. Eg var nok inne på tanken om å ta returen via Fossedalen til Dalsfjorden, men det blir alltid styr med å hente meg sjølv i Dale, og bilen i Skorva etterpå. Så eg valde returen til Skorva igjen i dag. Olaug, Marie og Øyvind var rett nok på Dokka, men likevel. 

På Eitrenipa er det no fint å gå. Snøen er vekke på den mest utsette plassen der det er luks ut for. Men det ligg ein del snø opp skaret. Eg tok på broddane, men det kunne sikkert ha gått greitt utan. Likevel var det tydleg at her hadde vore minusgrader i natt. Det låg nemleg ny is langs land på Leknesvatna. 

Det ligg ein del snø ned i skaret til Nordre Kringla der ruta Massbu/Nipebu går. Dessutan opp igjen ryggen på både nordre og søndre Kringla. Nedstigninga i skaret til søndre var forresten litt tricky då det i bratta her låg ei djup kløft i snøen, som eg fann ut at eg aldri hadde kome meg opp igjen av om eg datt ned i. Uansett måtte eg over. Så eg tok sjansen på å hoppe. Og nådde over....

Men det var nedstigninga frå Søndre Kringla mot Øvre Fossedalen eg hadde mest i tankane. Den gjekk heilt greitt. Med litt omhu. Eg er likevel glad for at eg ikkje tok denne vegen ned for 14 dagar sidan... 

Elles kunne eg kontstatere at eg var første mann på både Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla i år. Det ligg nemleg trimbok både på førstnemnde og sistnemnde. No med Godt Nyttår i begge...:-)

Fossedalsvatnet frå austsida av Krokavatnet

Turen nord att til Skorva gjekk eg i dag på austsida av Krokavatnet. For første gong. Har gått mange gonger på vestsida. Men det har vore litt diskusjon om ein i gamle dagar brukte vest eller austsida av vatnet. Eller kanskje begge deler. På austsida må ein iallefall halde eit stykke over vatnet heile vegen. Og det gjekk heilt greitt. Like fram til den store hellaren sør om Krokvasstølen. Der eg hamna over hellaren og måtte snu tilbake og ned. Urane rett sør om Krokvasstølen er eit kapittel for seg. Men alt i alt gjekk det veldig greitt å gå denne vegen. Og minst like kjapt som å gå over kloppa i sør på Krokavatnet og vestsida mot nord. Men dette blir vel kanskje mest for spesielt interesserte å nemne...:-) Uansett var det både spanande og givande å sjå alle desse fjella frå ein ny vinkel. Ikkje minst å kome så nær forkastningane på Eitrenipa (sjå foto under). 

Herleg rundtur 1. pinsedag med andre ord. Sjå foto!

Eitrenipa og forkastningane på vestsida




lørdag 14. mai 2016

Morgonluft



 Foto
140516

Frisk luftetur på Toreheia og Yndestadhøgeheia i dag tidleg. Men jammen var det kaldt i nordavinden opp på fjellet. I dei sørvende bakkane mot fjorden var det derimot varmt og fint. 

Ja, det er faktisk lett å lure seg på akkurat det når du går oppover i slikt vèr som i dag. For det kan vere iskaldt når du kjem opp i nordatrekken. Då er det alltid godt å ha med seg ekstra klede. Sjølv på ein fin sommarsdag. På Toreheia tek vèret frå alle slags retningar. Dette er greitt å vere klar over. Frå vedlagde bilder av landskapet kan ein sjå dette godt. 


tirsdag 10. mai 2016

Kvekk kvekk kvekk....

Perle av dimensjonar





 Foto

Fantastisk springetur til Liavika i går kveld. I berre shorts. 
Midt i mai. 
Og havet låg blikkstilt mot solnedgangen. 
Vågen og Liavika i Grimelia er ei perle av dimensjonar!



søndag 8. mai 2016

Herleg førsommardag

Dagens selfie på Moldura
Utløpet av Nyksvatnet, Holmedal

Mot Askvoll frå Dokka

Elva frå Eidsvatnet til Nordeide
Kyllaren

No blømer tulipanane heime...

I dag gjekk eg den flotte runda frå Neset i Stongfjorden på Moldura, vidare sør til Nyksvatnet i Holmedal og opp på Dokka. Returen tok eg over Kalderasnipene i nordvest og ned att til Eidsfjorden. 

Stykket frå Eidsfjorden til Neset og bilen att var i grunn tyngste biten. Spesielt sidan det vart veldig varmt. Og våte fjellsko ikkje var heile optimalt på asfalten! I tillegg hadde eg ei viss tyngde på sekken. M.a. dragsa eg på trugane som eg ikkje fekk bruk for i det heile teke. Ja, det var faktisk så varmt at eg kunne gå i bar overkropp heile vegen. 

Elles fekk eg no snakke med Ansgar Bjarne og Hallvard. Førstnemnde både før og etter turen. I tillegg nokre ord med ein kar frå Holmedal på Dokka. Resten av dagen gjekk med til altanliv med familien. Fantastisk søndag!

Foto
080516