| Lett regn på Nerviknipa i dag |
| Vi ser ned att i Vågane |
| ...og mot Flokeneset og Førdefjorden |
Nokre lette regnbyger og ein sverm med fluger følgde Olaug og meg på Nerviknipa i Flokeneset i dag tidleg. Vi kom oss opp og ned før det skikkelege regnvèret sette inn rundt kl 13. Flugene har blitt eit herk no. Det verste er å få dei i halsen! Men elles irriterande når dei kryp rundt i håret og elles overalt på bar hud. Ok - det er sommar - og noko ein berre må vende seg til. Trimmen var iallefall topp 😅
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar