| Dagens selfie på Gjelsvikestølen |
| Gjelsvikestølen - Blegja i bakgrunnen |
| Og så har vi Engebøfjellet - foto frå Gjelsvikefjellet |
| Gjelsvikestølen med Blegja, Synste Stauren, Høgefjellet og Eitrenipa, Ruggevatnet og Keisarlivatnet |
| Skjerli og Markavatnet |
| Dagens selfie på Gjelsvikestølen |
| Gjelsvikestølen - Blegja i bakgrunnen |
| Og så har vi Engebøfjellet - foto frå Gjelsvikefjellet |
| Gjelsvikestølen med Blegja, Synste Stauren, Høgefjellet og Eitrenipa, Ruggevatnet og Keisarlivatnet |
| Skjerli og Markavatnet |
| Sissel, Olaug og underteikna på Jøtelshaugen i ettermiddag. Heileberget og Fløyen i bakgrunnen. Bakerst til høgre ser vi m.a. Portafjellet i Stongfjorden og Fossedalshengenipa. |
| Nonsholten i dag |
I dag gjekk turen på Heileberget. Og toppane på Fløyen, Nonsholten og Driveknolten m.m. Nonsholten er den lengste posten på årets fjelltrim til AHIL (Askvoll og Holmedal Idrettslag). Det var ein usedvanleg flott vårdag med strålande sol og vindstille. Og for å gjere turen litt ekstra sette vi ein bil i Rivedal, køyrde vidare til Otterstein, og gjekk opp her i frå. Såleis kunne vi gå heile Heileberget på langs. Og for dei som har gått denne ruta, så kan dei vel skrive under på at den er ganske lang (iallefall for pensjonistar 😄). Berre oppstigninga frå Otterstein til Fløyen krev sitt. Gangtid total var ca 5.timar i dag.
Vi, det var Olaug, Tordis og underteikna. Men undervegs oppover traff vi fleire frå Holmedal som var i same ærend. Så det vart litt småprat ovanfor Bjergastølen og til toppen. Kjekt med blide turfolk ein treff på. Alltid pratsomme i slike flotte omgjevnader som vi har rundt oss. Ikkje minst oppover til Fløyen og Heileberget. Det er fantastisk utsikt inn fjorden og til Fossedalen frå oppstigninga om ein snur seg mot nord og aust.
| Nydeleg utsikt inn Dalsfjorden - Laukelandsfossen i midten |
| Vi ser ned att til Fossedalen med fleire turgjengarar opp bratta til Fløyen |
| Dale frå oppstigninga til Fløyen |
| Tordis og Olaug på Fløyen |
| Underteikna og Olaug |
Frå Fløyen gjekk så turen vidare ut Heileberget til Nonsholten. Den ligg litt på nordsida av fjellet. Med flott utsikt til Fossedalen. Her tok vi så ein fortent matbit og kaffi og sjokolade. Herlig. Praktfull utsikt til Fossedalshengenipa, N&S Kringla, Eitrenipa, Blegja, Storehesten og mange fleire.
| Olaug på Nonsholten. Markahengenipa og Fossedalshengenipa i bakgrunnen |
| Tordis på Nonsholten - i bakgrunnen f.v. Eitrenipa, N&S Kringla, Blegja, Storehesten og Laukelandshesten i midten bak ligg Fossedalen |
| Fossedalen frå Nonsholten - Fossedalsfossen i midten nede - Laukelandsfossen t.h. |
| Utsikt mot Rivedal, Straumsnes og Holmedal ved Høgknolten |
| Ned skaret Frå Hundeheia og til demma på kraftverket i Rivedal tok vi den gamle TiTur ruta og fekk med oss to svarte poengstolpar på Stolpejakta. Ja, kva slags superlativ skal ein bruke om denne turen? Eg veit ikkje heilt. Men heilt eineståande vakker er den. Med dei utruleg flotte fjella som omkransar Fossedalen. Og sjølvsagt dei fantastiske bygdelaga kring Dalsfjorden. Berre å nyte! |
| Nøgde turgjengarar - Askvoll nede t.h. Heileberget oppe t.v. |
| Utsikt ned igjen til Gjervika og Askvoll |
| Ein liten pust i bakken |
Eg vart med Velaug og Olaug til Atløyna etter at dei var ferdige på jobb. Passa fint med 15.10 avgangen frå Askvoll. Setekletten på øya er trimpost på TiTur Dalsfjorden i år. Vi gjekk direkte opp bakkane frå Gjervika og trengde såleis ikkje bil.
Som alltid før om åra er det godt merka stiar på Atløyna. I så måte er her eit blogginnlegg frå arkivet med bilder og videoar. Stort sett var stien i dag tørr heile vegen opp. Og sola skein. Om enn i ein nokså kjøleg nordavind. Vi kom oss greitt opp på ca ein time. Elles er det òg merka sti til Setekletten frå Høyvika. Sjekk på ut sida for dei mange flotte turane her ute.
