søndag 26. november 2017

Gosh det var tungt..



Endeleg vart det fjelltur igjen. Det ser ut som om søndagane er sikraste kortet. Eg valde å gå på Middagsnipa over Vågeskaret frå Osland. Og tok med trugar. Det var lurt. For det var flott trugeføre ovanfor den lange og bratte bakken opp mot Indrevågefjellet og vidare inn på Middagsnipa. 

Når sant skal seiast vart det likevel eit skikkeleg slit å kome seg opp bakken. Her låg det djup snø. Iallefall frå halvveges og opp. Så her måtte eg jammen stogge fleire gonger for å ta meg att. Eg stod i snø til skrevet rett som det var. Pusta som ein blåsebelg. Silande sveitte. Men så kom sola.... Og opp kom eg meg. 

Eg hadde gløymt snøtrinsene på stavane....

Vidare austover var det som sagt knallflott. Nesten vindstille. Ja, sola heta faktisk i eit par av sørhellingane inne mot toppen. Fantastisk! 

Returen gjekk ned att same ruta. Diverre er ikkje tærne mine det dei ein gong var. Dei fekk seg ein hard tørn etter det ufrivillige badet i Krikavatna i fjor vinter...


Frå venstre, Eitrenipa, N&S Kringla, Fossedalshengenipa, Høgholten og Heileberget


Legg inn en kommentar