...var det berre førebokstaven på korleis det bles i kveld. Eg var nemleg opp igjen på Ytrevågefjellet etter arbeid. Eg måtte faktisk ned på fire eit par gonger for ikkje å bli blesen overende. Eg krøkte meg i hop og heldt kroppsvekta så lågt som mogeleg oppover bakkane. Men opp kom eg meg.
På toppen ligg det eit lite tjern. Frå dette, ja eg vil kalle det nesten for pytten, fauk vassgòvet som ein vegg bortetter rabbane... Vinden var så kraftig at det piska vatnet til kvite toppar. Eg hadde ikkje kameraet med meg. Tok ikkje sjansen på det i styrtebygene. Mørkt og fælt var det òg så bilda hadde blitt deretter. MMS`ane eg tok med den gamle mobilen vart heilt håplause i vindkasta.
Ein annan ting er at det vart utrulig fort mørkt i kveld. Eg kunne ikkje springe så fort ned igjen heller pga vinden. Men eg kom no meg ned før det vart heilt svart. Neste gong må nok hovudlykta fram. Tida for dette kom på ein måte veldig fort i år...
1 kommentar:
Å gje seg halvveges har no aldrig vore din stil Gustav, så gå på.
Legg inn en kommentar