Passasjen over Steinelva i Fossedalen |
I høve at Brendeheiknappen i Fossedalen er inne som turpost på TiTur Dalsfjorden for 2020 må det gjerast noko med ruta over Steinelva. Ei elv som veks fort opp. Og der det i dag er vanskeleg å kome over ved stor vassføring. Etter kva ein har sett av dei aktive og flinke brubyggjarane i Dale og i AHIL, er dette eit oppdrag som bør kunne gjennomførast. Spesielt viktig no når mange som ikkje er blant dei mest fjellvane vil ta turen på Brendeheiknappen.
Det er bygt nye bruer i Nedre Fossedal i året som har gått. Applaus til turgruppa i Dale! |
I same slengen er det sjølvsagt særs ynskjeleg at det kan bli gjort noko med stien ovanfor Kleivane mot elva, der denne går over den ille skåra/steinane og opp på berga. Her er det både sleipt og ekkelt å gå. Det beste hadde vore å få på plass ei bru. Dette er eit dugnadsprosjekt som har vore lufta fleire gonger før, og som vil bli svært kjærkome for Fossedalsfolket og andre om gjennomført. Midlar til bygningsmateriale finst. Sjølv er eg heller skral som bygningsmann. Men eg kan gjerne hjelpe til med å bere material o.a. Gje meg difor eit pip.
Eg tykkjer ein bør få desse to prosjekta på plass i løpet av vinteren/våren. Og før TiTur Dalsfjorden går av stabelen 15.mai (etter noverande planar). Ja, dette har med tryggleik å gjere. Og begge prosjekta ligg innanfor DNT sitt løypenett.
Godt Nytt Dugnadsår!