torsdag 9. oktober 2014

Så begynte det å regne......

Ei glipe lys over Florø...
Eg stakk oppom Skylefjellet etter jobb igjen i dag. Fint å kunne gå frå dørstokken heime til fjelltrimposten.... Eg kom meg opp på toppen før det begynte å regne. Sidan eg ikkje hadde tette klede med meg var eg litt bekymra for kameraet. Men det gjekk heil fint. Med drevet i mot ned igjen la eg berre kameraet under Brynja-jakka på ryggen og sprang heim att... Fin trim ! 


onsdag 8. oktober 2014

Ny hovudlykt?



Ny hovudlykt til vinteren? Eg likar Fenix sine hovudlykter. Og kjøpte meg ny HP 30 i fjor etter å ha brukt HP 20 tidlegare. Her ser du HP 30. Video her.

Ver obs på at batteria du brukar til denne lykta er to 18650 batteri (større ein AA batteri, eller 4 CR123A). Dette er batteri som er mindre vanleg brukt i Norge. Eg skaffa meg difor oppladbare batteri av førstnemnde type og ladar saman med lykta frå USA.  Dette er ei knallbra hovudlykt, vèrbestandig og vasstett. 



tirsdag 7. oktober 2014

Med fruen...



Flott kveldstur med Olaug på Skylefjellet i kveld. Det bles friskt og godt. Temperaturen var nok litt lægre enn på Skålefjellet i går. Elles gjekk det radig med fruen i tet...

Good to be back...

Stongfjorden

Hei og ho kor det bles på Skålefjellet i går kveld....
Fantastisk flott kveldstur på Skålefjellet i går kveld.  Nydeleg lys, men du verda kor det bles der oppe. Skikkeleg austavind med kraftige kast. Eg var fram på kanten på nordsida og tok eit par bilder mot Osland, men fann det tryggast å gå der i frå.... 

Stengene eg hadde sett opp stod som pålar alle i hop i den sterke vinden. Fint !

Litt artig var det å skrive seg inn i fjelltrimboka for den nye sesongen. 
Etter eitt års pause blir det nok fleire turar
på Fjelltrimmen 2014/2015...:-) 







søndag 5. oktober 2014

Båt og kano i opplag

Agnar er vèl nøgd med og fått båten i hus for vinteren
Ved Krokavatnet ser vi Eitrenipa og Nordre og Søndre Kringla

Eg tok ein kjapp tur på Nipebu i dag tidleg frå Skjerlia, og hjelpte Agnar med å få inn båten og kanoen i naustet. 

I silande regnvèr, skodde og vind. Ja, det var så kaldt ved Fossedalshengenipa at eg fekk både naglebit og frost i meg. Med vinden rett i mot, gjekk det ilingar gjennom marg og bein. Eg bestemte meg likevel for å stå på til hytta, så eg fekk bytt klede der. Eg var nemleg kledd altfor lett i dette grisevèret. 
Under
Fossedalshengenipa

Vel framme på Nipebu fekk eg skifta til andre klede. Agnar var allereie på plass etter å ha godt frå Dale. Så i saman fekk vi båten og kanoen i vinteropplag.  

No var det ein kar til i hytta i dag. Så eg fekk servert kaffi etter seansen. Men etter ein god drøs, gjekk eg ned att same vegen. Det artige var at det var no eg skulle hatt kleda på meg som eg gjekk opp i. For no stakk sola fram, vinden stilne og det vart verkeleg fint. Ja, ja vèret styrer ingen. Eg kom meg iallefall heim igjen både til middag og fotballkamp. Well done !


Med kano som last....

Ved Grunnevatnet stikk Kvamsnipa fram (post på Fjelltrimmen no)


lørdag 4. oktober 2014

Megavått og kuling



Eg tok meg ein tidleg morgontur på Skylefjellet i dag, før turen går til namnefest i Førde. Etter det kraftige regnet i natt, var det søkkvått alle plassar. Ja, eg kom  meg heller ikkje over elva ved Rinda. Den var livsfarleg å forsere. Så eg måtte gå ned igjen forbi granskogen og opp Selda i staden. Beint nordover igjen frå toppen her, der det ikkje går sti, gjennom einerkavar og søkkvåte myrar, før eg stod ved stien aust om Mangevatna.
 
Ovanifrå heldt det seg opplett, men steik kor det bles. Uvanleg mildt får eg vel seie. Den nye fjelltrimboka var forøvrig ikkje komen på plass...

