Bilete frå Blegja i haust
Etter turane i helga, tok eg det heilt med ro i familiens skjød i kveld. Godt med fyr i omnen og litt ro i heimen.... Og ute fell ei og anna snøfille. Berre så vidt det kvitna over. Antydning til julestemning. Og på onsdag er det fullmåne. Vi får satse på eit par fine kveldsturar med hovudlykt seinare denne veka .
Eg fekk spørsmål om kva klede eg brukte i går. Så eg laga ei komplett liste over klede og utstyr med linkar. (Alt dette kan eg absolutt anbefale hvis du er på jakt etter noko.) Devold-trøya vart bytta på Smørskornova med Brynje-trøya. Her vart òg resten av kleda tekne på. Utapå-jakka pakka eg ned igjen halvveges, men resten nytta også siste del av turen. Det er viktig med tørre, lette og varme klede i vinterfjellet. Arcteryx Gore-tex jakke og buksa vart ikkje tekne med i går. Heller ikkje dunjakke frå Mountain Hardwear. Det var tørt og ikkje så (veldig) kaldt i går...
Arcteryx Gamma softshell-bukse
Janus stillongs
Brynje Arctic Zip Polo
Devold Expedition trøye
Janus Ullboxer
Safa Raggsokkar
Scarpa Ladakh
Norrøna Gamasjar
Outdoor Research vottar
Outdoor Research Winter Trek Hat
Outdoor Research Peruvian Hat
Marmot Balaclava
Specter Pullover
Rab Generator Smock
Rab Drillium Jacket
Black Diamond karbonstavar
Mountain Hardwear dunjakke var ikkje med i sekken i går, men er ein fordel om det blir kaldare.