Vått og atter vått.... Men smil til verden og... |
| Grått på Skylefjellet i går |
| Regn på Fristadfjellet i dag |
Vått og atter vått.... Men smil til verden og... |
| Grått på Skylefjellet i går |
| Regn på Fristadfjellet i dag |
| Foto mot Osland |
| Dagens selfie |
| Stongfjorden med Toreheia i bakgrunnen |
Etter ein kjekk konfirmasjonsdag for Nikolai i går, gjekk eg i dag ruta frå Gjerdedalen og Brekka til Skålefjellet. Flott vèr og bra temperatur. Elles ganske tørt oppover. Og omlag snøfritt heilt til topps. Returen gjekk same vegen. Nokre bilder på link under..
| Dagens selfie på Driveknolten |
| Blikkstilt på Dalsfjorden i dag tidleg |
| Mot Fossedalen |
Flott morgontur til fjelltrimposten på Driveknolten på Heileberget i dag. Frå Rivedal. Nydeleg vèr og vindstille. Første turen inn hit i år på joggesko. Men endå litt kaldt (for meg) til å gå i shorts. Vi får håpe at det let seg gjere òg snart. Så mange snøparti er det ikkje innover lenger.
Elles låg bygdelaga langs Dalsfjorden så pent og stille som alltid. Fantastisk!
| Dagens selfie |
| Skorvemarka |
Pensjonistlivet 18.mai. Fin tur på Kvamsnipa i dag tidleg i siste rest av godvèret for denne gong. God temperatur og litt vind på toppen. Endå ligg det nokre store snøfonner på den nordaust-vende sida oppe mot toppen.
I går var eg forresten oppom trimposten på Skylefjellet for ein tidleg 17.mai tur. Bilda frå feiringa held eg privat då eg manglar samtykkje for publisering.
| Utsikt frå Hovden på Hellevik |
| Holmedal frå Straumsnes - Dokka og Moldura i bakgrunnen |
| Usikt frå Kalhagåsen |
I dag tok eg ferja frå Askvoll til Fure og gjekk oppom TiTur-toppane på Hellevik og på Straumsnes. Høvesvis Hovden og Kalhagåsen. Begge ganske lett og greie turar. Fint å ta begge i lag når ein først er på hi sida av Dalsfjorden.
Felles for begge turane er å gå gjennom ein del furu og granskog. Og etter regnet i det siste var det ganske så vått. På Kalhagåsen må ein (diverre) gå eit godt stykke på asfalt og grusveg før ein svingar av skogsvegen og ut på toppen. Her var det bra merka. Men det skulle vore skilta litt betre lenger nede for oss som ikkje er lokale.... Elles var de perfekt sommarvèr i dag. Med nydeleg utsikt til Dalsfjorden og bygdelaga som kransar den vakre fjorden.
| Våte, men blide på TiTur Dalsfjorden i dag... |
| Ganske tjukk skodde på turen i dag |
| ds |
Det vart ein våt og skodderik tur på Rennestraum i dag då Olaug og eg gjekk tur med broder Sigvard og Tone til TiTur Dalsfjorden posten ved Longevatna. Ja, skikkeleg våte myrar. Spesielt mot slutten. Elles gjekk turen på skogsveg omlag til Rennestraumstølen. Vèret derimot la ingen dempar på humøret og praten. Og når det var så godt merka heile vegen så gjorde skodde ingen ting.
Ved posten tok vi oss faktisk tid til både skiver, kaffi og sjokolade. Om det regna aldri så lite. Så alt i alt ein veldig triveleg og sosial tur. Litt skodde-bilder vart det òg.
| Veldig bra jobb som er lagt ned på ruta til Røbua ved Flekkefjorden |
| ds |
Fullt hus her i helga då Tora vart borgarleg konfirmert i Førde på lørdag. Og aldri så lite rørande med musikkinnslag, talar, diktlesing og eit flott framført pianostykke (eg er svak for piano...). Bilder og videoar held eg for privat. Det vart likevel tid til ein tur på Skylefjellet i går morgon.
I dag gjekk turen til Kvamsnipa igjen. Det bles godt austavind på toppen gitt. Så då vart det rett opp og ned igjen der òg. Men det vart tid til ein aldri så liten prat med Mildrid då eg kom ned att i Mandelia.
| Det ligg endå ein del snø mot toppen av Kvamsnipa.... |
| ...men det er grønt på bøane i Skorvemarka |
På ettermiddagen tok eg meg like greitt ein køyretur til Flekke og eit besøk på TiTur posten ved Røbua ved Flekkefjorden. Flott og enkel tur ut dit på god sti. Steinlagt og spikra gangvegar av tre over våte parti. Honnør til rette vedkommande! Veldig bra jobba! Eg traff fleire andre nøgde turgåarar. Alle frå Holmedal med same turmål. Kjekt!
| desse steinane har ikkje kome hit av seg sjølv... |
| Dagens selfie |
| Driveknolten med sine to toppar |
| Leite, Tysse og Straumsnes |
I dag gjekk turen til Rivedal og TiTur Dalsfjorden posten på Hundeheia og Fjelltrimposten til AHIL på Driveknolten som mål. Det vart ein retteleg fin tur. Stilt og kjølig. Og sola stakk seg fram no og då. Litt frost og nysnø på den gamle snøen innover frå Høgknolten. Delvis så bar snøen. Gjekk elles på dei bare fjellrabbane innover. Returen gjekk same vegen ut igjen til Rivedal. Nokre mobilfoto på link.