torsdag 15. mai 2025

Nydelege Gjelsvikefjellet

Dagens selfie på Gjelsvikestølen

Gjelsvikestølen - Blegja i bakgrunnen

Og så har vi Engebøfjellet - foto frå Gjelsvikefjellet

Gjelsvikestølen med Blegja, Synste Stauren, Høgefjellet og Eitrenipa, Ruggevatnet og Keisarlivatnet

Skjerli og Markavatnet

Super solo morgontur til Gjelsvikefjellet (link fotoserie YouTube) igjen idag. Den vanlege ruta via Selvikestølen og Gjelsvikestølen. Fantastisk klårt nordavèr og solskin. Temperatur rundt 10-12 grader. I solveggen nede igjen på Gjelsvikestølen var det lunt og godt (første foto). 

På veg opp nedom stølane fekk eg meg ein god prat med ein ivrig fjelltrimmar som var før ute enn meg. Og hadde allereie toppa ut. Kjekt å treffe folk 😃

Ruta no er heilt tørr og fin. For dei som går stolpejakt er her fleire postar oppover. Dei fleste ligg litt utanom ruta eg gjekk i dag. Elles fortel vel bilda på linken under sitt. Nydeleg tur. 

Foto Gjelsvikefjellet 150525

tirsdag 13. mai 2025

Supert på Jøtelshaugen

Sissel, Olaug og underteikna på Jøtelshaugen i ettermiddag.
Heileberget og Fløyen i bakgrunnen. 
Bakerst til høgre ser vi m.a. Portafjellet i Stongfjorden og Fossedalshengenipa.

Nydeleg utsikt ut gjennom  Dalsfjorden.
I midten lengst bak ser vi Atløy med Atløynipa og Skredvarden, til høgre for dei ser vi Fristadfjellet og Dokka. Bakkefjellet t.h for Dokka. Heileberget og Fløyen heilt t.h i framkant.

Flott utsikt til Kringla, Laukelansfossen og Laukelandshesten. Ein bit av Blegja t.h.

Heilt nydeleg tur til siste post på TiTur Dalsfjorden 25 på Jøtelshaugen i Dale i ettermiddag. Eg gjekk i lag med Olaug og Sissel. Etter at Olaug var ferdig på jobb. Frå Ringstad køyrde vi i lag til Dale. Og valde å gå opp frå Einehaugane (som vi gjorde i gamle dagar).

Første del av ruta oppover går no på skogsveg eit godt stykke. Resten av ruta mot toppen på veldig godt merka og tilrettelagd sti. Her er lagt ned mykje stein og heller over våte parti. Fantastiske jobb 😃! Men i dag var det heilt tørt i stien heile vegen etter alt det flotte veret i det siste. Og ja, sola skein i dag òg, om enn i litt nordavind på toppen.

Med utsikt til Dale, Dalsfjorden og fjella kring Fossedalen er det ein heilt eineståande tur opp til Jøtelshaugen på 554 moh. Absolutt å anbefale!




lørdag 10. mai 2025

Tøff fjelltrim

Nonsholten i dag

I dag gjekk turen på Heileberget. Og toppane på Fløyen, Nonsholten og Driveknolten m.m. Nonsholten er den lengste posten på årets fjelltrim til AHIL (Askvoll og Holmedal Idrettslag). Det var ein usedvanleg flott vårdag med strålande sol og vindstille. Og for å gjere turen litt ekstra sette vi ein bil i Rivedal, køyrde vidare til Otterstein, og gjekk opp her i frå. Såleis kunne vi gå heile Heileberget på langs. Og for dei som har gått denne ruta, så kan dei vel skrive under på at den er ganske lang (iallefall for pensjonistar 😄). Berre oppstigninga frå Otterstein til Fløyen krev sitt. Gangtid total var ca 5.timar i dag. 

Vi, det var Olaug, Tordis og underteikna. Men undervegs oppover traff vi fleire frå Holmedal som var i same ærend. Så det vart litt småprat ovanfor Bjergastølen og til toppen. Kjekt med blide turfolk ein treff på. Alltid pratsomme i slike flotte omgjevnader som vi har rundt oss. Ikkje minst oppover til Fløyen og Heileberget. Det er fantastisk utsikt inn fjorden og til Fossedalen frå oppstigninga om ein snur seg mot nord og aust. 

Nydeleg utsikt inn Dalsfjorden - Laukelandsfossen i midten

Vi ser ned att til Fossedalen med fleire turgjengarar opp bratta til Fløyen

Dale frå oppstigninga til Fløyen

Ja, vi toppa greitt ut alle. Pusten gjekk jo ganske heftig. Og eit par stopp måtte til undervegs. Vi traff elles ein kjenning som alt hadde vore på posten og skulle ned igjen same vegen til Otterstein (vi gjekk som sagt til Rivedal).  

Tordis og Olaug på Fløyen

Underteikna og Olaug

Frå Fløyen gjekk så turen vidare ut Heileberget til Nonsholten. Den ligg litt på nordsida av fjellet. Med flott utsikt til Fossedalen. Her tok vi så ein fortent matbit og kaffi og sjokolade. Herlig. Praktfull utsikt til Fossedalshengenipa, N&S Kringla, Eitrenipa, Blegja, Storehesten og mange fleire. 

Olaug på Nonsholten. Markahengenipa og Fossedalshengenipa i bakgrunnen

Tordis på Nonsholten -
i bakgrunnen f.v. Eitrenipa, N&S Kringla, Blegja, Storehesten og Laukelandshesten
i midten bak ligg Fossedalen

Fossedalen frå Nonsholten - 
Fossedalsfossen i midten nede - Laukelandsfossen t.h.

Så gjekk turen vidare utover Heileberget mot Driveknolten. Med fantastisk utsikt mot havet, Dalsfjorden, Dokka, Moldura i vest, Portafjellet mot nord. Tørt og fint på berga og i terrenget. Perfekt med låge og lette "fjelljoggesko". Vi klatra så opp bakken og hammaren i aust på Driveknolten. Og sette kursen vidare mot vest. Og ja, her er eit stykke å gå utover - før vi gjekk ned skaret ved Høgknolten og til Hundeheia. 

Utsikt mot Rivedal, Straumsnes og Holmedal ved Høgknolten

Ned skaret

Frå Hundeheia og til demma på kraftverket i Rivedal tok vi den gamle TiTur ruta og fekk med oss to svarte poengstolpar på Stolpejakta. 

Ja, kva slags superlativ skal ein bruke om denne turen? Eg veit ikkje heilt. Men heilt eineståande vakker er den. Med dei utruleg flotte fjella som omkransar Fossedalen. Og sjølvsagt dei fantastiske bygdelaga kring Dalsfjorden. Berre å nyte!

tirsdag 6. mai 2025

TiTur Dalsfjorden, Setekletten Atløy

Nøgde turgjengarar -
Askvoll nede t.h. Heileberget oppe t.v.

Utsikt ned igjen til Gjervika og Askvoll

Ein liten pust i bakken

Eg vart med Velaug og Olaug til Atløyna etter at dei var ferdige på jobb. Passa fint med 15.10 avgangen frå Askvoll. Setekletten på øya er trimpost på TiTur Dalsfjorden i år. Vi gjekk direkte opp bakkane frå Gjervika og trengde såleis ikkje bil. 

Som alltid før om åra er det godt merka stiar på Atløyna. I så måte er her eit blogginnlegg frå arkivet med bilder og videoar. Stort sett var stien i dag tørr heile vegen opp. Og sola skein. Om enn i ein nokså kjøleg nordavind. Vi kom oss greitt opp på ca ein time. Elles er det òg merka sti til Setekletten frå Høyvika. Sjekk på ut sida for dei mange flotte turane her ute. 

Vi gjekk ned igjen same vegen og nådde fint ferja kl 17.30. Veldig grei tur. Neste gong vil eg likevel gje meg betre tid og gå på fleire av dei andre toppane. Atløyna er perfekt såleis😍

Foto Setekletten 060525

søndag 4. mai 2025

TiTur Dalsfjorden Brendåsen, Nedgardsstølen, Ekrenova og Stavsdalen

 

Fellesfoto på Nedgardsstølen 
f.v. Sissel, Velaug, Connie, meg og Olaug

Eg vart med deler av fjellgeitene på ein TiTur ekspedisjon på sørsida av Dalsfjorden i dag (sjå foto). Vi tok ferja klokka 11.30 frå Askvoll til Fure og parkerte ved Fure Mekaniske. Og gjekk så på Brendåsen. Fin og grei tur opp i lett terreng. Men ganske vått i fleire parti. På toppen sat her allereie ein liten familie. Og eit par kjenningar frå ferja kom opp bak oss. 

Foto Brendåsen

Deretter gjekk turen ned att og vi køyrde til Dalsleitet ovanfor Tyssedalen. Vi fann etter litt startplunder så stien til Nedgardsstølen. Stien gjekk for det meste gjennom granskog, vått og myrlendt terreng. Flott utsikt på toppen. Og fine hytter og stølshus.  

Vi ser Heileberget og Blegja i bakgrunnen

Foto frå Nedgardsstølen

Så gjekk turen ned att til hovudvegen. Her tok vi ein liten matpause før vi køyrde til Hauglandssenteret. Her gjekk vi så opp på Ekrenova. Ganske bratt opp gjennom granskog. Nydeleg utsikt til Flekke frå toppen.  

Flekke

Siste post på programmet var å gå frå ungdomshuset i Flekke og inn Stavsdalen til gapahuken. Her kunne vi registrere siste TiTur post på programmet for dagen. 

Stavsdalen med Velaug, Olaug, Connie og Sissel

Takkar damene for ein kjekk og sosial tur. I nydeleg vårver 😎Vi var heime igjen ca kl 18. 

torsdag 1. mai 2025

Mai i bilder

Mai i bilder - ha ein fin 1.mai!

tirsdag 22. april 2025

Sosial pensjonistvandring







Veldig koseleg "pensjonist-tur" i Stongfjorden i dag då den nye trim gruppa i Askvoll tok turen hit. Ei passeleg gruppe turglade møttest ved skulen (sjå foto). Vi køyrde deretter til Yndestad der vi starta turen inn Solsidevegen. Vi møtte her ute Magnar Vie som ekstra lokalkjend. Han kan mykje om den gamle aluminiums-produksjonen og kraftindustrien i bygda. Til fuglekvitter og blant nysprotne varme tresortar, kvitveis og kusymre gjekk vi så i passeleg tempo og god tid for prat inn Solsidevegen. I enden her fekk alle skrive seg i trimboka som ligg ute. 

Etter å ha gått ned til, og kryssa hovudvegen, bestemte vi oss for å gå Industriminneløypa (her er elles to, tre andre alternative ruter). I starten på denne tok vi oss ein matbit med kaffi og anna drikke. Sosialt og kjekt. Med ein stopp på den gamle brua nedanfor demma fortalde Magnar om kraftproduksjonen i bygda (brua vart forøvrig bygt opp igjen for nokre år sidan av SFE). Deretter gjekk vi om Åsen og ned til inntakskammeret for den gamle kraftutbygginga. Her hadde vi ein ny stopp for nye forteljingar og historier. Til slutt gjekk vi så ned alle trappene ved kraftrøyra og til stasjonen i sentrum. 

Sosial, lærerik og kjekk tur i dag dette. Takk til alle for nokre fine timar i lag i stille og opplett vårvèr. 

Slik det var:

Damvaktarbustaden og gamle demma slik den var for ca 100 år sidan. 
Den gamle brua og plankerenna t.v.
Foto Paul Stang ca 1920.

Plankerenna og brua t.v.
Foto Paul Stang ca 1920


   

mandag 14. april 2025

Morgontrimmen

Vågane og Flokeneset i dag tidleg

Dagens selfie

Utsikt mot aust - Gjelsikefjellet og Blegja t.h. i bakkant

Svanøy og Florøbassenget i bakerst

Morgontrimmen gjekk i dag opp igjen i Vågane og til fjelltrimposten på Nerviknipa. Fin tur i delvis morgonsol. Men det var noko vått. Og spesielt oppe i dei bratte hamrane var det glatt etter alt regnet. Så eg brukte vel faktisk meir tid ned igjen enn opp. Greitt gjekk det no med litt varsemd.... Uansett er det ein fordel at det er tørt på berga her oppe. Fint at det er strekt tau på fleire plassar. Godt jobba!

søndag 13. april 2025

Fin TiTur start

Det er tidleg vår i år - 
mange flotte og gamle murar ovanfor Sandvika på ruta frå Askdalen


ds med solid helle i muren

foto mot Stongsvatnet på ruta mellom Stongsåsen og demma -
Osland t.v. Portafjellet i midten i bakgrunnen

Det har vore ein fin start på TiTur Dalsfjorden i helga. 14 dagar tidlegare enn vanleg. Veldig bra. Sidan våren for lengst er komen. Sikket ein månad tidlegare enn "i gamle dagar". Så inn mellom påskeforberedelsar og gebursdag har eg teke postane på Stongsåsen og den Under Blåfjellet i helga-  lag med Olaug. Begge lette postar for både liten og stor. 

No gjenstår 8 postar. Eit par av dei litt lenger. Dei vil vi fordele ut å ta etter som det høver seg. Det er eit flott tiltak med Titur Dalsfjorden. Som varer frå 12.april til 12.oktober. Postane finn med beskrivelsar finn du her på ut.no, og under frå FB sida 

Setekletten på Atløy.
Under Blåfjellet i Askvoll.
Storekletten i Holmedal.
Rivedalskletten i Rivedal.
Stongsåsen i Stongfjorden.
Jøtelshaugen i Dale.
Nedgardsstølen på Straumsnes.
Ekrenova på Haugland.
Stavsdalen i Flekke.
Brendåsen på Fure.

onsdag 9. april 2025

Nydeleg tur til Gjelsvikefjellet

På Gjelsvikefjellet i dag

Utsikt til Blegja og Keisarlivatnet ovanfor Gjelsvikestølen

Utsikt til Førdefjorden og Engebø

Selvikestølen

Nydeleg tur til fjelltrimposten på Gjelsvikefjellet i dag tidleg. Turen gjekk via Fesselia, Selvikestølen, Gjelsvikestølen og opp til toppen på 663 moh. AHIL har fjelltrimpost her denne sesongen. Det var ein flott morgon, delvis skya og lite vind. Ganske tørt heilt vegen no. 

Eg hadde meg ein god pause nede på Gjelsvikestølen igjen. Her er det nydeleg utsikt til Blegja og Eitrenipa, Trollevatnet og Keisarlivatnet. Og sola heta ganske så godt i stølsveggen. Herleg tur! 

Foto Gjelsvikefjellet 090425