Blåfjellet
Kan vel kanskje seie eg har vore bra effektiv i dag. Eg tok nemleg med meg Bakkefjellet i Holmedal og Blåfjellet i Askvoll på same racet i dag tidleg. At meteorologane bomma aldri så lite på vèret, kom visst oss turinteresserte til gode denne gongen. For det heldt seg opplett og vindstille heile tida. Og ikkje minst var temperaturen god. Faktisk vart det endå varmare og flottare ut over dagen, men då dreiv eg på med andre sysler ute.
Eg har venta lenge med å skifte dekk i år. Det har svart seg fleire gonger. Spesielt over Nordheia der det til tider har vore reine kaoset med bilar og bilspor. I hytt og pine. Ein av fordelane med å køyre piggfritt, som eg har gjort i mange år, er at ein er uavhengig av desse datoane for dekkskifte. Så eg drøyar det alltid litt ut over våren med å skifte dekk. Det har vist seg meir enn ein gong at det kjem snø på FV609 til Førde etter at datoen for dekkskifte er passert. Å drive og skifte dekk fram og tilbake om det kjem ei snøfille eller ei virkar litt unødvendig, og ikkje minst stressande.
Men i dag var dagen der. Dei nye dekka på nye bilen var svintunge, så sveitten sila for tredje gong. No gjorde eg vinterdekka og aluminiumsfelgane på dei skikkeleg reine òg. Dei blir kjekkare å ta igjen til hausten då. Ja, så held dei seg vel betre òg. I tillegg til dekkskiftet og reingjeringa av vinterdekka, tok eg å vaska bilen. Har spylt han for saltlake regelmessig, men det er no kjekt at han skin òg...!
Yess, det er vår i lufta. No gjenstår det vel berre å sette opp trampolina til ungane, så eg kan sette meg ned og sjå ein fotballkamp til kvelden. Og i morgon er det vel ny helg att. Løyen månad denne mai...:-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar