Foto heime frå tidlegare i veka (bildet låg på brikka og same fila med bilder frå i dag) |
Vardenova i midten. Heileberget t.h. |
Sørover mot Sogn og Lihesten. Blåfjellsåta og Blåfjellet i Holmedal |
Det var vått. Ei sugande bløyte i motabakkane. Forma har nok dessutan vore betre, så det vart eit slit å kome seg til topps. Her oppe bles det isande kald nordavind. Eg bytte difor alt av klede på overkroppen. Når i tillegg sola stakk gjennom, kjendest raskt kroppen og psyken betre ut. Så eg gav meg i kast med det steinete og våte landskapet sørover til Hekkelfjellet.
Vel, sol vart igjen avløyst av regn. Om att og om att. Det var eit løye vèr. Og etter å ha passert Siklabergvatnet på veg vestover mot Mannskaret, seig det i tillegg på med skodde òg. Eg valde difor å kome meg til bygds att via Gjerdedalen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar