| Mykje folk samla på vakre Kinn i dag under Kinnaspelet |
Avslutning
| Ein utflytt daling har vore med i mange år... Her Agnes Alisøy i lag med Sillan, Tiril, Olaug og Tone |
| Tiril og Olaug skein som sola |
Ja, vi kunne vel ikkje fått ei flottare ramme rundt 40-årsjubileet til Kinnaspelet og "Songen ved det store djup" enn det vi hadde i dag. Sola skein frå nærast skyfri himmel! Og nordavinden var av det spake slaget. Saman med Tiril, Olaug og underteikna, var Sillan og Tone. Og 25-30 andre personar frå Askvoll. Ei heil båtlass var elles med Bergensbåten då den kom til Askvoll og tok oss med vidare nordover til Kinn.
Sjølve spelet starta kl.13.10. Og handlinga kan du lese litt om her. Det var utruleg bra. Etter kva eg hugsar var over 160 personar involverte i spel og musikk. Elles imponerande logistikk med båtransport frå Florø og billettar. Og for ikkje å snakke om matsalet etterpå.
For å gjere ei historie kort så hadde vi ein utruleg flott dag der vest i havet. I lag med fleire tusen andre. Sol i bakkane, matykt og nydeleg utsikt. Knallbra! På linken under ligg det ein del mobilfoto.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar