tirsdag 17. september 2024

Ei god økt

Utsikt mot deler av Grimelia og Stubseidvågen

Det går 4 sauer (iallefall) nordaust for Skylefjellet (midt i bildet)
(Mobilbilde frå langt hald)

Utsikt mot Skylefjellet, Toreheia og Yndestadhøgeheia frå Blåfjellet

Dalens self på Blåfjellet


Eg tok turen opp igjen på Blåfjellet i dag (ja, eg veit det er mange Blåfjell 😄) Frå Grimelia denne gongen. For å sjå etter sauer. Sidan eg hadde fått tilsendt eit nytt GPS signal. Det var dei same sauene som eg såg etter på lørdag. Og ikkje fann. 

Vel, ved Blåfjellet gjekk dei ikkje. Men då eg gjekk heilt nord på kanten av fjellet - mot Stavfjorden fekk eg betre sikt inn heile nordsida. Og ja, forsyne meg. Langt inne i synsranda i bakkane nord for Skylefjellet gjekk det iallefall 4 sauer. Der eg gjekk på lørdag. Nesten fortærande at eg ikkje fann dei då. Men dei hadde vel gått lenger nordvest mot Grimelia. Eit parti som gjekk meg hus forbi lørdag. Trudde jo ikkje dei kunne gå så langt ute. 

No var turen i dag nærast for ein rekognoseringstur å rekne. Eg var ikkje utstyrt med verken mat eller noko særleg med klede. Og det ville ta mange timar å få dyra austover forbi Toreheia og Ytrevågefjellet. Så sauene fekk berre gå. Dei har no inga naud der oppe heller. Men no veit vi iallefall at dei går her. Og kan hentast ved neste korsveg. 

Så slik gjekk nokre morgontimar i dag. 

No vart eg likevel så rastlaus ei stund etter middag at eg tok meg ein time i treningshallen òg. Med eit kjølande fjordbad etterpå. Så dagen i dag må vel få benevnelsen ei god økt.... 😃

Ingen kommentarer: