Dei fleste som kjenner meg veit at eg er ein lidenskapeleg Derby County fan. For dei som ikkje veit kva dette er, så er Derby eit fotballag i England:-) Laget har eg følgt nøye sidan eg var ein liten kate. Eg betalar fast årleg abonnement på heimesida deira og kan difor følgje kvar kamp på pcen heime som radiooverføring. I tillegg får eg all den info eg vil med intervju og videoopptak av mål etc. Dette er ein kjekk hobby - eller ei særheit om du vil....:-) (Olaug har vanskar med å skjøne engasjementet, men Peter synest det er heilt flott, for han er Derby fan og, ja, utanom Brann då...)
Bror min, Sigvard (Sillan), har same interesse. Artig at to brør held med same laget. Sillan, på MMS foto, var på Pride Park, heimebana til Derby, i går kveld 2.mars då Derby tok ein knallsterk 5-1 siger over Colchester. Dei tok tilbake tabelltoppen i Coca Cola Championship. Dette er den nest høgaste divisjonen i England. Det var kjempestemning med nesten 30.000 tilskodarar og det er to sesongar sidan Derby har scora 5 i same kampen! Det blir svært spanande å sjå om dei rykkjer opp i Premier League no i april. Då kan vi følgje dei på Canal Pluss som dei andre laga i øvste divisjonen.
Up the Rams!
Fjordfiske

Eg valde i dag lørdagsføremiddag å bruke litt tid på fisketur på fjorden i staden for fjelltur. Olaug reiste tidleg ein tur på Blåfjellet og eg sjølv vart heime med Peter før turen på fjorden. Fisketuren gav i dag magert utbyte...Ein kan trygt seie at det er lite skrei i fjorden - fjordtorsken er og totalt fråverande.
Eg psykar meg dessutan opp til ein lyskebrokkoperasjon i Florø på mandag. Det blir såleis lite fjelltur på meg eit par veker framover. Men meininga er då å komme desto sterkare tilbake til påske og sommaren, då eg forhåpentlegvis er kvitt plagene nede i venstre lyska. Eg har forøvrig operert høgre lyska tidlegare...Lyskebrokk eller hernia er noko skikkeleg skit. Det følgjer med både verk og plager, og eg lyt berre få fiksa dette til tursesongen....Reknar med 14 dagar sjukemelding og plager med verk i stinga...Eg har utsett operasjonen i 4 år og tek ikkje sjansen lenger på å ikkje ha tarmane på rett plass - spesielt når Jotunheimen kallar til sommaren!
.JPG)
Nydeleg solnedgang i kveld. Eg rakk ein liten fisketur etter jobb og før det mørkna. Men skreien uteblei denne gongen.
Peter og Olaug finn ofte ei fredeleg stund på Staveneset med utsikt til Alden og øyane i Florø
Flott 3-4 timars føremiddagstur til Toreheia 713 moh rett opp frå døra mi! Det er lite snø i høgda her ute ved havet, Så toppane på 700-900 moh er greie å ta til fots. Dvs.greie og greie - lite smart å ha isbroddane hangande på veggen i kjellaren heime når det er is i høgda. Det var på hekta at eg kom meg opp på Toreheia i dag.
Mykje og sterk austavind hadde polert sør/austhellingane til reine skøyteisen og det var med naud og neppe eg tok sjansen på siste skaret opp...! Eg sigla skikkeleg 5-10 meter på isen eit par gonger og det er ikkje moro når steinar stikk opp av isen/skaren på ferda nedover på ræva...Men eg fann ein kam som delvis var dekt med is og stein og då kom eg meg opp.
Det er flott utsikt mot havet i vest frå Toreheia. Likeeins mot Skålefjellet, Moldura, Vardenova, Portafjellet i sør. Austover er det sjølvsagt Blegja og Kvamshesten som fangar auga. I nord ligg Florø og Ålfotbreen. Sjekk nokre bilder som eg knipsa.
Glad gut med suveren utsikt frå Markahengenipa 1002
Rivedal/Nipebu/Rivedal
Turen starta i Rivedal laurdagsmorgonen. Sola spegla sine første raude stråler på Dokka og Bakkefjellet og vitna om ein fantastisk gryande dag då eg parkerte der nede i 09 tida.Temperaturen viste minus 6,5 grader i Stongfjorden då eg reiste. Eg hadde smurt med rein blå voks, men dette viste seg fort å ikkje vere rette medisinen på den minimale puddersnøen som låg der nede. Så det var berre å finne fram fellane.
Sola dukka opp over fjella sør om Flekkefjorden i 0915 tida då eg var på veg opp til demma på kraftstasjonen i Rivedal. Innover Vagstaddalen forsvann sola igjen bak Heileberget. Kuldegradene og trekken reiv i kjakane timen det tok før eg fekk sola igjen ved vestenden av Atlevatnet. Her er det ei fantastisk utsikt då landskapen opnar seg heilt opp igjen austover mot Blegja, Ertrenipa og Kringla.
Vel framme ved hytta viste det seg at det var svært vanskeleg å komme seg inn. Låsen var totalt frosen og nøkkelen var umogeleg å få inn i låsen. Men etter ei stund med varm pust (og såre lepper etter at dei hang fast i låsen:-)) kom eg meg inn. Gradestokken viste minus 8 i hytta, så her var det berre å opne alle glas og fyre opp.
Nipebu fekk ein særs flott julepresang i år, nemleg ein gassovn. Denne er svært effektiv. Ilag med god bjørkeved på ovnen var det ikkje lenge før temperaturen spratt i veret.
Etter nokre raske skiver bestemte eg meg for å ta skituren opp på Markahengenipa. Her er det ein fjelltrimpost som var grei å ta med seg i kulden! Det er suveren utsikt frå denne toppen. Du har panoramautsikt i alle himmelretningar og ser m.a. fjella Ertrenipa, Blegja, Kringla, Kvamhesten, Fossedalshengenipa, Heileberget og alle fjella vestover og nordover mot Florø og Ålfoten.
Etter å ha kome tilbake til hytta igjen dukka Agnar og Margaret opp. Eg hadde mine mistankar om at dei hadde ombestemt seg og ville komme likevel, etter at dei først hadde meldt avbud. Vi fekk oss ein koseleg kveld ilag, der Agnar og eg bestemt oss for ta turen opp på Fossedalshengenipa dagen etter.
Etter ein særs vakker soloppgang på fjella rundt Nipebu og ein solid frukost søndagsmorgonen starta vi turen i 09 tida. Vi gjekk inn eit stykke av dei same spora som eg hadde gått dagen før. På veg oppover ryggen på Fossedalshengenipa fekk eg problem med fellene som isa slik at dei ikkje sat skikkeleg fast under skia. Dette var litt ubehageleg for det var delvis gnallande hard skare og is oppover. Men med litt pause og skraping gjekk det greitt. Verre var det med Agnar som øydela bindingen ved toppen, men det gjekk ganske greitt å gå nedatt ryggen på føtene.
Det var ei heilt spesiell oppleving å stå på toppen av Fossedalshengenipa i skikkeleg vinterlandskap/temperatur. Men det vart berre tid til nokre raske bilder før vi snudde nasa nedover ryggen igjen.
Vel nede ved hytta pakka eg sekken og gjekk nordsida av Vagstaddalen heimatt. Det er lite snø i låglandet her ute så til tider var det ikkje heilt enkelt å gå nordsida av dalen heller (gjekk sørsida oppover). Vi får håpe på meir snø. Agnar og Margaret følgde etter heim igjen noko seinare.
Det var ei fantastisk helg på Nipebu - igjen - noko som flotte vinterbilder vitnar om. Ta deg tid til å sjå desse. Eg oppfordrar alle til å gå den flotte turen til Nipebu uansett årstid - for kvar av desse har absolutt sin sjarm!