fredag 11. november 2011

Idyllisk på Moldura igjen...


Foto frå Moldura i kveld

Magisk trimtur på Moldura igjen i kveld. Måneskin, lite vind og god temperatur. Kjempeflott! Bilda fortel vel sitt... Skal sjå om eg ikkje kan forfatte noko lengre blogginnlegg i løpet av helga. 

God helg iallefall!

Fra Moldura 111111
Det største lyset t.v på Straumsneset er hytta til Agnar...!

onsdag 9. november 2011

Månelyst

Austover og vestover frå Ytrevågefjellet i kveld

Super måneskinstur på Ytrevågefjellet i kveld. Litt skoddeflak gjorde fjella og landskapet trolsk i skinet frå månen. Røyndomen lèt seg ikkje alltid like lett formidle med bilder, men ovanfor er iallefall to eksemplar. Bilda er tekne med sein lukktid noko som gjer at dei ser lysare ut enn det var. 

Artig oppleving å høyre rypa flyge opp kaklande i mørket rett ved sidan av meg. Kvapp litt av den, men flein godt med meg sjølv etterpå...


tirsdag 8. november 2011

Parfaitement

... eg hadde visst fransk på skulen ein gong i tida...:-)

Florø og øyane frå Moldura i kveld. Toreheia t.h.


 Holmedal og Straumsnes

Som måneskinnstur kunne det nesten ikkje blitt flottare på Moldura enn i kveld. Då måtte det i tilfelle vore gnistrande snøforhold og fullmåne. Ja, det var faktisk bra sikt på toppen sjølv utan lykt. Her bada ein stor måne landskapet i reinaste sølv. Kjempeutsikt i alle himmelretningar og bygdelag. Tindrande klårt. 

No var eg ikkje like heldig med bilda eg tok. Det visste eg vel på førehand. For med lukketid på eit minutt skal det ikkje rare vindpustet til før bildet er øydelagt. Spesielt når du har kameraet ståande på ein stein. Vel, vel eit par av bilda vart no bra og spesielle då...:-)

Så mykje å seie om turen elles er det vel ikkje. Den gjekk heilt etter oppskrifta mi for mørkevandringa framover. Herlig...!

Tek med eit bilde frå Stongfjorden òg. Det er teke då eg kom heim frå arbeid.

søndag 6. november 2011

Novemberdag for minneboka

Novembermorgon ved Svelivatnet

Det var fornuftig å sjekke vèrvarselet på nettet i dag tidleg. Det regna nemleg då eg stakk nasa ut om døra på morgonen. Eg utsette difor turen to timar. Noko som viste seg å vere heilt rett. For litt seinare glitra til og med sola på fjelltoppane. Radarvarsel og timevarsel for vèret er eit effektiv hjelpemiddel når du planlegg tur. Å gå i fjellet i øs pøs er greitt nok det, men ofte kan det vere lurt å vente litt...! 

Eg køyrde til Oslandsbotnen og gjekk opp til Botnastølsvatnet. Så opp skaret til Svelivatnet. Her tok eg austsida av vatnet. Nokon spesiell god sti er det ikkje på denne sida av vatnet. Eg hamna difor på hovudet ned i nokre våte einerkavar som rakk meg til under armane. I lufta på fallet var eg litt usikker på landinga.... 

Det gjekk litt betre frå ca halve vatnet og vidare inn i enden. Her er det greitt å vite kvar ein skal ta opp. Både hamrar og våte sva er ikkje heilt ufarlege. Det er dessutan berre opp venstre sida av elva det går an å komme seg opp på Røyrbotnholten her frå nordaustsida.

Når Svelivatnet er nedtappa går det dessutan an å gå på Røyrbotnholten ved å gå vestsida av vatnet og inn i sørvest-enden, og over elva frå Langevatnet (sjå bilde under). Her kan du ta opp ei skår i hamrane. Men denne kjem du ikkje til når vatnet er meir enn omlag halvfullt...

Utsikt til Svedalen.
I bakgrunnen ligg Svarthamrane, Skålefjellet og Nipane. Elva frå Langevatnet t.v.

På toppen av elva, rett vest om Vardenova, ligg Nyksvatnet. Eit halvstort, rundt vatn. Her heldt eg nordsida bort under Røyrbotnholten. Det går nokre skårar opp til toppen frå nordaust sida her der det er mogeleg å komme seg opp. Eg brukte denne ruta ein del for 7 år sidan då toppen var på programmet sist.

No låg det ein heil del skodde på sørsida mot Rivedal i dag, men nord- og austover var det flott utsikt. Nydeleg ned igjen til Svelivatna. Ein ser dessutan såvidt bort i Flokeneset og ein bit av Førdefjorden.

Turen bar så vidare vestover. Her kjem ein inn på den DNT merka ruta frå Stongfjorden til Nipebu. Opp nordaustsida av Smørskornova og nord om Langevatnet. Det var spegelblankt på vatnet. Sola gylte landskapen i puraste gullfargar. Ikkje ein einaste lyd og ikkje eit einaste menneske. Ved breidda av Langevatnet vart eg ståande å sjå så lenge at eg vart i stuss om kva som var opp og ned her i verda... Heilt magisk!

Eg kan ikkje hugse at eg har gått her opp i november på denne måten før. Sol, god temperatur og heilt blikkstilt. Nærast ein dag for historiebøkene. Faktum er at eg gjekk kun i ei Devold-trøye i heile dag. Utan å ha på meg noko anna på overkroppen. Og på hovudet hadde eg ingenting! I fleire timar... Ja, det var nesten uverkeleg. 

Langevatnet og Hekkelfjellet i Holmedal i dag

Langevatnet i motlys

Eg passerte så Siklabergvatnet. Her gjekk det faktisk ikkje an å gå over vadet på grunn av den høge vasstanden, så eg måtte gå rundt på sørsida. Det er no ikkje lange biten. Men det er sjeldan at vatnet står så høgt som i dag. Det same kan eg seie om Svelivatnet og Botnastølsvatnet. Dei er regulerte, men var likevel smekk fulle. Så mykje flottare slik enn når dei er nedtappa! Klare for vinteren. Vinteren som vi ikkje ser snurten til endå iallefall.... 

DNT-løypa til Stongfjorden held fram ned Mannskaret. Eg gjekk ut av denne på toppen her. Eg hadde Moldura som mål, og gjekk vidare vestover og opp på Fanafjellet. Så ned i øverste delen av Fagredalen. Her traff eg Kjerstin H.  Vi slo av ein liten prat i lag. 

Vèret var framleis flott, men det låg noko meir skoddeflak her oppe på toppen av Moldura. Sørover til Holmedal og Dalsfjorden likeeins. Eg gjekk fram på kanten på sørsida for å ta eit par bilder.

 Holmedal og Straumsnes frå Moldura i dag

På toppen bestemte eg meg for å ta med meg andre omgang av cupfinalen. Det passa seg slik. Måla mine var nådde. No var det andre mål som galdt. Så då sprang eg like godt gjennom myrane og bakkane ned igjen til Stafsnes og fjorden. Ei frisk avslutning på turen med andre ord. Olaug henta meg gentleman-aktig her. 

For ein fantastisk dag i fjellet. Den går rett inn i minneboka... 

lørdag 5. november 2011

It`s raining cats and dogs...

MMS Ytrevågefjellet i ettermiddag

Vèret hadde vore bruktbart nokre timar, så eg vart rastlaus ut på ettermiddagen. Eg stakk difor på Ytrevågefjellet i dag òg. Lettkledd. Andre turen og andre fjellet for dagen. Men eg hadde knapt sett meg i bilen opp til Osland, før det ausa ned. Igjen! Heldigvis var vinden blitt ganske spak. Så sjølv om eg vart våt til skinnet, og skorna likeeins, vart det ein flott trimtur. Litt væte og søle preller av som på gåsa berre motivasjonen er der....:-)

Tilbake til normalen

Utsikt frå under toppen av Moldura nett før det blir mørkt 2/11.
Vardenova i midten.

Eg kunne i grunn ha tenkt meg og gjort noko meir ut av turen i dag enn å gå på Moldura. Det ligg jo fine toppar lenger aust òg... Men vèret vart så ulikkeleg der oppe i dag tidleg at eg berre sprang heile vegen ned igjen. Gjennom våte myrane så søla skvatt. For det var både regn, skodde og vind der oppe, og noko særleg betre vart det lenger austover. Så å bruke timar under slike forhold baud meg rett og slett imot...:-)

No vart sjølvsagt vèret betre då eg nesten var heime igjen. Og når eg no sit og skriv, ser det faktisk ganske brukbart ut. Men korleis det er her nede ved fjorden, er ikkje alltid representativt for korleis det er der oppe. Vèret ser iallefall mykje betre ut for morgondagen. Og det er no noko berre det... 

Elles er det sikkert Ansgar Bjarne som har mala raudmaling på nokre av dei viktigaste vardane oppover mot toppen. Kjempebra jobba! Gode å sjå. Refleksstengene eg har sett opp plukkar eg ned i løpet av vinteren. Det er berre ei midlertidig greie for å gå i mørket, og under snøforhold.

Bak varden kl 9.27 i dag... 
...ikkje rare utsikta. Vind og regn yler rundt øyra....

fredag 4. november 2011

Som varme sommarkvelden

 Foto frå Moldura onsdag

Det var nesten varmt på Ytrevågefjellet i stad. Den bèksvarte kvelden minte meg rett og slett om ein sommarkveld i syden. Vinden var frisk og lun. Og eg kunne like godt ha sprunge opp i shortsen. Goretex buksa stod på vid vegg i sidene og jakka bar eg rundt livet. Når eg så kom ned igjen viste temperaturmålaren i bilen 15 grader. Fantastisk! 

No skrytte eg vel av hovudlykta i går, men eg blir berre meir og meir imponert. Med det nest minste stillet ser eg godt og langt, og endå har eg to stiller å gå på. Spreiinga av lyset er òg heilt suverent. Moro!

onsdag 2. november 2011

Magisk på Moldura

Fantastisk kveld på Moldura

Eg var ein kjempeflott tur på Moldura etter arbeid i dag. Eg avspasserte ein time, så eg rakk akkurat opp før det vart mørkt. Men jammen måtte eg stå på. For eg ville ha med meg siste lyset på toppen. 2 minutt etter at eg nådde toppen, kom ein skugge opp frå sørsida. Eg trudde først det var ein hjort, men så var det visst eit levande menneske av hokjønn. Det viste seg å vere Vigdis. I halvmørket knipsa eg eit bilde med sjølvutløysaren, før ho sprang ned igjen på sørsida.

Eg sat att ei stund på toppen og naut det siste dagslyset. Venta til det vart heilt mørkt for å teste den nye hovudlykta og nokre refleksband ned igjen. Det fungerte aldeles utmerka. Ingen problem whatsoever.  Lykta er berre fantastisk bra. Dette skal bli moro framover...

tirsdag 1. november 2011

Rufsut

 
Eg var ein kjapp tur på Ytrevågefjellet igjen i kveld, og fekk testa den nye hovudlykta mi. Den virka heilt topp. Men vèret var noko heilt anna. Vind og regn - igjen. Ylande, piskande regn. Heldigvis var temperaturen fantastisk bra. Nesten uvant mildt for årstida. Og noko snø er visst ikkje i sikte med det første. Ikkje det at det plagar meg då. Men akkurat no ser eg fram til nokre flotte og kalde vinterdagar. Regn og vind har vi hatt nok av på ei stund. 

Terrenget er dessutan så søkkande gjennomblautt at det er tungt å ta seg fram no. Spesielt opp nordsida av Stongfjorden mot Moldura er det nesten berre bratte myra opp... og det er tungt.  (Hmm - bratt myr er kanskje eit nytt vestlands-uttrykk!? ) No finst det vel neppe betre treningsform enn å gå i myr då, så ein får sjå positivt på det ein kan... Noko spesielt å nemne frå turen elles er det vel ikkje. 

Morgondagen ser litt betre ut vèrmessig. Då satsar eg på Moldura på kveldstid... Kan bli spanande nok det...

søndag 30. oktober 2011

Skoddevind og regn... igjen...!

 Deler av midtpartiet på ruta til Moldura frå Stafsnes. 
 Stien kjem opp over kanten t.v.
Yndestad (heim) i bakgrunnen.
Foto 25/9-10.

Steik - det var tøffe forhold på Moldura i dag. Tjukk skodde minst halve vegen, piskande regn og kuling frå sør midt i fleisen .... (Eg må ærleg innrømme at sofaen hadde vore meir behageleg. Nokre særlege utfordringar har eg likevel aldri funne der). Men opp skulle eg, sjølv om eg nesten ikkje såg handa føre meg enkelte gonger. Stengene som eg har sett opp var jammen gode å ha.... Men minst like gode var vardane Ansgar Bjarne har sett opp. Steinane som er brukte, og storleiken på dei, er såpass store at dei skin gjennom skodda. Spesielt siktvardane (dei du får mot himmelsjå). I dag hadde eg ikkje funne til topps og ned igjen utan vardane og stengene. Det er eg sikker på.

Eg kledde meg om bak varden på toppen. I tillegg fekk eg vinden og regnet i ryggen ned igjen. Det vart difor noko meir behageleg sjølv om det var grautande tjukt, og eg måtte stoppe opp eit par gonger for å halde retningen. Eg fekk såleis fiksa nokre refleksband på nokre greiner lenger nede på Stongfjord-sida. No skal det vere klart for rangling i mørket òg. Kan bli interessant nok det. Det blir iallefall ei aldri så lita utfordring å gå frå fjorden til 856 moh på svarte kvelden... Iallefall hvis det bles opp med snøkave... Spenning og adrenalinkick i kvardagen!