Vi gjekk ned igjen same vegen og nådde fint ferja kl 17.30. Veldig grei tur. Neste gong vil eg likevel gje meg betre tid og gå på fleire av dei andre toppane. Atløyna er perfekt såleis😍
| Fellesfoto på Nedgardsstølen f.v. Sissel, Velaug, Connie, meg og Olaug |
Eg vart med deler av fjellgeitene på ein TiTur ekspedisjon på sørsida av Dalsfjorden i dag (sjå foto). Vi tok ferja klokka 11.30 frå Askvoll til Fure og parkerte ved Fure Mekaniske. Og gjekk så på Brendåsen. Fin og grei tur opp i lett terreng. Men ganske vått i fleire parti. På toppen sat her allereie ein liten familie. Og eit par kjenningar frå ferja kom opp bak oss.
| Foto Brendåsen |
| Vi ser Heileberget og Blegja i bakgrunnen |
| Foto frå Nedgardsstølen |
| Flekke |
Veldig koseleg "pensjonist-tur" i Stongfjorden i dag då den nye trim gruppa i Askvoll tok turen hit. Ei passeleg gruppe turglade møttest ved skulen (sjå foto). Vi køyrde deretter til Yndestad der vi starta turen inn Solsidevegen. Vi møtte her ute Magnar Vie som ekstra lokalkjend. Han kan mykje om den gamle aluminiums-produksjonen og kraftindustrien i bygda. Til fuglekvitter og blant nysprotne varme tresortar, kvitveis og kusymre gjekk vi så i passeleg tempo og god tid for prat inn Solsidevegen. I enden her fekk alle skrive seg i trimboka som ligg ute.
Etter å ha gått ned til, og kryssa hovudvegen, bestemte vi oss for å gå Industriminneløypa (her er elles to, tre andre alternative ruter). I starten på denne tok vi oss ein matbit med kaffi og anna drikke. Sosialt og kjekt. Med ein stopp på den gamle brua nedanfor demma fortalde Magnar om kraftproduksjonen i bygda (brua vart forøvrig bygt opp igjen for nokre år sidan av SFE). Deretter gjekk vi om Åsen og ned til inntakskammeret for den gamle kraftutbygginga. Her hadde vi ein ny stopp for nye forteljingar og historier. Til slutt gjekk vi så ned alle trappene ved kraftrøyra og til stasjonen i sentrum.
Sosial, lærerik og kjekk tur i dag dette. Takk til alle for nokre fine timar i lag i stille og opplett vårvèr.
Slik det var:

Damvaktarbustaden og gamle demma slik den var for ca 100 år sidan.
Den gamle brua og plankerenna t.v.
Foto Paul Stang ca 1920.
Plankerenna og brua t.v.
Foto Paul Stang ca 1920
| Vågane og Flokeneset i dag tidleg |
| Dagens selfie |
| Utsikt mot aust - Gjelsikefjellet og Blegja t.h. i bakkant |
| Svanøy og Florøbassenget i bakerst |
Morgontrimmen gjekk i dag opp igjen i Vågane og til fjelltrimposten på Nerviknipa. Fin tur i delvis morgonsol. Men det var noko vått. Og spesielt oppe i dei bratte hamrane var det glatt etter alt regnet. Så eg brukte vel faktisk meir tid ned igjen enn opp. Greitt gjekk det no med litt varsemd.... Uansett er det ein fordel at det er tørt på berga her oppe. Fint at det er strekt tau på fleire plassar. Godt jobba!
| Det er tidleg vår i år - mange flotte og gamle murar ovanfor Sandvika på ruta frå Askdalen |
| ds med solid helle i muren |
| foto mot Stongsvatnet på ruta mellom Stongsåsen og demma - Osland t.v. Portafjellet i midten i bakgrunnen |
Det har vore ein fin start på TiTur Dalsfjorden i helga. 14 dagar tidlegare enn vanleg. Veldig bra. Sidan våren for lengst er komen. Sikket ein månad tidlegare enn "i gamle dagar". Så inn mellom påskeforberedelsar og gebursdag har eg teke postane på Stongsåsen og den Under Blåfjellet i helga- lag med Olaug. Begge lette postar for både liten og stor.
No gjenstår 8 postar. Eit par av dei litt lenger. Dei vil vi fordele ut å ta etter som det høver seg. Det er eit flott tiltak med Titur Dalsfjorden. Som varer frå 12.april til 12.oktober. Postane finn med beskrivelsar finn du her på ut.no, og under frå FB sida
| På Gjelsvikefjellet i dag |
| Utsikt til Blegja og Keisarlivatnet ovanfor Gjelsvikestølen |
| Utsikt til Førdefjorden og Engebø |
| Selvikestølen |
Nydeleg tur til fjelltrimposten på Gjelsvikefjellet i dag tidleg. Turen gjekk via Fesselia, Selvikestølen, Gjelsvikestølen og opp til toppen på 663 moh. AHIL har fjelltrimpost her denne sesongen. Det var ein flott morgon, delvis skya og lite vind. Ganske tørt heilt vegen no.
Eg hadde meg ein god pause nede på Gjelsvikestølen igjen. Her er det nydeleg utsikt til Blegja og Eitrenipa, Trollevatnet og Keisarlivatnet. Og sola heta ganske så godt i stølsveggen. Herleg tur!