Nipa og Steinheia i bakgrunnen Tungt og mørkt på fjellet i dag! |
Eg har teke det litt piano sidan onsdag. Spesielt etter at eg var i blodbanken. Kjende dessutan at 4 Blegjaturar på 5 dagar kosta litt...;-)
Men etter middag i går var eg ein joggetur på Kultingane i Askvoll. Kjempeflott i berre shorts, joggesko og bar overkropp. Tørt og fint opp i bakkane. Herlig tur.
I dag var eg oppom same toppen, men gjekk opp frå Nordeide i Eidsfjorden. Deretter gjekk eg nordatt høgdedraga til Fismavatnet og prøvde fiskelukka. Eg hadde gode forhåpningar, men det enda skralt. Venta på regnet som aldri kom. Eg fekk rett nok to flotte kjø heilt til slutt då tolmodet var slutt, men dei strauk eg berre over ryggen med våt neve, og lèt nåde gå for rett. Det var ikkje dagen uansett. To kjø var ikkje noko å komme heim med. Betre lukke neste gong.
Eg følgde ruta frå i fjor nedatt til Fisma. Her var det no heilt tilgrodd! Glei i brattaste, sleipe grasbakken, og slo albogen på ein stein med full kraft, så elden loga fram i fingertuppane. Lenger nede var det ræva som fekk det.
Sørover Eidsfjorden frå Fisma til Nordeide såg det ikkje ut som det hadde gått folk på lenge. Utrulig kor stiane var grodd til berre sidan i fjor haust... Å halde alle råser opne er ei uoverkommeleg oppgåve. Naturen tek tilbake dei mennesklege spora til slutt uansett.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar