lørdag 4. mars 2017

Kremtur

Fossevikja i første sola for dagen
Eg køyrde til Dale i 07-tida og starta turen frå parkeringsplassen ved brufestet på Dalsfjordbrua noko over 07.30. Dei første solstrålane for dagen gylla akkurat toppen av Kringla. Stien til Fossevikja var fast og fin utan snø. Eg tok meg raskt bort i Fossevikja. Omlag då sola steig over fjella i aust. 

Elraki
Nedre Fossedal









Eg var ein tur bortom Elraki og tok nokre bilder med sola i ryggen. Både hytta og Nedre Fossedal låg bada i den låge marssola denne morgonen. 

Dalsstølen i morgonsol
Nå låg det nok noko meir snø oppover enn eg hadde tenkt meg. Spesielt ovanfor Dalsstølen. Og sidan Olaug fekk trugane mine på trugetur med turlaget, vart det ein relativt stri tur opp Dalsstoredalen. Skia hadde eg ikkje tenkt på. Dei måtte eg uansett ha bore på ryggen til Nedre Fossedal. Og ski gjennom småskog, delvis frosne myrar og opne elvesitler, er noko herk. (Å gå på ski til Nipebu er ruta frå Markavatnet eller Rivedal betre). Eg kom meg likevel relativt greitt opp til turlagshytta på berre skorna. 

Dalsstølen i dag
Nipebu


Selfie Nipebu

Naustet ligg godt under snøen no
Utsikt mot aust og kjende fjell


Kloppa ved Krokavatnet i dag

På Nipebu bestemte eg meg for å kutte ut Fossedalshengenipa. Klok av skade tok eg ikkje sjansen på å gå over Langevatnet. Eg gjekk difor Massbu-ruta austover til kloppa i sørenden på Krokavatnet. Deretter via Øvre Fossedal, langs Fossedalsvatnet, og retur til fjorden den ruta eg gjekk opp. 

Øvre Fossedal hytte 1
under restaurering
Øvre Fossedal hytte 2


Vinterleg ved vassenden på Fossedalsvatnet i dag
På stien til fjorden igjen traff eg folk. Først ein "kjendis" frå Dale. Tidlegare lærar, spelemann og ein av motorane for Jubelhornet. Eg slo av ein god og kjekk prat med Andreas. 

Litt lenger nede traff eg ein heil familie på tur. Eg prata litt med dei òg. Kvar gong eg har gått denne ruta vi laga langs fjorden frå brua til Fossevikja, har eg treft folk. Mange. Veldig kjekt at denne stien blir så godt nytta. Til og med tidleg i mars. 

Veldig flott og solrik marstur. 
Traff denne karen i Kleivane i Fossevija i dag.
Slo av ein god prat med Andreas Ramstad.

Siste bildet for dagen på stien til Otterstein


Herleg tur via denne ruta i dag:

Nedre Fossedal Nipebu Pergytten Øvre Fossedal Dale 040317




Ingen kommentarer: