lørdag 14. september 2024

Sauesanking

Ein rast i solveggen ved Svartevatnet

Det siste eg såg til sauene (midt i bildet) ovanfor Krikavatna

Sunnfjords perle - Svanøy

På veg vestover til Blåfjellet t.v. Med øyane i Florø i synsranda.  

Eg tok del i sauesanking i dag. Så eg begynte å gå heime frå i 07.30 tida etter eit GPS signal på ein sau heilt ute på nordsida av Blåfjellet i Grimelia. Ganske langt vest får ein seie når sauen var heimehøyrande i Vågane. 

Det var ein kald morgon. Etter 30+ på Kreta i 14 dagar var det svinkaldt i vinden ovanfor Rinda. Og ved Mangevatna måtte det dun og hanskar til + den vindtette hua eg har brukt i mange år... Og jammen kunne eg tenkt meg stillongs òg. Elles var det skya med gløtt av sol. 

Vel, eg toppa ut Blåfjellet i vinden. Men såg ikkje noko til sau og lam. Ikkje frå Mangevatnnipa heller. Så då gjekk eg heile nordsida mot Stavfjorden inn mot Skylefjellet. Opp og ned dalane og haugane. Men nokon sau såg eg ikkje. Fordømt òg. Frå toppen av Skylefjellet derimot såg eg fleire i stigninga mot Toreheia. Midt i ruta. Javel, ja... Då var det berre å halde fram austover og få med desse via Toreheia til Hjartebuvatnet og Ytrevågefjellet. 

I starten på bakkane oppover tok likevel saka ei anna vending. Ei s(n)auvending for å seie det slik. For eg såg ein person kome over høgdedraget lenger oppe som eg gjekk til møtes. Det viste seg å vere Tormod S. i sankelaget frå aust. Vi vart einige om at han tok sauene austover. Og eg ja, kunne snu og gå heim igjen. Då via Krikavatna, Svartevatnet og Rinda.

No vart det nokre timar trakking dette. Så trimmen var eg ganske nøgd med. Men om det går igjen ein sau her oppe eller ei det får no tida vise. Iallefall er det meldt bra ver framover, så kanskje kan det blir ein ny tur med det første. Sydenkaloriane lyt jo få føter å gå på...😄

Ingen kommentarer: