lørdag 31. mars 2012

The return of King Winter

Foto på Moldura i dag

Av og til svarar det seg å komme seg tidleg av garde. Andre gonger det motsette. I dag hadde eg nemleg flaks. Vel, flaks og flaks -- eg hadde sjekke timevarsla på nettet. Men sola heldt seg iallefall til eg toppa ut Moldura i 8.30 - tida. 

Det var ein fantastisk morgon då eg starta ved fjorden. Heilt tindrande klårt og minus 2 grader. 3 cm tørr nysnø låg heilt i fjæresteinane. Eg parkerte ved Ansgar Bjarne på Stafsnes, og gjekk opp den vanlege ruta. I dag valde eg å gå den inste av dei for å få med meg soloppgangen ved Skålefjellet. Det stemde heilt perfekt oppe ved furua. 

Litt lenger oppe forsvann den låge morgonsola bak fjellet, før den nokre minuttar seinare dukka opp igjen mellom toppen av Skålefjellet og Svarthamrane. Lyngen og trea fekk ein nydeleg raudfarge av dei låge morgonstrålane...



Sola dukka opp igjen rett sør for toppen på Skålefjellet

Sjølv om eg tok litt bilder undervegs oppover, gjekk det fort. Forma er upåklageleg. Litt sig var det rett nok i det halvfrosne myrlendet, men då eg kom meg opp i den gamle snøen, var underlaget fast og fint. Litt isete somme stadar, men ikkje verre enn at det gjekk heilt greitt opp utan noko anna på føtene enn skorna. Trugane bar eg forresten med meg heile turen utan å nytte. 
På toppen var det kald morgontrekk. Ja, såpass kald at eg bestemte meg for å skifte på meg nokre tørre og varme klede. Det gjorde godt, for jammen vart eg fort frostig og valen på nevane. Utsikta var sjølvsagt som den pleier, sjølv om bøane langs fjorden var klårt grønare no enn forrige veke. Men ute i havet trua ein blålilla himmel med vèrskifte. 

Eg følgde så platået nordover, og kryssa den bratte skjeringa mot Fanafjellet i nord. Her låg snøen hard, men eg kom meg akkurat over ved å hamre hælane ned i skaren. Noko kjekt er det neppe å segle fjellsida ned til tjørna som ligg i botnen her... Rett nok stikk det ikkje opp steinar endå.
Så gjekk eg raskt opp på Fanafjellet, Nyken og vidare inn mot Mannsskaret. Det skya gradvis meir og meir til. Og til slutt forsvann sola. Himmelen bak meg, vest over Moldura, såg illevarslande ut. Men eg heldt berre fram. Gjekk rett over Siklabergvatnet, trass i nokre elvemunningar som var gått opp, og vidare opp skaret og til Langevatnet. Her kryssa eg vatnet på veg austover, og så opp på nordsida av Smørskornova. 
Ruta frå Mannsskaret og inn hit er ein del av DNT-ruta frå Stongfjorden til Nipebu. Ein og annan varde og T stakk opp. Det trengs likevel litt måling på ein del av T-ane, sjølv om ein gjerne skal vere litt forsiktig med å overdrive dette... 

Den nordvende hellinga av Smørskornova var litt småskummel. Skaren var knallhard. Til dels isete. Spesielt nedstigninga på nordaustsida. Men det gjekk greitt med broddar på føtene. Ikkje lenge etterpå var eg inne på toppen av Røyrbotnholten.

Utsikt mot Straumsnes frå Røyrbotnholten.
Det har skya til no...

