Utsikt mot Portafjellet og Vardenova i kveld
Vatnet er begynt å fryse på...
Eg tok opp igjen same flotte turen i dag som i går. Perfekte forhold med flott oktobersol på toppen, og nesten vindstille. I kveld tok eg turen bort om nordsida på fjellet og kryssa deretter over toppen til sørsida. Perfekt utsikt til havs, øyane i Florø og innover Førdefjorden.
Det blir nok til at eg går denne turen ein del no til å begynne med i haust, sidan den ikkje er så veldig lang. Førebels rekk eg fint opp og ned etter arbeid før det blir mørkt. Når vi stiller klokka blir det verre, men då får eg stole på den nye hovudlykta...!
Solnedgang over Alden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar