mandag 7. september 2020

Bryllaup i Trøndelag

Morgon -utsikt frå soveromsglaset





På Dovrefjell - teke i "farta"

Vi var i bryllaup og feira Olve Andreas og Karin på Å i Meldal i helga. Eg er onkel til Olve Andreas. Bilda frå dette er sjølvsagt av privat karakter og blir ikkje publiserte her. Men eg tek med nokre andre bilder eg tok. 

Å - med det kortet namnet - var ein koseleg liten plass - ein times køyretid sør for Trondheim. Prega av relativt store gardar og flater. Det er her oppe brureparet har slått seg til. Frå plassen brura kjem. Sjølv har eg aldri vore her før. 

Elles er det jo langt opp hit. Over 7 timar i bil kvar veg. Vi køyrde over Strynefjellet og Dovrefjell fram og tilbake. Broder Sillan, Tone, Olaug og eg. Haustleg og flott over fjellovergangane.

Vi hadde det veldig triveleg i lag. Heile helga sidan ein hadde teke seg fri fredag. I lag med fleire andre i familien budde vi i eit fiskarhus. Om sommaren utleigd til laksefiskarar i Orkla-vassdraget. Denne helga med fyr i omnen og stearinlys fredagskvelden. Og oppfyring i omnen tidleg søndag før heimreise.... Kjekt!

P.S. Og la det vere sagt - alle korona hensyn i bryllaupet var godkjende og tekne vare på. Slutt klokka 01.00 lørdag. 

tirsdag 1. september 2020

Rundtur i nokre Holmedals-fjell

Blåfjellssåta - Dokka og Kalderasnipene t.v.

Utsikt frå Blåfjellssåta - Bakkefjellet t.v.

Utsikt frå Blåfjellet

Storfe i Svelia

Bakkestølen

Kleppenes og Bogestølen

I dag tidleg gjekk eg den flotte runda som vist på bildelinken. Start som vanleg frå parkeringa ved vassverket i Holmedal. Det var ei nydeleg morgonstund og ikkje ei sky på himmelen. Eit haustleg drag i lufta. Frisk og klår luft. Og ikkje ei fluge... Den flotte tida mellom sommar og haust. 

Flott i Holmedal i dag tidleg

Som liksom å understreke kor flott det var, seig hurtigruta gjennom Granesundet ved Askvoll. Som ein diamant i det blå. 

Hurtigruta segla indre leia i dag

Stien til Bakkefjellet er mykje nytta no. Toppen er trimtopp for AHIL i år og godt merka. Her er det berre for alle å ta turen. Turen hit er grei for både liten og stor. Så etter å ha skrive meg i boka, og teke nokre bilder, gjekk så turen vidare til Blåfjellssåta. Opp ranen her er det jo litt luftigare enn på Bakkefjellet. Om berget opp er vått, er her nokre meter som ikkje er heilt ufarleg. Men ikkje verre enn at når det er tørt så går det heilt fint å kome seg opp utan å måtte klatre (sjå hovudfoto). 

Du kjem deg ned frå Blåfjellssåta i eit lite skar på nordvest sida. Deretter litt ufarleg klyving for å kome seg opp på Blåfjellet. Etter nokre bilder her i frå gjekk så turen vidare inn det kuperte fjellområdet mot Smørskornova. Held du deg litt på sørsida av dette partiet er det nydeleg utsikt til Rivedal, Straumsnes og inn Dalsfjorden.  

Utsikt frå partiet mellom Blåfjellet og Smørskornova

Smørskornova er egentleg ein topp som er litt stemoderleg behandla. Litt løynd og kanskje ikkje så kjend. Den er grei å gå opp frå Rivedalssida. Både frå demma og frå Rivedalsstølen. Toppen har suveren utsikt mot Dalsfjordområdet. Også mot Rivedalsstølen og Rivedal. Sjølve DNT-ruta frå Stongfjorden til Nipebu går på nordsida. Så her er det ikkje noko særleg utsikt før du kjem aust til Røyrbotnholten. No gjekk eg ned nordsida i dag og gjekk deler av ruta vest til Langevatnet. Deretter opp austsida av Hekkelfjellet.     

Hekkelfjellet var post på TiTur Dalsfjorden i fjor. Her er det framleis godt merka sti ned til Bakkestølen og Boge/Kleppensstølen, og vidare til vassverket. Eg følgde denne ned igjen. Diverre hadde det på dette tidspunkt skya til i dag, og vinden tok faktisk ganske godt (sjekk video). Eg måtte fram med varme klede og hue. Noko som er viktig å ha med seg i sekken framover. 

Fantastisk flott runde dette i dag. Sjå kart under. 

Foto Bakkefjellet Blåfjellssåta Blåfjellet Smørskornova Hekkelfjellet 010920



 

mandag 31. august 2020

Bildefilm frå Fossedalsområdet 29/8

  

 Eg sette i hop ein bildefilm frå den flotte turen på lørdag.

søndag 30. august 2020

Sosialiseringsrunde

Mobilfoto - Tone, Leiv-Jørgen Løseth og Sillan - Leif-Jørgen har gjort ein kjempejobb med merking av stiar i Flekke-området 

Mangevatna

I dag vart eg med Sillan og Tone på TiTur Dalsfjorden toppen på Skylefjellet. Ja, ok, eg har vore her nokre gonger før... (Turen i går sat litt i føtene....) Men som vi veit har vi mangt slags turar - springeturar, blodsmakturar, trasketurar, filosoferingsturar og sosialiseringsturar. Når alt kjem til alt er kanskje det siste viktigaste turen. Den du går undervegs. Til eit mål. Eller at livet er akkurat der og då - og ikkje ein gong i framtida. For til slutt er ein no framme ved enden likevel....

Og i dag var visst dagen for sosialiseringstur. For maken til folk på tur her oppe har eg vel ikkje sett før. Dei fleste på sjekk inn TiTur Dalsfjorden toppen... Alle med god tid i det nydelege vèret. Tid til å prate, le og skøye - og vi traff ingen av  "rennetypefolket"... Ok - eg strevar litt med dette sjølv - å gå seine turar. Som pensjonist treng eg vel ikkje stresse med å kome meg fortast mogeleg til noko som helst. Kanskje er det nettopp dette som må vere mottoet for resten av livet òg... 

Innerste inne var såleis dagens Skylefjell-tur ein av dei kjekkaste eg har hatt! Vel -  det var ikkje solnedgang. Ikkje hadde eg nokon å halde i handa heller. Men det er vel egentleg ingenting som er kjekkare enn å treffe mange blide folk på fjellet. Dalingar og Flekkingar i fleng! Som har litt tid til overs....









 

lørdag 29. august 2020

Kremtur

Ved Fossedalsfossen i dag

Utløpet av Atlevatnet

Atlevatnet med Fløyen Nonsholten og Driveknolten mot høgre

Nipebu

Øvre Fossedal og Nordre og Søndre Kringla

Fossedalsfossen

Nedre Fossedal 

Frå Dalsfjordbrua ser vi m.a Fossevika, Kringla, Blegja og Laukelandshesten 

I dag tidleg gjekk eg den fantastiske runda som vist på bildelinken under. Start i Rivedal ca 08.15. Kyrne kosa seg inne ved elva i Vagstaddalen. Elles var det noko vått inn over. La Sportiva Raptor skorna sat likevel bra på dei våte steinane. Og dei heldt seg faktisk tørre heilt til Fossedalsvatnet. I all væta som var på ruta.... 

På Nipebu var det folk som hadde vore opp på dugnad. Eg slo av nokre ord. Men gjekk så vidare Massbu-ruta til kloppa på sørenden av Krokavatnet og ned i Øvre Fossedalen. Deretter strake vegen til vassenden på Fossedalsvatnet, der eg tok meg eit par skiver ved fossen. Sjølvsagt med nokre fotostopp undervegs. 

I Nedre Fossedal var de ikkje folk etter det eg kunne sjå. Etter nokre bilder gjekk eg så til Fossevika og stien til brua. Her traff eg folk. Og fekk meg ein hyggeleg prat med eit "kjendispar" på veg til Brendeheiknappen. 

Frå brua til Dale og Allmuen er no i grunn verste stykket å gå på denne ruta...😎Her hadde eg avtalt ein kopp kaffi med broder Sigvard. Han køyrde meg så til Rivedal igjen etter bilen. Fantastisk flott tur. Delvis skya og god gå-temperatur. 


Mobildataen streike visst gjennom Fossedalen....😆
 

torsdag 27. august 2020

Augustidag over Dalsfjorden





Nydeleg morgontur på Bakkefjellet igjen i dag. Frisk og klår luft med litt sol. Haustleg i lufta, men sola varma i bakkane. Fantastisk å sjå den stille Dalsfjorden blenkje seg i morgonlyset. Stille bygder spegla i fred.  




onsdag 26. august 2020

Om å bli teken på senga....

Turbinane på Guleslettene sett frå Toreheia - over 33 kilometer unna...

Toreheia i dag

Motiv frå ruta mellom Toreheia og Skylefjellet

Mangevatna sør for Skylefjellet

I går gjekk eg ruta til Blåfjellet og Eggene i Askvoll. Vått og ein del gjørme. Men jammen vart det litt sol òg. Flott!

I dag tok eg turen frå Vågane og opp til Ytrevågefjellet, vidare til Toreheia og Skylefjellet. Ei rute eg likar veldig godt. Diverre skjemmer vindturbinane på Guleslettene no synsranda nord for Florø. Over 33 kilometer unna! Desse turbinane er 158 meter høge. Kan du tenke deg korleis turbinane på Lutelandet som no blir sette opp vil vise att i Askvoll både frå sentrum og kring om frå fjella? For ikkje å snakke om på Atløyna? Turbinane på Lutelandet er over 180 meter høge og ligg berre 7-8 kilometer unna kommunen... Turbinane vil bli eit skrekkscenario. Ja, mange her i kommunen vil bli tekne på senga! 

Elles såg sauene i området ut til å ha det bra. Det gjekk mange på nordsida av Toreheia. Også ved Krikavatna gjekk det fleire. Flott tur igjen!

 Foto Ytrevågefjell Toreheia Skylefjellet 260820

mandag 24. august 2020

Sturtebyer

Sjå jammen letta det oppe på toppen av Bakkefjellet i dag - her Dokka og Moldura

Sturtebyene på veg inn fjorden til Dale

Straumsnes og Holmedal

...og så dukka regnbogen opp òg...

Det kom nokre voldsomme sturtebyer både på Skylefjellet i går og Bakkefjellet i dag. Men i motsetnad til i går snudde vèret tvert om på toppen. Ja, eg fekk til og med sjå sola nokre minuttar frå Bakkefjellet i stad. Slikt gjer godt når alt er vått...😀

Mobilfoto Bakkefjellet 240820 

fredag 21. august 2020

Før "Ellen"






 I dag vart det ein tur til Askvoll igjen og ein kjapp tur på Blåfjellet og Eggene. Sånn cirka rett før lågtrykket "Ellen" med torevèr og bøttevis med regn ramlar inn over oss. Forsmaken fekk eg allereie oppe på fjellet der sørausten tok godt tak. Likevel - vinden var ganske så varm. Og ikkje verre enn at det var heilt passeleg med shorts og t-skjorte. Det er i grunn ganske lett å springe i den slags utstyr...😎 Og ekstra fint å sitte i sofakroken heime etter endt trimøkt når det lynar og regnar ute...


torsdag 20. august 2020

Lett på Fossedalshengenipa




Foto Fossedalshengenipa 200820 

Det er ein ganske lett og grei tur på Fossedalshengenipa frå Skorvemarka. Ein heilt annan tur enn å gå gjennom Fossedalen frå Dale. Så eg gjekk meg ein rask morgontur opp hit i dag tidleg. Men eg kutta ut å gå til Nipebu etterpå. Noko eg egentleg angra litt på då eg kom ned igjen. For vèret var veldig bra. Stilt og delvis skya med tidvis sol. Og det var jo framleis tidleg på dag....Uansett - dagens trim i boks.