Eg skreiv meg inn i boka som seg hør og bør, knipsa eit par bilder, før eg gjekk bort på austsida for å sjekke forholda for ein retur i nordaust til Svelia. Men her bestemte eg meg for å late vere å prøve meg ned. Stegjerna hadde eg ikkje med meg, og det såg ganske heftig ut ned til vatnet ved elva. Eg gjekk difor tilbake og gjekk ned skaret eg kom opp frå nord sist. Det skulle vise seg å bli ei litt dristig affære. For Svelivatnet var blitt smekk fullt sidan sist. Og all isen på vatnet hadde brotna opp langs land. Etter å ha kome meg ned til vatnet frå skaret, kom eg meg ikkje rundt hammaren som ligg her, og vidare inn i botnen i vest. Gode råd var dyre. Å klatre meterane bort etter loddrette hammaren gav eg meg på. Då hadde eg ramla i vatnet. Å gå opp igjen ville koste både tid og krefter. Eg måtte då ha gått vidare opp igjen over nordsida av Smørskornova, for så å kome ned igjen heilt vest oppe i Svelia. Men til sist bestemte eg meg for å hoppe ut på eit isflak som ikkje låg meir enn meteren frå land og håpe isen heldt. Isen i seg sjølv skulle vere tjukk nok, sjølv om det låg eit snølag opp igjen på som gjorde det vanskeleg å bedømme tjukna. Eg måtte smile litt med meg sjølv då eg landa på "fast" grunn og ikkje gjekk gjennom og i vatnet...  Og etter å ha hoppa ut på eit isflak til, kom eg meg rundt hammaren og på land på hi sida. 

I botnen på vestsida av Svelivatnet.

Eg letta litt på kleda ved vatnet. Ja, til og med vèret vart lettare òg no. Det kom berre nokre få snøfiller høgare oppe på fjellet. Så gjekk turen vidare til nordenden av vatnet, og ned igjen på Botnastølen. Snøen i skaret her var forresten ganske så iste den òg, men det gjekk heilt greitt med broddar. 

Etter å ha snakka med fruen som var på veg til Førde, kom Håvard og henta meg ved fylkesvegen. Ein rask spasertur langs den gruslagde vegen frå Oslandsbotnen til hovudvegen gjorde egentleg ganske godt. For våren var jo komen eit godt stykke lenger her nede enn lenger oppe. Ja, kanskje er det vèl så koselig det som is og snø. For det er noko med at kvar årstid har sin sjarm.

Vårkjensle på Osland

Deretter bar det tilbake til Stafsnes etter bilen, og så var denne turen til endes... 
Det teiknar godt til påske dette... La det halde fram med bra vèr...:-)

Fra Moldura_Røyrbotnholten 310312

På Moldura i dag tidleg

tirsdag 27. mars 2012

Vårsong

Foto frå kaia på Yndestad

Trass i dis og skodde ned i fjella var det ein flott vårkveld i Stongfjorden i kveld. Damstilt på fjorden og til havs. Opplett og mange varmegrader. Eg hadde meg difor ein flott joggetur den vanlege ruta. Både sysvorta og raudstrupa hadde funne fram sine melodiøse og melankolske vårstrofer. Ingenting er som å få oppleve fuglesongen igjen om våren. Nok ein gong. Heldige er vi som får det. Utan å bli altfor klisjèaktig. 

Snart er det påskeferie. Eg har fri heile påska. Det skal bli godt å sleppe pendlinga nokre dagar. Og så har eg litt fleire dagar å gå på hvis det skikkelege påskevèret skulle dukke opp. Planar har eg ikkje lagt. Tek dagane som dei kjem. Å reise på vekk er ikkje noko alternativ. Eg har alt eg treng av fjell og fjord her eg bur....:-)

søndag 25. mars 2012

Herlige Moldura

I slukta mellom dei to toppane på Moldura er det utsikt til Askrova og Stavenesodden

Eg såg at vèrmeldingane var gode når dei lei på dag i dag. Så eg tok livet med ro, og støvsuga like godt bilen, og vaska den innvendig og utvendig. Sleipt vegsalt låg rundt dører og skjermar. Fysj for ei vare. Og vanskeleg å få vekk. Men no skin bilen i skyblue. Fargevalet var ikkje heilt tilfeldig...:-)

Meldingane stemde heilt dei. Skodda i fjellet letta, og lysta på å komme seg opp igjen i høgda og få brynt seg litt stakk i sinnet. Eg lèt difor middag vere middag. Tok meg ei skive med brunost, pakka litt i minste sekken og drog avgarde frå Stafsnes med Moldura som mål. Igjen. Etter gamalt. 

Og du verda for ein flott tur det vart. Blikkstille og solsteik i bakkane. Spesielt oppe på fjellet. Snøen var blòtna opp akkurat såpass at han var perfekt å gå på. Der det låg snø då. For jammen var det forsvunne mykje sidan eg sist var oppe. Ganske så fort kunne eg gå i berre ei trøye og utan noko på hovudet. Ja, i dei vindstille og snøfylte partia var det utrulig varmt. Sveitten sila med sola midt i mot. Fantastisk. 

Eg nådde opp som ingen ting. I eitt renn. Tok meg ein tur bort på den vestlege varden og knipsa litt bilder, før eg småsprang heile vegen ned igjen. Skikkeleg kjekt. Ja, eg hadde nesten gløymt kor artig det er å springe ned igjen frå Moldura. For medan eg gjekk opp utom elva, sprang eg den inste vegen ned igjen. Den er lett og god å springe. 

Men så, så var det middag...:-)

Fra Moldura 250312

lørdag 24. mars 2012

Nydeleg vårdag i fjellet

Foto frå Nordre Kringla.
 Eitrenipa i bakgrunnen.
Ruta på sørsida går langs det snøfylte skaret

Eg var tidleg av garde denne flotte lørdagen. Som vanleg vil eg nesten seie. For det er kjekkast å kome seg i sving om morgonen. Eg trivst best med det. Så i 07-tida var eg avgarde til Skjerlia med Eitrenipa som mål. 
Det var ein perfekt morgon. Det melde godvèret var på plass. 1 lita plussgrad, frosa bilrute og blikk stilt. Eg stoppa oppe ved tunnellen, og tok eit bilde av Stongsvatnet der fjella spegla seg i vatnet. Ei spettmeis skjennte litt etter å ha fått forstyrra morgonidyllen. 

Eg parkerte som vanleg ved skiltet til Nipebu i Skjerlia. Plukka den mellomste sekken min ut av bilen. Den var pakka med ekstra klede, broddar, stegjern, trugar og mat/drikke. Eg visste ikkje kor lenge eg vart vekke... 

Markavatnet var frose. Det regulerte vatnet var stappfullt. Ja, det rann over litt på demningen. Den var glatt etter frosten i løpet av natta. Eg måtte gå heilt rundt på den merka løypa som går til Nipebu. Over brua i aust og vidare opp forbi grinda. Rett ovanfor fortset stien til Nipebu over brua, medan stien til Eitrenipa tek opp på næraste side av elva. 
Som vanleg gjekk det litt tregt før eg kom skikkeleg i gong. Men det losna fort, og eg kom meg radig opp til Eitrefossen. Som vanleg hadde ein tappa ned Bjørnastigvatnet i løpet av vinteren. Dette fører til at fossen går svært stor i den kalde årstida, og omgjevnadane rundt blir til eit stort isberg. Einaste vegen opp går langs ein wire opp over ein hammar ved sidan av fossen. Her var alt frose endå, og eg kom meg med naud og neppe opp over issvullane til toppen. 

Eitt av dei finaste områda i kommunen er på oppsida av hamrane. Lagunane ligg som perler på ei snor mellom fossen og Leknesvatna. Ei perle av ein idyll... Diverre står dette området no i fare for å bli øydelagt av kraftinteresser. Det vil for evig vere ei stor katastrofe om så skjer. Vi har iallefall gjort det vi kan for at området kan nytast av framtidige generasjonar òg...


Morgon ved lagunane mellom Leknesvatna og Eitrefossen.
Fossedalshengenipa t.v.