Eg gjekk ned igjen den vanlege stien til hyttene, og kom meg over elva nedom Litletjørna. Deretter austover nakkane og ned att Selda. Frisk og våt morgontur får eg seie...

torsdag 2. oktober 2014

Haustleg på Toreheia



Flott trimtur på Toreheia i kveld. Relativt mildt, men ganske så frisk vind. Sola går no snart ned rett vest for Staveneset. Stadig lenger og lenger sør. Så slik går no årstidene. Ho vandrar opp og ned langs kyststripa. Frå nord om Kinn høgste sommarsdagen til sør om Lutelandet i desember. Litt artig å følgje vandringa...

Så mykje elles er det vel ikkje å seie i kveld. Det mørkar fort no, men eg kom meg greitt ned igjen før det vart mørkt ved å springe litt. Eg såg verken dyr eller fugl på turen. 

Eg har vore ein del på Toreheia i år sidan eg tok ein pause på fjelltrimmen. For moro skuld talde eg opp turane sidan i fjor haust og kom til 51. Ikkje allverda det akkurat, men i tillegg til dei andre fjella har eg no ikkje site berre i sofaen. Sjølv om eg har følt det slik. 

No startar eg som sagt opp att på fjelltrimmen, så då blir det gjerne ei stund til eg går oppom "min venn" Toreheia igjen. Området er iallefall det flottaste og mest spesielle i heile kommunen... Og Skylefjellet som ligg nett nedom Toreheia er jo post frå helga av...:-)

Litt utstyr...

Eg fekk damemodellen av Lowa Taurus i gtx på tilbod frå England denne veka. Dei sat som eit skot på foten. Eg ville ha ein lett og høg modell i tillegg til Meindl Vakum og La Sportiva Trango EVO light i vinter. Har òg gått til innkjøp av eit par nye BD Alpine trekking poles. Denne modellen har eg brukt i mange år, og er blant dei beste på markedet. Elles har eg denne veka reimpregnert ein god del klede for røffare tider. Så då skulle eg vere bra utstyrt til haust- og vintervandringar. 

Eg ser difor fram til å vere litt meir aktiv på fjellet framover. Noko eg håpar skal vise att på bloggen min òg. 


Fjelltrim 2014/2015

Siste sola på Driveknolten 22/9-08....

Foto Driveknolten 22/9-08


Neste års fjelltrim er på trappene frå helga av. Dei nye toppane vert: Driveknolten 727 moh 30 poeng, Kvamsnipa 651 moh 10 poeng, Fristadfjellet 477 moh 10 poeng, Skålefjellet 767 moh 10 poeng og Skylefjellet 507 moh 10 poeng. 

Desse toppane stod på programmet første gongen eg vann fjelltrimmen for 7 år sidan. Toppar som eg likar godt. Skålefjellet og Skylefjellet er dessutan fjell eg har vore hyppig gjest på i år òg. Er greie i den forstand at eg slepp å køyre for å nå dei.... Driveknolten har eg vore oppom eit par gongar i år òg. 

Kor mykje eg satsar på neste års fjelltrim veit eg ikkje. Men eg har iallefall bestemt meg for å gå. Toppane som var i år likte eg ikkje noko særleg. Av fleire grunnar.... Kraftutbygginga i Skorva t.d. Også mangel på motivasjon etter hardt køyr over fleire år. Dessutan er det vel farleg å stresse ein eldre skrott for mykje òg... :-) Men i år er som sagt lysta på plass igjen... Ein 7 - 8 kilo ekstra siste året er greitt å ha og gå på...:-)

Forresten artig å lese avslutningsturen på Driveknolten 27/9-08. Temmeleg frenetisk og andpusten...:-) Siste heile bildeserien var 22/9-08


mandag 29. september 2014

Flott helg i Bergen

Det vart ingen fjelltur på meg i helga. Derimot hadde vi oss ei sosial og veldig kjekk helg i Bergen på familiebesøk hjå Kirsten (søster til Olaug) og Arnt. I tillegg kom Marie og Torbjørn ein tur til Åsane. Ikea og sportsforretningar vart deretter turmål lørdagen, medan toppturen gjekk til Den Nationale Scene der Hellemyrsfolket vart vist. Stykket var over all forventning. Imponerande. Så får vi sjå kva andre turar som lurer framover. Heilt på latsida har eg ikkje tenkt å liggje....