fredag 18. oktober 2024

Kuling i luggen

På Hekkelfjellet i dag - i ly bak ein hammar....

Kleppenes- Bogestølen

Fin utsikt mot aust frå Hekkelfjellet!
Vi ser m.a. frå venstre Gjelsvikefjellet og Vardenova. I bakkant Blegja i skugge og Storehesten. 
Framfor desse ligg Eitrenipa (ein bit), Fossedalshengenipa, N&S Kringla. Til høgre i bildet ligg Smørskornova fremst og bakerst innover Heileberget. 


Dokka og Kringla. Midt i bildet ligg Hålandsstølen. Vikastølen t.v.

Eg møtte Olaug i Askvoll i dag kl 12. Det passa slik av vi køyrde til Holmedal i lag og tok turen til Hekkelfjellet. Fjellet på 708 moh. Ruta startar ved Vassverket i Holmedal. Same utgangspunkt som dagsturhytta. Men med skilnad at ein kryssar elva og held fram oppover vegen mot Bakkefjellet. Og tek opp på flata mot Kleppenes/Bogestølen og Bakkestølen. Deretter vidare opp mot nord der ein til slutt møter ein bratt bakke som fører ein opp på flata til fjellet. Heilt oppe i øvste delen av denne bakken traff vi eit par på veg ned som vi kom i snakk med. Men her oppe bles det ganske så kraftig. Og temperaturen var ein heilt annan enn lenger nede. Så lange praten vart det ikkje. Det var i grunn berre å kome seg opp og ned igjen.  Men eit par foto på toppen måtte no til...😊

Veret elles var overskya. Og i terrenget var det ganske så vått. Så høge vasstette fjell/tursko ein føresetnad (småsko-tida i fjellet er forbi for i år...). Og det må nemnast at det er lagt ned veldig bra arbeid med merking av stien opp. Og elles rydda einer og kvist. Applaus! 

No treff vi på eit par kjenningar til dåå vi kom ned omlag ved Bakkestølen. Og slo av ein passiar med desse òg før vi returnerte til Vassverket. Flott og luftig tur dette.

Foto Hekkelfjellet 181024

Ingen kommentarer: