Steinkald skoddevind
Eg tok turen oppom Blegja i går ettermiddag. På veg heim etter arbeid. I kun joggesko, shorts og ei tynn trøye rundt livet vart det steinkaldt frå Nipevatnet og opp. Tjukk skodde og vind. Blåraude lår. Eg måtte verkeleg stå på for å halde varmen. Det var berre å komme seg kjappast mogeleg ned igjen der i frå. Det er klart at det no går raskt mot haust i fjellet... Og utstyret må bli eit heilt anna framover!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar