Tek juni nokre dagar på forskot og deler arkivbilder frå månaden.
Vi får vone det blir like mange fine dagar som her 😄
God (mini) helg!
Tek juni nokre dagar på forskot og deler arkivbilder frå månaden.
Vi får vone det blir like mange fine dagar som her 😄
God (mini) helg!
| Foto frå Hestebakken. Frå benken her tok vi oss ein matbit. |
Vi reiste til Straumsneset i dag. For å gå stolpejakta her ute. Vi parkerte ved Grendahuset.
Stolpane var plasserte strategisk ut rundt frå Indre Åsnes, Bakkebø, Ytre Åsnes og opp til Jonstad (sjå kart). Så vidare opp skogsvegar til den øverste stolpen oppe på Hestebakken. Det gjekk løypestreng ned til bygda her frå med mjølk frå stølen. Frå Hestebakken er det nydeleg utsikt til Ytste Dalsfjorden og Askvoll (sjå foto). Ja, det er veldig flott på Straumsnes. Fantastisk skue til fjella på nordsida av Dalsfjorden.
Elles må eg nesten få nemne dei utruleg særeigne steingardane som er her ute. Spesielt på Arstein der oldefar til Hallvard Arstein, Laurits, har laga murane som står her. I dag kan ein berre undre seg over slitet som har vore med å sette desse opp!
| Praktfulle steingardar på Åsnes Vi ser Holmedal, Dokka og Moldura i bakgrunnen |
Etter at vi hadde det gjort oss ferdige med turen på Straumsnes, gjekk vi oppom Fredensborg på Tysse. Her er det òg stolpar plasserte ut. Som ein veit er Fredensborg heilt nydeleg. Flott bøkeskog. Og idyll ved tjørna med steinbord og steinbenker. Den gamle gravstaden osar kultur og særeige i den flotte bøkeskogen. Elles er det gjort flott dugnad av eldsjeler på Fredensborg i det siste. Fantastisk.
| Olaug på Fredensborg i dag |
Om gravstaden Fredensborg kan du lese her.
Foto Stolpejakt Straumsnes og Fredensborg 250525
![]() |
| stolpar på Straumsnes |
![]() |
| Fredensborg |
| Her er ein 40 poengar i "boks"....😄 |
| Lett posering i den idylliske lauvskogen |
| Dyrevenen Olina i sitt ess |
![]() |
| Og stolpane er unnagjort |
| Litt i ly for nordavinden |
| Vi ser Dokka og ned mot Eidsfjorden og Nordeide |
| Fin utsikt til havs - Staveneset t.h. |
| Askdalen mot Askvoll - Kultingane og Fristadfjellet t.v. |
Etter eit ærend i Askvoll i dag tok eg turen inn Askdalen til fjelltrimposten på Jamneheiane. Det skulle vise seg å bli akkurat den kalde turen eg tenkte på førehand. Inne mot toppen av dalen, ned mot Fismavatnet og opp mot posten i nord, tok den iskalde nordavinden skikkeleg i kroppen. Gjennom marg og bein. Heldigvis hadde eg med meg ei ekstra vindjakke i rompetaska. Og ei ekstra vindtett hue. Dette kom vèl med. Temperaturen var 7 grader nede i Askvoll sentrum. Kva kjøleeffekt vinden hadde her oppe var sikkert ned mot minus grader!
Vel, eg fekk registrert turen. Og sat nokre minutt i ly nede på sørsida av toppen. Så var det retur same vegen. Opp dalen frå vatnet til toppen av Askdalen. og den lange dalen ned igjen. Fin utsikt. Men ikkje akkurat denne strekka eg likar best.
| I Tormodgrotta |
| Nydeleg utsikt til Skjerlia og Mandelia. Markavatnet skin i kveldssola. I midten bak ligg Kvamsnipa. |
| Fossedalshengenipa t.v. Markavatnet t.h. |
| Blegja og Eitrenipa frå Stølsryggtoppen |
| Dagens selfie på Gjelsvikestølen |
| Gjelsvikestølen - Blegja i bakgrunnen |
| Og så har vi Engebøfjellet - foto frå Gjelsvikefjellet |
| Gjelsvikestølen med Blegja, Synste Stauren, Høgefjellet og Eitrenipa, Ruggevatnet og Keisarlivatnet |
| Skjerli og Markavatnet |
| Sissel, Olaug og underteikna på Jøtelshaugen i ettermiddag. Heileberget og Fløyen i bakgrunnen. Bakerst til høgre ser vi m.a. Portafjellet i Stongfjorden og Fossedalshengenipa. |
| Nonsholten i dag |
I dag gjekk turen på Heileberget. Og toppane på Fløyen, Nonsholten og Driveknolten m.m. Nonsholten er den lengste posten på årets fjelltrim til AHIL (Askvoll og Holmedal Idrettslag). Det var ein usedvanleg flott vårdag med strålande sol og vindstille. Og for å gjere turen litt ekstra sette vi ein bil i Rivedal, køyrde vidare til Otterstein, og gjekk opp her i frå. Såleis kunne vi gå heile Heileberget på langs. Og for dei som har gått denne ruta, så kan dei vel skrive under på at den er ganske lang (iallefall for pensjonistar 😄). Berre oppstigninga frå Otterstein til Fløyen krev sitt. Gangtid total var ca 5.timar i dag.
Vi, det var Olaug, Tordis og underteikna. Men undervegs oppover traff vi fleire frå Holmedal som var i same ærend. Så det vart litt småprat ovanfor Bjergastølen og til toppen. Kjekt med blide turfolk ein treff på. Alltid pratsomme i slike flotte omgjevnader som vi har rundt oss. Ikkje minst oppover til Fløyen og Heileberget. Det er fantastisk utsikt inn fjorden og til Fossedalen frå oppstigninga om ein snur seg mot nord og aust.
| Nydeleg utsikt inn Dalsfjorden - Laukelandsfossen i midten |
| Vi ser ned att til Fossedalen med fleire turgjengarar opp bratta til Fløyen |
| Dale frå oppstigninga til Fløyen |
| Tordis og Olaug på Fløyen |
| Underteikna og Olaug |
Frå Fløyen gjekk så turen vidare ut Heileberget til Nonsholten. Den ligg litt på nordsida av fjellet. Med flott utsikt til Fossedalen. Her tok vi så ein fortent matbit og kaffi og sjokolade. Herlig. Praktfull utsikt til Fossedalshengenipa, N&S Kringla, Eitrenipa, Blegja, Storehesten og mange fleire.
| Olaug på Nonsholten. Markahengenipa og Fossedalshengenipa i bakgrunnen |
| Tordis på Nonsholten - i bakgrunnen f.v. Eitrenipa, N&S Kringla, Blegja, Storehesten og Laukelandshesten i midten bak ligg Fossedalen |
| Fossedalen frå Nonsholten - Fossedalsfossen i midten nede - Laukelandsfossen t.h. |
| Utsikt mot Rivedal, Straumsnes og Holmedal ved Høgknolten |
| Ned skaret Frå Hundeheia og til demma på kraftverket i Rivedal tok vi den gamle TiTur ruta og fekk med oss to svarte poengstolpar på Stolpejakta. Ja, kva slags superlativ skal ein bruke om denne turen? Eg veit ikkje heilt. Men heilt eineståande vakker er den. Med dei utruleg flotte fjella som omkransar Fossedalen. Og sjølvsagt dei fantastiske bygdelaga kring Dalsfjorden. Berre å nyte! |
| Nøgde turgjengarar - Askvoll nede t.h. Heileberget oppe t.v. |
| Utsikt ned igjen til Gjervika og Askvoll |
| Ein liten pust i bakken |
Eg vart med Velaug og Olaug til Atløyna etter at dei var ferdige på jobb. Passa fint med 15.10 avgangen frå Askvoll. Setekletten på øya er trimpost på TiTur Dalsfjorden i år. Vi gjekk direkte opp bakkane frå Gjervika og trengde såleis ikkje bil.
Som alltid før om åra er det godt merka stiar på Atløyna. I så måte er her eit blogginnlegg frå arkivet med bilder og videoar. Stort sett var stien i dag tørr heile vegen opp. Og sola skein. Om enn i ein nokså kjøleg nordavind. Vi kom oss greitt opp på ca ein time. Elles er det òg merka sti til Setekletten frå Høyvika. Sjekk på ut sida for dei mange flotte turane her ute.
Vi gjekk ned igjen same vegen og nådde fint ferja kl 17.30. Veldig grei tur. Neste gong vil eg likevel gje meg betre tid og gå på fleire av dei andre toppane. Atløyna er perfekt såleis😍
| Fellesfoto på Nedgardsstølen f.v. Sissel, Velaug, Connie, meg og Olaug |
Eg vart med deler av fjellgeitene på ein TiTur ekspedisjon på sørsida av Dalsfjorden i dag (sjå foto). Vi tok ferja klokka 11.30 frå Askvoll til Fure og parkerte ved Fure Mekaniske. Og gjekk så på Brendåsen. Fin og grei tur opp i lett terreng. Men ganske vått i fleire parti. På toppen sat her allereie ein liten familie. Og eit par kjenningar frå ferja kom opp bak oss.
| Foto Brendåsen |
| Vi ser Heileberget og Blegja i bakgrunnen |
| Foto frå Nedgardsstølen |
| Flekke |