mandag 16. juni 2025

Stolpejakt 25 (18.mai - 15.juni)

Olaug og Olina i Rivedal på stolpejakt - 22.mai


Håvard og Olaug i Melværet på Værlandet 15.mai

Brurastakken 12.juni

Fantastisk steingard på Arstein 25.mai

Under Tormodgrotta mellom Skorvestølen og Selvikestølen 20.mai


Etter å ha fullført alle postane på Stolpejakta i Fjaler og Askvoll (samt i Skjolden) er det tid for eit lite samandrag. Så eg har laga ein liten bildelink av turane. 

Etter kva eg ser på totalen har Olaug og eg vore innom 207 stolpar. Så langt. Dei fleste relativt enkle langs greie ruter og vegar. Andre litt høgre i terrenget på "nye" stiar. Spesielt i Kvammen området (rundt Fesselia og Selvikestølen) stod somme stolpar høgre til fjells, og litt meir utfordrande å finne (Tormodgrotta ovanfor var stilig 😄) I tillegg består Askvoll Stolpejakta av område i Rivedal, Holmedal, Stongfjorden, Askvoll sentrum, Atløyna (Brurastakken, Sauesundet, Høyvika), Stongfjorden, Bulandet og Værlandet (156 stolpar). I Fjaler har vi vore i Dale sentrum, Straumsneset, Fredensborg, Haugland (51 stolpar).

Det har stort sett vore veldig flott ver og temperatur. Mai var kjempeflott! Fleire av rutene hadde eg ikkje gått før. Vi har funne det veldig kjekt og sosialt å vere med på dette. For du treff alltid folk i same ærend og kan slå av ein prat. Som eit substitutt til dei vanlege fjelltrimpostane som ligg ute, og TiTur Dalsfjorden. Det er berre å gå i gang med Stolpejakta (sjå link) - last ned appen på mobilen og scann i veg 😎! God tur!

Stolpejakt 18.5-15.6 (nokre foto)


 

Ingen kommentarer: