Foto av Rørvika og Løvika i går morgon
Steik - det vart jo opplett ei stund. Akkurat så pass at eg fekk meg ein god joggetur til gruva på Osland og heim igjen. Den vanlege mila. Og så god temperatur at eg sprang i berre shortsen. Friare og lettare slik med friskt vèr direkte på kroppen. Reine nytinga.
Men du verda kor det har regna i natt. Elvane på Osland var svære. Og den som kom frå Porten var enorm. Hadde det ikkje vore for kraftutbygginga hadde elva frå Botnastølsvatnet vore likeins. Eit fantastisk skue med 4 slike flotte elvar og fossar på rekke og rad! Ok - den siste såg eg berre i tankane då - der går jo kraftrøyra ned det gamle elvafaret i staden.... fullstendig tørrlagt og med null minstevassføring! Eit begredeleg overgrep...
Vel, uansett er det fantastisk godt å komme seg ut gjennom dørene. Same kva ein måtte finne på. Frisk luft og trim gjer noko med oss alle. Uansett vèr...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar