Det heldt seg stort sett opplett. Men det var ikkje meir enn eit par plussgrader, så ein isande kald nordavind måtte eg kle godt ute. Elles var det ikkje eit levande vesen å sjå. Skipstrafikken nord/sør kan vel knapt kallast det.... Fin trimtur!
søndag 12. november 2017
Kong Nordavind
Det heldt seg stort sett opplett. Men det var ikkje meir enn eit par plussgrader, så ein isande kald nordavind måtte eg kle godt ute. Elles var det ikkje eit levande vesen å sjå. Skipstrafikken nord/sør kan vel knapt kallast det.... Fin trimtur!
lørdag 11. november 2017
Stongsstølen
I dag tok eg turen oppom Stongsstølen og runda Stongsstølsvatnet. Lenge sidan eg hadde vore her. Det var vått etter alt regnet i det siste.

| Stongsstølen nede midt i bildet. Foto frå Skålefjellet 28/10-17 |
fredag 10. november 2017
Kong Vinter
| Tøft på Skålefjellet i dag |
| Langevatnet og Smørskornova |
| Mot Holmedal, Blåfjellet og Dokka |
| Moldura, Fanafjellet og Svarthamrane frå Hekkelfjellet |
| Osland og Oslandsvatnet |
Vèret var ikkje av det beste. Ikkje vèrmeldingane heller. Men når sant skal seiast vart det ikkje så hakkande gale. Med eit par skikkelege unnatak. For etter å ha gått frå Oslandsbotnen gjennom Svelia og opp på Hekkelfjellet frå aust, fekk eg meg ei solid hagle- og snøbyge i fleisen nordover til Skålefjellet. Det svartna heilt til frå vest. Ja, det var såpass at eg lurte på om eg skulle feige ut å gå ned att i Svelia.... Heldigvis gjorde eg ikkje det, men heldt fram....
No var det ikkje særleg betre på Skålefjellet, sjølv om nedbøren heldt seg vekke. For her bles det kaldt frå nord. Eg valde difor å gå til Botnastølen igjen over Nipane. Det er litt utfordrande å finne beste vegen austover Nipane. Ein må gå på kryss og tvers over alle stupa, hamrane og toppane. I dag låg det i tillegg noko snø som gjorde det ekstra ekstra.... Glatte hamrar og sva er no so... Men utsikta ned igjen til Osland er suveren.
Utanom nokre ryper og eit havørnpar krinsande over meg på Nipane, såg eg ikkje ein levande skapning. Nei, vent litt - ei mus pila i sikkerheit over snøen og inn i eit trygt hol. Men for andre enn dei nemnde, i tillegg til haren, er det ikkje levande for varmblodige oppe i fjellet no. Det er nemleg full vinter i høgda - og iskald vind.
| Brekka i Oslandsbotnen |
Turen i vinterfjellet i dag kravde nok sitt. Nesten 5 timar under slike forhold er utfordrande. Forma har nok òg vore betre. Men alderen er sagt er berre eit tal....→😉
| Frå Brekka vest for Botnastølen. Vi ser mot Ytrevågefjellet. |
onsdag 8. november 2017
tirsdag 7. november 2017
mandag 6. november 2017
Vinteren bankar på dør....
| Almuen på lørdagt |
| Mykje spanande på Almuen |
| Stongfjorden |
| Osland og Indrevågefjellet, Norddalen t.h. |
I regnvèret i går avlyste eg alle fjellplanar. Skodde og silregn gav ikkje akkurat den rette kjensla. Vi reiste heller ein tur til Dale og traff deler av slekta. Det er alltid gode bollar og kaffi på Almuen, så der er ein fin plass og ta ein time eller to ein lørdag. Praten går godt då.
I dag tidleg stakk eg på Moldura og fekk på plass igjen turboka. Den har hatt eit tørkeopphald heime, men no var det på tide å få den på plass igjen i nordsida på varden.
Det vart både skodde og snøslette på turen. Ja, ganske tøft og kaldt. Men eg fekk som vanleg skifta på meg tørt ty på overkroppen bak varden. Psyken får seg ein god boost då. Brått small det eit hagleskot. I nærleiken ute i skodda. Rett nedom toppen traff eg så på to karar med våpen. Eg slo av ein prat med dei.
Returen tok eg så via Størdalsstauren. Det letta faktisk litt lenger nede. Ja, det var til og med sol rundt omkring. Fint og vindstille. Kjekk tur!
lørdag 28. oktober 2017
Vått og godt...
| Foto heime frå tidlegare i veka (bildet låg på brikka og same fila med bilder frå i dag) |
| Vardenova i midten. Heileberget t.h. |
| Sørover mot Sogn og Lihesten. Blåfjellsåta og Blåfjellet i Holmedal |
Det var vått. Ei sugande bløyte i motabakkane. Forma har nok dessutan vore betre, så det vart eit slit å kome seg til topps. Her oppe bles det isande kald nordavind. Eg bytte difor alt av klede på overkroppen. Når i tillegg sola stakk gjennom, kjendest raskt kroppen og psyken betre ut. Så eg gav meg i kast med det steinete og våte landskapet sørover til Hekkelfjellet.
Vel, sol vart igjen avløyst av regn. Om att og om att. Det var eit løye vèr. Og etter å ha passert Siklabergvatnet på veg vestover mot Mannskaret, seig det i tillegg på med skodde òg. Eg valde difor å kome meg til bygds att via Gjerdedalen.
torsdag 26. oktober 2017
søndag 22. oktober 2017
Vandring i gull 2
![]() |
| Florø og Svanøy |
Eg tok det heilt piano i gråvèret i dag tidleg. Vèrmeldingane synte litt betre ut over dagen. Det stemde på ein prikk. For då eg i 11-tida gjekk forbi Rinda på veg på Toreheia skein sola. Ok. Det var vind. Ganske sterk vind forbi Krikavatna. Bølgjene gjekk kvite på vatnet. Vidare oppover tok vinden òg godt. Men du verda kor fint det var då sola skein utover det brune landskapet. Florø lyste opp i sola i nord og Svanøya låg som ei perle nett nedom føtene. Kombinasjonen med brun vegetasjon, blå himmel og blått hav, er veldig flott. Ja, hausten er ei nydeleg tid.
Etter å ha toppa ut, valde eg så å gå ned igjen via Yndestadhøgeheia. Då fekk eg vinden i ryggen. Sola skein over Stongfjorden og heim igjen frå der eg gjekk i himmelsjå over bygda og fjorden. Jammen flott denne ruta. Sjølve nedstigninga tok eg via Selda. Raskare det enn om Rinda når ein kjem denne vegen. Flott trimtur igjen!
Abonner på:
Innlegg (Atom)


