| I dag tidleg: Portafjellet midt i bildet og Skålefjellet- to av fjella eg var oppom i dag |
| Smørskornova Bakkefjellet Dokka Alden og Moldura |
| Svelivatnet |
| Rivedalskletten |
| Utløpet av Langevatnet i Holmedal inkl heimelaga saft... |
| Dagens selfie på Hekkelfjellet |
| Svarthamrane i dag |
| ...og Skålefjellet |
| Osland |
7 timar solid fjelltrim i dag med toppane Portafjellet, Stordalsfjellet, Vardeheia, Røyrbotnholten, Smørskornova, Hekkelfjellet, Svarthamrane, Skålefjellet og Nipane. Ruta starta og slutta i Oslandsbotnen.
Det var noko meir vind på toppane i dag enn i det siste. Men temperaturen var utrulege 13 grader då eg reiste heime i frå noko etter klokka 07. Kanskje unødvendig å nemne at det var sol.... Eller rettare sagt - det vart sol, for det var tussmørke då eg drog...Unnateke ein matbit ved utløpet av Langevatnet mellom Smørskornova og Hekkelfjellet (fast plass) gjekk turen i eitt.
| Flotte haustfargar på oppstigninga til Svarthamrane frå aust. Portafjellet i midten og Vardeheia t.h. har eg vore oppom... |
Fargane er eit kapittel for seg sjølv om dagen. I alle variantar av brunt. Brunt og blått er fint i lag. Knallblå himmel og haustfargar er det flottaste naturen kan by på. Det er flott når det grønkast om våren, men fargeprakten må ein til hausten for å finne. Kvar årstid har sin sjarm. Vi er heldige som bur i eit så flott og fritt land som kan nyte desse.
| Frå oppstigninga til Vardeheia (Vardenova) frå aust er det flott utsikt austover Stordalen.
(Fjella i aust kjenner vel dei fleste som føl bloggen).
|
I dag lèt eg bileta tale for seg sjølv. Detaljane får kvile. Det treng min snart 60 år gamle skrott òg...:-)
Foto
151016
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar