søndag 30. oktober 2016

Jubileumskonsert Askvoll Musikklag - 65 år

    


Eg må nesten få lov til å bruke orda usedvanleg kjekk hyggjestund om Jubileumskonserten til Askvoll Musikklag i går ettermiddag. Laget fyller nemleg 65 år i år. Og mykje folk var samla i Samfunnshuset i Askvoll for å feire jubilanten. Per Arne Tveit var hyra inn som leiar av festen. Men stø hand drog han oss gjennom seansen.

Per Arne Tveit leia festen

I dag er ikkje hornmusikkmiljøet i kommunen større enn at musikarar frå fleire kommunar av og til spelar i lag. Dale Musikkorps var såleis inviterte til festen, sidan fleire musikarar spelar i begge laga. (Musikk kjenner ingen grenser). Elles var Atløykoret inviterte, og ei Linedancegruppe frå bygda dansa frå scena til hornmusikk... 


Atløykoret



Mykje folk samla i samfunnshuset ein lørdagsettermiddag



Kommunens yngste (?) var òg på plass....

Største bidraget til festen hadde Sveinung Fristad. Han opna med å hylle Jon Jorde som har vore med i Dale Musikkorps sidan oppstarten i 1945. Jorde spelar framleis. Imponerande! 

Fristad fortalde vidare om oppveksten og den gryande interessa for hornmusikk. Han fekk oppleve dei marsjerande musikantane frå Dale og vart biten. Han bestemte seg då for at hornmusikk skulle askvollingane òg ha. Mellom anna fekk han Arvid Follevåg og Audun Høyvik med på laget. Dei starta opp i 1952. Det var sjølvsagt lite med pengar og dårleg med instrument å få tak i. Ein spelte nærast på det ein fekk tak i....Rekrutteringa var god. Men "nåde den som ikkje kom på øving". Utvalet av songar var prega av etterkrigstida. 


Sveinung Fristad fortel om historia til laget

Audun Høyvik og Arvid Follevåg fekk applaus

Musikklaget har spelt under mange plassar og under mange tilhøve -
foto bak viser frå Bulandet der det berre møtte opp ein katt for å høyre på...!


Fristad fortalde elles mange humørfylte historier. Til lått og løye. Om songarstemne og musikkstemne ein deltok på. Ei spesiell hending var under ei midnattsmesse då dei etter at kyrkjeklokkene hadde slege ut spelte "Kling no klokka" ut gjennom glasa i kyrkjetårnet. Det var visst ikkje heilt utan fare for både liv og helse å dra instrumenta opp dit. Heilt støe på foten var dei visst heller ikkje... Og noko sikring mot å falle ut av kyrkjetårnet fanst sjølvsagt ikkje.... 

I 1958 kom kongen på besøk, men då var det eit så forferdeleg dårleg vèr at ein verken kunne syngje eller spele. Øyfolket kom seg heller ikkje til Askvoll. At han ikkje tok mot til å be opp Mette Marit til Øyarikets vals då kommunen i 2006 fekk kongeleg besøk, har han angra på sidan. Valsen har Fristad skrive sjølv.

Elles spelte korpsa kvar for seg og i lag. Frå "Rett som ørnen stiger"og "Hanen stend på stabburshella" til "Gamal Jegermarsj" (sjå video). "Eg vil heim" av Jakob Sande og "Øyarikets vals", og mykje mykje meir. Fleire songar var vi i salen med på å syngje.


Gratulasjonar frå Dale Musikkorps framført av Arve Arstein

Så var det tid for blomeutdelingar. Varaordførar Gunnar Osland helsa frå kommunen og overrekte gåvesjekk og blomar til leiar i laget Kari Stang. Elles vart det delt ut blomar til dirigentar, lydteknikar, kor og Linedancegruppa.

Varaordførar Gunnar Osland hyllar jubilanten

Jørgen Alisøy får blomar for gjesteopptreden som dirigenti Askvoll Musikklag

Inn i mellom alt dette smakte det godt med kaffi og kaker frå eit velfyllt kakebord. 

Arve Arstein, Monica Nyland og Torbjørn Arstein kosar seg med kake....
Arve er leiar av Dale Musikkorps

Solist Erland Ona Gjul, pianist Anton Proskurnin, Atløykoret og korpsa avslutta med ein fantastisk versjon av "You raise me up". Og ikkje eit auge var tørt i salen. Med det var ei særs triveleg stund i samfunnshuset i Askvoll denne lørdagsettermiddagen over. 

Kanskje er det ikkje så mange som tenkjer over kor viktig det er å ha musikkorps i bygda. Og ikkje berre kvar 17. mai. Korpsa gjer seg ikkje sjølve.... Vi får håpe dei unge som veks opp i dag får oppleve den same gnisten for hornmusikk som Sveinung Fristad gjorde, slik at korps-tradisjonane blir haldne i hevd i framtida òg. 


(Bilda er av avgrensa kvalitet pga manglande apparatur)

Sjå utval av videoar. Kvalitet noko mangelfull.
Hugs å sette på høgste oppløysing.












Ingen kommentarer: