fredag 21. oktober 2016

Haust i Fossedalen

Morgonstemning i Fossevikja

Her seier segna frå Fossedalen at Sølvbordet på Brendeheiknappen skal ligge...
  
Toppen av Søre Kringla




Eg fekk innvilga ein feriedag i dag i det flotte vèret. Ein dag på fjellet var i tankane. Eg stussa litt på kva fjelltur eg skulle velge. Det er jo eit uttal av ruter og turalternativ hjå oss her på heimebane. Å køyre land og strand rundt for å gå på fjellet har aldri vore mi greie. Eg trivst med "heimefjella mine", og orkar ikkje bruke meir tid til bilkøyring enn høgst nødvendig. 

Ok, eg køyrde til Dale og Ottersteinen i dag tidleg. Likevel. Så lange biten er no ikkje det då. I gryotta ville eg prøve "nyestien" frå brua via Brendeheiknappen, Nordre og Søre Kringla med retur gjennom Fossedalen. I gryotta er vel rette nemninga ja - eg starta nemleg turen bort i Fossevikja med hovudlykt. 

Lyset kom likevel ganske fort. Og som planlagt nådde eg soloppgangen på Brendeheiknappen. Fantastisk.   


Soloppgang på Brendeheiknappen
Merkinga som vart gjort av Agnar og leiaren for IST frå Brendeheiknappen til skogsvegen på Laukeland, fekk eg ikkje vere med på. Etter å ha fått testa denne for første gong i dag, kan eg seie at merkinga var veldig bra. Så no er det merka veldig bra frå Ottersteinen til Massbu. 

Massbu låg spegla i flotte haustfargar og tidleg morgonsol. Ja, ord kjem fort til kort slike dagar. Superlativa om det flotte haustveret og fargane er i grunn oppbrukte i år .... 
Massbu i morgonskrud


Massbu
Når det gjeld den vidare merkinga frå Massbu til Botnatjerna (frå Botnatjerna til Nipebu merka eg oppatt i fjor haust med merkekjeppar) er denne litt for dårleg. Malinga er falma fleire plassar. Så denne biten skulle ha vore gått over av merkegruppa i IST... Eg følgde for det meste dei blankskurde berga i det tørre elveløpet nordvest-over oppe i dalen, før eg skar meir sørover opp dei lange berga til Nordre Kringla. 
Brendeheiknappen frå Søre Kringla

På Nordre Kringla bles det faktisk ganske friskt. Så eg skifta på meg ein del klede på overkroppen før det bar ned slukta til dalen under og opp att stigninga til Søre Kringla. Her oppe kunne eg konstatere at Dale låg i skuggenes dal, medan eg stod i sola og glytte ned.... Kjempefint. 


Utsikt vestover frå Søre Kringla
Øvre Fossedal i midten mot høgre.
Det grå fjellet er Fossedalshengenipa.

Utsikt opp igjen til Nordre og
Søre Kringla
Øvre Fossedal med Nordre
og Søre Kringla

Så bar det ned att til Øvre Fossedalen. Her var det ikkje folk så tidleg på ein fredag. Artig å stå i Øvre å sjå spissen på Søre Kringla eg nett var oppom der oppe. Ser ganske spektakulær ut her nede i frå... 


Ved vassenden på Fossedalsvatnet
Eitrenipa, Nordre- og Søre Kringla
(fjella ser litt annleis ut her i frå...)

Eg tok vestsida av vatnet mot vassenden i sør. Sjølv om det er noko dårlegare sti denne sida av vatnet, er utsikta vèl så fin som frå hi sida. Siste turane har eg difor stort sett gått denne sida. 

Ved Fossedalsfossen tok eg meg eit par skiver. Det var ikkje rare vassføringa i dag. Så eg sette meg på det blankskurde berget nesten midt ute i det som skulle vere fossen. 


Vedig lite vatn i Fossedalsfossen
(eg ligg midt i elva....)

I Nedre Fossedal heldt sola allereie på og seie takk for seg for dagen... Men du verda kor flott og fredeleg her var. Og nydelege haustfargar ramma inn dei flotte nymåla bygningane. Praktfullt. 


Nedre Fossedal
Nedre Fossedal
Tilbake i Fossevikja
(jmfr. bilde nr 1)
I Kleivane ned til Fossevikja slo eg av ein prat med to damer frå Dale som eg kjende. Hyggeleg! No var det rett nok hunden dei hadde med seg eg måtte bruke mest tid på. Han gøydde noko heisa. Sikkert nervøs. Men etter ltt godsnakking fekk eg både klø og klappe han. 

Deretter bar det til Ottersteinen igjen. Nesten 7 timar sidan sist eg var her. Ein nydeleg "ferietur" var over. Takk til Kari og dei andre på jobben i banken...:-)


Ingen kommentarer: