Blegja klokka 10 i dag
Eg var i utgangspunktet tenkt å gå Rørvika/Blegja/Blåegga/Eitrenipa/Skjerlia i dag, og hadde pakka sekken deretter. No vart det ikkje slik. Av fleire årsaker. For etter nattas regnvèr var det glatt på steinar og i urane. At det er glatt oppover frå Rørvika no om hausten, er no meir regelen enn unntaket. Men det som verre var, var at det var vått og glatt i sjølve urane lenger oppe. Spesielt frå Nipevatnet og opp. Når ein då veit at Synste Stauren og Blåegga er av same slaget, så slo eg denne delen av turen frå meg. Det vart rett og slett for travelt å gå slik heile dagen.
Noko anna var at det såg slett ikkje ut til å klårne opp då eg tok den beslutninga ved Nipevatnet. Snarare tvert i mot. På veg ned igjen skulle det vise seg at det var feil. Sola stakk nemleg gjennom og det vart veldig fint. Då ville det jo tørke opp òg, men gjort var gjort - og det kjem vil ei fin hausthelg endå får vi tru. Får ta heile denne dagsturen då.
Eg tok det ganske så kulig oppover i dag. Spesielt sidan det var så glatt som det var, og sjølvsagt for at eg hadde heile dagen på meg. Men utan nokre skvetne ryper var det lite liv å sjå oppover. Ja, utanom eit par hjortejegerar og ein rypejeger som eg tok igjen nedanfor hytta.
På toppen av Blegja var det ganske så kjølig i 10-tida. Ein sur søraust trekk og overskya vèr som det var, så måtte både jakke og hanskar fram. I tillegg til trøyebyte sjølvsagt. Utsikta var likevel kjempeflott. Klårt og fint. Eg sat der likevel ikkje så mange minuttane. Nokre bilder, så var det same ruta ned igjen. Litt snurten for at dagen ikkje vart som tenkt. Men, men....
Eg tok det heilt piano. Fjellskorna miste festet rett som det var på dei sleipe steinane. Ganske skummelt her oppe når det er slik. Det er lett å skade ein fot. Kjedeleg å måtte ligge igjen åleine her oppe.. Ikkje minst tragisk å måtte ringe etter hjelp. Så sjølv om det tok litt tid, gjekk det greitt ned igjen.
Ved Nipevatnet traff eg det andre turfølgjet for dagen. På veg til topps. Eg slo difor av ein hyggeleg prat med to par frå Førde. Folk som eg delvis visste kven var frå før. Og eine jenta som opprinneleg kjem frå Sande (der eg jobba i banken i 12 år) kjende til bloggen min. Det var jo ekstra koseleg...:-) Den blide Førde-gjengen måtte sjølvsagt fotograferast, så her er dei...:
Deretter bar det vidare nedover i Rørvika igjen. Retteleg fint vart det. Så bra at eg heiv av meg alt på overkroppen. Eg tok ein siste kik inn på Blåegga og Eitrenipa, og tenkte som så at dei ligg no der neste gong òg...!
Utsikt inn Førdefjorden i dag tidleg