Eg fekk første solstrålane for dagen ved lagunane. Det var som landskapet ynskte ein sann alliert velkomen. Ein audmjuk ein. Den perfekte sola i aust spegla strålane i det oransje, snøfrie landskapet. Snøen som låg hist og pist glitra i tusenvis av snøkrystallar. Blegja og Eitrenipa dukka opp. Fantastisk skue. Blikk stille morgon. Utruleg skode etter alt dritvèret i vinter. 
Eg var på førehand litt spent på korleis isen var på vatna. Det er kjappare å gå vatnet enn stien på nordsida og over vadet mellom vatna. Men det var ingen problem med isen. Nokre sprekker langs land fortalde at den var tjukk nok. Og eit knallhardt snølag opp på isen gjorde den heilt trygg.  Sjølv med mykje utskifting av vatn, pga reguleringa lenger aust, følte eg meg sikker på å ikkje gå gjennom. 
I stigninga opp frå vatnet til kanten av Eitrenipa låg det mykje hard snø. Eg hadde teke på meg broddane lenger nede, og dei var gode å ha på vidare oppover. Eg var litt spent på korleis dei bratte skara opp på nordvestsida var. Det viste seg at snøen var likeeins som lenger nede, så eg slapp å bruke stegjerna, men utan broddar hadde eg neppe tòrt å gått opp!
   Ruta på Eitrenipa frå nordvest går opp skara midt i bildet

Det var perfekt på toppen. Stille og knall sol, og jammen var det nesten snøfritt. Utsikta frå Eitrenipa er blant dei flottaste i kommunen. Nydeleg i alle retningar. Blåegga, Blegja og Storehesten i aust. Mot Gaular, Skålefjellet og Laukelandshesten i søraust. Kringla, nord og sør, og Dale, Fossedalsvatnet, Heileberget, Nonsholten og Driveknolten i sør. I vest ligg alle dei kjende fjella på Askvoll-halvøya. Moldura, Vardenova og Fossedalshengenipa er lette å sjå. Langevatnet med Nipebu midt i bildet. Mot nordvest og nord ligg Skjerlia, Svanøy, øyane i Flora-bassenget og Stavfjorden. Vidare Førdefjorden og mot Alfotbreen. Dette berre for å nemne noko av den formidable utsikta. (Sjekk elles videoar). 

Klokka var ikkje meir enn litt over 9. Det var tidleg. Eg hadde ei melding med Agnar. Han meinte eg var altfor tidleg ute. Tja, eg hadde no dagen på meg iallefall. Men eg var litt i stuss om ruta vidare. Eg fekk meg ikkje skyss i Fossevikja, så å gå ned igjen i Fossedalen som eg egentleg hadde lyst til, gjekk ikkje. Tanken om å gå på Nipebu slo meg. Men det eg enda opp med var å gå austover og sør mot Nordre Kringla. Det var altfor fristande til å la den ryggen ligge...

Nordryggen på nordre Kringla låg innbydande mitt i åsynet...
Det var litt tricky å kome seg ned hamrane og ned i slukta til oppstigninga. Snøen var knallhard, og det halla bratt utfor på vestsida (rett bakom første hammaren på bildet ovanfor). Eg måtte vere forsiktig. I dette skaret går den merka DNT-ruta til Massbu frå Nipebu aust/vest. Eg derimot berre kryssa slukta nord/sør, og heldt fram opp ryggen som vist ovanfor. Det gjekk heilt greitt til topps. Utsikta her i frå er omlag som frå Eitrenipa. Berre at du har endå betre utsikt til Dale, og kjempeflott utsikt til sørsida av Eitrenipa. Eg tok nokre bilder her oppe òg, pluss ein liten snutt igjen, før eg snudde ned att same vegen til skaret. Her heldt eg så vidare fram vestover. Ned skaret til Botnatjerna og mot Krokavatnet. Her var snøen blòtna såpass opp i solsteiken at trugane måtte fram.

Sidan Leknesvatna var trygge, var eg optimistisk med hensyn til at Krokavatnet var det same. Ovanfor hadde eg sett at snøen låg over heile vatnet. Vèl nede langs land såg eg at isen var tjukk nok. Snøen opp på var dessutan knallhard. Ingen problem. Eg bestemte meg då for å gå nord igjen heile vatnet til Krokvasstølen. 
Eitrenipa, nordre og søndre Kringla frå Krokavatnet.
Den overhengande hammaren ved vatnet t.v.

Eg merka at eg var begynt å bli svolten og tørst. Eg hadde berre drukka litt oppe ved Botnatjerna. Det einaste heile dagen. Så eg bestemte meg for å ta ein pause ved Krokvasstølen før eg returnerte Skjerlia. Det passa heilt utmerka. Bakkane låg tørre og fine, og eg fann meg ein god solvegg på stølen. Eg åt meg nokre skiver og fekk i meg litt saft. Perfekt utsikt til Fossedalshengipa og ruta mot Nipebu. Fantastisk. Varmt og fint!

Ein flott solvegg og gode skiver på Krokvasstølen...

Etter ei stund i solveggen der, tusla eg meg vidare nedover den vanlege, merka stien til Skjerlia. Tok meg ein snur bortom det flotte Grunnevatnet der furene spegla seg i det blikkstille og isfrie vatnet. Nydeleg. Deretter siste biten ned igjen til Markavatnet og til bilen. 
Ein utruleg flott tur var over. Perfekt oppladning til påske. No er det berre å krysse fingrane for at vi får same vèret... Eg har iallefall fri påskedagane og litt å gå på...:-)

Skaret frå Botnatjerna mot Massbu.
Ruta opp på nordre Kringla t.h.




torsdag 22. mars 2012

Dokka i Holmedal


Eg har laga ein liten Toutube-test over noko biletmateriale eg har liggjande frå Dokka.
Ved høve vil eg leggje meir arbeid i dette.

onsdag 21. mars 2012

Tre bilder tre datoar

 Foto frå Moldura 11.11.11
 
Foto frå Blegja 10.10.10 klokka 10

Foto frå Dokka 09.09.09

På joggeturen til Vågane i ettermiddag kom eg på dei tre bilda ovanfor. Og at eg skulle legge dei ut igjen. Synest både datoane og bilda er litt spesielle. Det første er av Atløy og Alden. Det andre viser Storehesten. Det tredje viser Holmedal frå Dokka.

Sidan datoane på bilda er som dei er, vart eg funderande på 12.12.12. Sjølvsagt må eg ha eit skapleg bilda denne datoen òg. 

Elles har eg tek asfaltlivet litt roleg nokre dagar. Hadde ein tendens til noko rusk i eine kneet på fredag. Og då bør ein som kjent vere litt forsiktig. Men i dag kjenner eg ingenting. Så eg trur rett og slett eg fraus litt for lenge på føtene den dagen. For i tillegg til å ha vore på jobb, reiste eg til Dale etterpå, og var ikkje heime igjen før i 21-tida om kvelden. Det verste som finst er klamme sokkar og småfrysing på føtene over lengre tid. Då veit eg det er lett å dra på seg både det eine og det andre... 

Springturen gjekk elles heilt fint. Forma er god. Noko yr var det i lufta, men nesten stilt og 8 grader varmt. Absolutt vår.

Til helga har eg eit ynskje om å komme meg på Eitrenipa etter gamalt. Det er eitt av favorittfjella mine. No får vi tru meterologane held kva dei lovar...

Kan nokon samle opp vatnet...

Det fossar om baugen og hei kor det går 2...

No fløymer det over vatn på demningane i Stongfjordvassdraget og Skorva. Det har pågått i vekesvis. Rett i havet. Det må no kunne gå an å få større dimmensjonar på turbinane for å få nytta dette vatnet? Eller magasinert det på noko vis? På meg virkar det iallefall meiningslaust å sprengje seg inn i sårbar kystnatur med veier, kraftleidningar o.a. for nye industriområde med vindturbinar når allereie utbygde vassdrag fløymer over? Ja, slik gjer det nok mange plassar no. Og meir nedbør skal det visst bli i framtida òg... Iallefall kunne ein no ha spart seg eit vindkraftanlegg eller ein turbin eller to - det er no noko det òg...  

Så spørst det korleis det går med prisen på krafta etter alt dette regnet - det er vel ikkje heilt gunstig for vindkraftbransjen at prisane ligg så lågt...:-)

søndag 18. mars 2012

Det fossar om baugen og hei kor det går...

Neset og Skålefjellet i kveld

Det vart eit utrulig skiftande vèr i dag. Og i staden for joggetur, sprang eg på Høgeheia på Stavenesodden då det såg bra ut igjen. Diverre fekk eg på meg den nordabyga på toppen med tjukt snødrèv og kuling. Noko fint foto av ettermiddagssola og havet vart det difor ikkje. Det var i grunnen berre greitt å komme seg der i frå. Sjølvsagt klårna det opp igjen då eg nådde ned igjen til bilen, men eg fann ut det var for gale å springe opp igjen ein gong til...:-)

Fra Høgeheia 180312

Morgonsol

Morgonstund har gull i munn

Forsyne meg dukka ikkje morgonsola opp heime nett etter klokka 7.30 i dag. Eg trudde nesten ikkje kva eg såg. For første gong i år. Til vanleg er eg reist på jobb på denne tid. Men i dag, ein søndagsmorgon, var sola komen såpass høgt på himmelen at ho dukka opp medan eg var heime på morgonkvisten. Nydeleg!

Nydeleg er det derimot ikkje at Peter endå er såpass sjuk at han treng tilsyn. Halsbetennelse og pencellin... Men sidan eg ikkje kavar meg opp med fjelltrimmen lenger denne sesongen, fekk Olaug frie tøylar til å gå med Anne til fjells. Eg tek heller livet med ro og kosar meg med Bergens Tidende frå i går... Ja, så kanskje det blir ein joggetur i sia...:-)) Søndagen er vel meint til å vere kviledag, ikkje sant...? Og fjella står no der til neste gong lysta sprengjer på...


lørdag 17. mars 2012

Nydelege Skålefjellet

Flott på Skålefjellet i dag

Eg vart reint inspirert av turtipset i Firda i dag...;-) Så eg tok like godt utfordringa og gjekk på Skålefjellet. Og det var som om han fader sjølv hadde lese avisa òg, for jammen varta han ikkje opp med nokre soltimar på føremiddagen. Akkurat nok for min del til denne turen. 

Eg traff Arild i Gjerda då eg skulle opp. Vi slo av ein liten prat. Eg kom då på at eg jammen skulle dedikere ein videosnutt frå toppen til han. Som ei takk for fleire års godt arbeid for Stongfjorden på Origo, og anna. 

Eg gjekk så opp Gjerdedalen. Det var ganske vått i marka. Røter og fjorårslauv gjorde det ganske glatte. Noko eg fekk merke ned igjen, då eg igjen hamna på ræv. Men eg gjekk faktisk nesten heilt opp til Alteret før det låg snø. Eg vurderte deretter å gå opp med første elva, men den bratte bakken opp, og hamrane ovanfor, var såpass fylte med hard skare at eg valde og halde fram til ovanfor andre elva. Deretter opp skaret og austover her i staden. (Som turtipset i avisa.) Likevel tok eg på meg trugane, og gjorde meg nytte av jerna under for å kome meg litt raskare oppover. 

Det vart fantastisk flott frå Skålefjellsvatnet og opp på toppen. Svarthamrane låg bada i sol. Moldura dukka opp drivande kvit med sol og nokre flyktige skoddeflak. Mjåset, og Stavenesodden skein i glitrande vårlys. Havet og Stongfjorden knall blått. Her oppe låg dei sørvestvende hellingane bada i reine påskesola med hard, glinsande nysnø. Kjempeflott lys og nesten ikkje eit vindpust i lufta. Og like fint var det på toppen. Rett nok kom og forsvann sola litt, men kaldt var det slett ikkje. Jøss, dette gjorde godt. Rein luksus. Pur glede over å vere i stand til å få oppleve og sanse slike flotte synsinntrykk....

Eg kunne godt tenkt meg å gått over Nipane ned igjen til Osland. Men diverre var Peter sjuk heime med halsbetennelse, og sidan Olaug ville på Ytrevågefjellet i lag med nokre andre jenter, tok eg same vegen ned igjen.

Det gjekk heilt greitt ned igjen, sjølv om eg son sagt hamna bakpå eit par gonger. For andre som har tenkt seg opp i snøen, så er denne relativt hard frå 5-600 moh. Blir det i tillegg fint og kaldt om nettene framover, er broddar greitt å ha med i sekken. 

Kjempetur...! 

Fra Skålefjellet 170312_1