MMS Jamneheiane i ettermiddag
Det gjekk superlett på Jamneheiane etter jobb i dag. Den vanlege ruta. I joggesko og shorts går desse turane så aldeles mykje lettare enn vinterdagen då ein er nedtyngd i utstyr, klede og fjellsko. For ikkje å nemne vassinga med trugar i snø. På den annan side har eg heilt sikkert igjen for det no... Det hadde vel neppe gått så lett på desse toppane no hvis ikkje det var nettopp for vinterturane....:-)
Når det gjeld fuglelivet såg eg første låvesvala i år. Løvsangaren kom før helga, og eg høyrde minst to eksemplar ved Fisma. Der kom eg òg over første strandsnipa i år. Det er fleire veker sidan heipiplerka kom, og den er det rikeleg av oppe ved Jamneheiane òg. Flott tid dette...:-)
2 kommentarer:
Utruleg å sjå sollyset åpenbare seg gjennom skydekket....blir nesten litt sånn "troende"
Ja, det er ofte slik ute mot havet om kvelden når sola står i vest. Lyset i vest er fantastisk.
Legg inn en kommentar