fredag 10. november 2017

Kong Vinter

Tøft på Skålefjellet i dag

Langevatnet og Smørskornova
Mot Holmedal,
Blåfjellet og Dokka


Moldura, Fanafjellet og Svarthamrane frå Hekkelfjellet

Osland og Oslandsvatnet
Sidan eg fylte 60 i år vart det ei veke ekstra ferie på meg. Det er alltid fint å ha nokre dagar ferie til gode på seinhausten. Så då strauk eg til fjells i dag tidleg. 

Vèret var ikkje av det beste. Ikkje vèrmeldingane heller. Men når sant skal seiast vart det ikkje så hakkande gale. Med eit par skikkelege unnatak. For etter å ha gått frå Oslandsbotnen gjennom Svelia og opp på Hekkelfjellet frå aust, fekk eg meg ei solid hagle- og snøbyge i fleisen nordover til Skålefjellet. Det svartna heilt til frå vest. Ja, det var såpass at eg lurte på om eg skulle feige ut å gå ned att i Svelia.... Heldigvis gjorde eg ikkje det, men heldt fram.... 

No var det ikkje særleg betre på Skålefjellet, sjølv om nedbøren heldt seg vekke. For her bles det kaldt frå nord. Eg valde difor å gå til Botnastølen igjen over Nipane. Det er litt utfordrande å finne beste vegen austover Nipane. Ein må gå på kryss og tvers over alle stupa, hamrane og toppane. I dag låg det i tillegg noko snø som gjorde det ekstra ekstra.... Glatte hamrar og sva er no so... Men utsikta ned igjen til Osland er suveren. 

Utanom nokre ryper og eit havørnpar krinsande over meg på Nipane, såg eg ikkje ein levande skapning. Nei, vent litt - ei mus pila i sikkerheit over snøen og inn i eit trygt hol. Men for andre enn dei nemnde, i tillegg til haren, er det ikkje levande for varmblodige oppe i fjellet no. Det er nemleg full vinter i høgda - og iskald vind. 
Brekka i Oslandsbotnen

Turen i vinterfjellet i dag kravde nok sitt. Nesten 5 timar under slike forhold er utfordrande. Forma har nok òg vore betre. Men alderen er sagt er berre eit tal....→😉

Frå Brekka vest for Botnastølen.
Vi ser mot Ytrevågefjellet.

Legg inn en kommentar