fredag 13. oktober 2017

Vara din utgang og din inngang

Tante Liv si båre

I går reiste vi syskene til Oslo med fly for å ta farvel med tante Liv, syster til mamma, som stille gjekk bort torsdag for 14 dagar sidan. Gravferda gjekk frå Vestre Aker Kirke. 

Tante Liv var innerst inne vestlending. Som Herbjørn. Sjølv om dei budde vekke. Oppvaksne på Guddalen og i Dale. Vestland Vestland av Sissel Kyrkjebø vart såleis sunge som solosong i kyrkja. Diktet "Ferjereiser" av onkel Herbjørn vart òg framført. Ja, presten Hjalmar Kjesvik er òg vestlending. Gift med ei Florø-jente frå Hovden. Han heldt ei god og til dels personleg tale for tante Liv. Og ute var det nydeleg haustvèr. Solstrålane laga gildt lys inn på båra i kyrkja. Vårt farvel til tante Liv vart til ei varm og minnerik stund. 


Ferjereiser

Mi første ferje i livet
gjekk alltid før bussen kom
Så eg budde på pensjonatet
på eit lite og trekkfullt rom

Og seinare har eg venta
på ferjer mang ei stø
No veit eg at timen og æva
er mest like lange i kø

Ein ventar alltid på ferjer
dei går og dei kjem som dei vil
Og framme og bak er dei like
dei går når du trur dei legg til

Mi siste ferje i livet
i begge endar har stamn
Men rutetabellen er ukjend
og ferja har ikkje namn

Herbjørn Sørebø

Etter gravferda var vi samla for mat og sosialt samvere. Dette fann stad i tante Liv sin stamkafè. Her fekk vi helse på anna slekt og vener av tante Liv. Spesielt kjekt var det å treffe Mari og søskenbarnet mitt Hallstein, kone og son til avdøde Herbjørn. Det var lenge sidan vi hadde helsa på.

Leif-Arne, Bergljot, Mildrid og mamma

Vestre Aker Kirke
Noko av bodskapen til presten kunne samanfattast i omgrepet "sorger og gleder hand i hand". Vara din utgang og din inngang. Liv og død. Og oppstandelse. Av livets merkverdigheita kunne dette ikkje betre billedleggjerast då eg i løpet av gravferda vart onkel att... Det var ei stund sidan sist no.... Caroline Miriam og Øystein Olav vart foreldre til ein gut. Vi var gjort merksame på at noko var på gong då mamma i løpet av natta før hadde fått ei tekstmelding. Her er difor eit bilete av eit nytt levande under og ei stolt mor - medan vi gøymer minna etter tante Liv i hjarta våre. 

Publisert etter løyve frå Øystein Olav

Ingen kommentarer: