onsdag 18. september 2024

Det lakkar og lir for TiTur Dalsfjorden24


Matykt på Furefjellet med panoramautsikt....

Furefjellet har tre toppunkt.... Dette mot nord|

Granesundet

Alden, Heggøyna og Smelvær

Holevika

Oss tre...

Staveneset


Eg vart med broder Sillan og svigerinna mi Tone til Holevika på Staveneset, og vidare til TiTur Dalsfjorden posten på Furefjellet i dag. Dei mangla posten i "samlinga" si. Det vart ein fantastisk dag. Shorts-vèr. Sol. Og blikkstille! Rett og slett ein utruleg flott haustdag. Slik sett hadde Tone og Sillan spart på konfekten og gøymt det beste til slutt 😎

No er det fullt mogeleg å gå på postane fram til 1.oktober. Så for dei som framleis vantar ein post eller to så er tida no kanskje den aller finaste til å gå på dei. God tur! 🏃  

Ingen kommentarer: