torsdag 6. august 2015

Standard trim


Etter ein herleg middagskvil, sprang eg meg ein tur på Skylefjellet i kveldinga. Oppfriskande i synnavinden som tok godt oppe på toppen. 

Elles er det vel ikkje så mykje å forfatte. Det var iallefall ikkje ei sjel å sjå. Heller ikkje dyr eller fugl, ja utanom sauene til Hovden då. Dei beita fredeleg i liene ved Krikavatna. 

Ei lita omvisning







I går kveld tok eg med meg Marie, kjærasten Øyvind og Olaug på Skålefjellet i Stongfjorden. Mest for at Marie skulle få med seg toppen som del av fjelltrimprogrammet. Verken ho elller Øyvind hadde gått Gjerdedalen og Brekka opp. Så dette vart ei ny erfaring for dei. 

Brekka er jo litt utfordrande for dei som ikkje er vane med å gå i bratt "urskog", spesielt ned igjen. Eg sjølv synest dette er ein rask og grei veg til toppen av fjellet. Stien er godt oppgådd òg no. Og ned igjen er det berre å "angripe" bratta med gode sko som Inov8 og Meindl...:-) Ikkje det - eg høyrde verken Marie elller Øyvind klage... Dei sprudla som turtelduer...

Kvelden vart jo fantastisk med nydeleg vèr. Litt kald vind var det på toppen, men ikkje verre enn at vi tok oss ei runde der oppe slik at eg fekk vist litt av fjella og landskapet rundt omkring. 



Dei fleste som les bloggen min kjenner vel utsikta frå Skålefjellet. Her er likevel ein videosnutt frå ulike vinklar. Grovt sett ser vi i vest Moldura og toppen av Alden og mot Heggøyna, Smelværet, Staveneset og øyane i Florabassenget. I nord mot Florø og Bremangerlandet, i nordaust mot Ålfoten, Håsteinen og Førdefjorden. I aust ser vi alle dei kjende fjella mot Nipebutraktene som Blegja, Storehesten, Eitrenipa, Kringla og framfor dei Porten, og Portafjellet. I søraust ser ein mot Rivedalstraktene og Heileberget i Dale, og i sør mot Holmedalsfjella. Skålefjellet er lett å kjenne att frå alle desse toppane med si karateristiske spisse form mot nord. Dette er veldig spesielt sidan alle (nesten) fjella her har motsett form med slake ryggar frå nord og bratt utfor i sør. Av det kjem ordet "Nipe"...


Skålefjellet litt t.h oppe. Foto frå Blegja.

Vi tok forresten ruta om Skålefjellsvatnet ned igjen. Denne har eg merka godt med vardar, så det er ingen problem med å ta seg opp eller ned. Dette er ruta vi brukte mest før, og den som står nedteikna i Oppturboka. Dette er litt lenger, men kanskje lettare, og ikkje fullt så bratt som over hammaren ved første elva. 

Kjempeflott kveldstur!

søndag 2. august 2015

Blomsterpiger


Etter å ha hatt tre småtuller på besøk sidan fredag, vart madamen med ein tur på Skylefjellet i kveldinga. Herleg og fin tur. 

Tidlegare på dag hadde eg meg ein småtulletur med Olina langs vegen til Stongfjorden. Den turen tok minst like lang tid som på Skylefjellet. X-antal padder, makk og sneglar måtte studerast. 
For ein liten kropp er nok dette meir interessant enn kvar ein topp.....

 Blomterpigen Olina


lørdag 1. august 2015

Sommarregn på naken hud



Flott trimtur på Skålefjellet igjen i ettermiddag. I berre tights, og mellom regndråpane, var det berre å halde farten oppe. Sommarregn på naken hud. Kjekt. Forma er ikkje så verst likevel. No får eg berre halde hjula i gang. 

Elles har vi jentene til Håvard og Miriam denne helga. Vi oss difor først i dag ein tur til Dale og helste på mor mi, og ein del anna kjentfolk på Almuen. Koseleg. 

torsdag 30. juli 2015

Nordavinden


Han var steinkald i kantane, nordavinden, her oppe på fjellet i kveld. Ved Mangevatna og Skylefjellet gjekk han gjennom marg og bein. Kanskje ikkje så rart heller iført berre t-skjorte og tights som eg var... men i kveld ville eg halde farten oppe, så då fekk det bli slik....  

Eg sprang elles på to kjende Askvoll-jenter der oppe. I tillegg låg det folk i lavo ved Mangevatna. Det må ha vore ein kald fornøyelse slik vinden tek her. Vèl er det fantastisk fint ved Mangevatna, men i nordavind er det greitt å vite kva ein går til... Full vinterhabitt er påkreve. 

tirsdag 28. juli 2015

På heimlege stiar

Skylefjellet i kveld
Etter gamalt gjekk eg meg ein rask trimtur på fjelltrimposten på Skylefjellet i kveld. Herleg. Og ganske så fint og tørt i bakken og i myrane. Ja, til og med Rindaelva var så lita som eg nesten ikkje har sett ho før. Litt merkeleg egentleg. For etter å ha vore 14 dagar på Rhodos, høyrdest det ut på sosiale media og på nettet at ein nærast heldt på å renne vekk her i gamlelandet.... Så for meg virkar no alt dette regnet litt overdrive...

Søndagens og kveldens trim var eit  første steg på å kare meg ut av latmannsbobla som eg har bada meg i i det siste. Så får eg no sjå om eg klarar å få av meg nokre av syden-kiloa etterkvart. Turane på fjellet går i grunn lettare då - bokstaveleg talt... Og motivasjonen sjølvforsterkande. 

Adventure Rhodes July 2015

mandag 27. juli 2015

Ialyssos, Rhodes

Det er sjølvsagt vanskeleg å skulle summere opp 14 dagar ferie på Rhodos i eit enkelt blogginnlegg. Bilder og videoar fortel vel betre enn ord om kor fint vi hadde det desse dagane. Vi det var forresten Peter, Olaug og eg første veka. I andre veka vår fekk vi besøk av veninnene til Olaug, Magni og Anne, frå Holmedal. Hotellet vi budde på var Sun Beach Resort i Ialyssos. Flott hotell plassert direkte på stranda. Vi hadde i tillegg bestilt superior room med havutsikt og frukost. Etter vår standard var både hotellet og maten heilt førsteklasses (4 stjerners og frukosten minst 5). 

Det er ikkje enkelt å skulle samanlikne sydenturar heller. Men ein ting var iallefall heilt spesielt denne gongen, og det var at vi fekk både soloppgang og solnedgang frå altanen, utan at sola var her resten av dagen. Heilt unikt og heilt supert. 

Soloppgang på altanen

Solnedgang på altanen

Sidan vi i år igjen fekk besøk i andre veka vår, gjorde vi unna eit par turar vi hadde bestemt oss for på førehand den første veka. Dette var til Lindos og til Symi Island. 

Lindos


Olaug på Lindos

Peter på Akropolis

Akropolis sine festningsmurar

"Den kvite byen" Lindos er kjend for sitt Akropolis og fantastiske badestrand (sjekk link). I tillegg til å vere ein av dei varmaste plassane på øya. Vi kan i sanning skrive under på alt (sjå bilder).

Bussturen frå Ialyssos via Rhodos by og nedover på austsida til Lindos, var i grunn ein kjempeflott opplevelse i seg sjølv. Med god guiding av sjåføren fekk vi innsikt i både geografi og historie. Ei viss form for sjølvironisk humor hadde han òg, bussjåføren. M.a. då han gjorde oss oppmerksam på at "to the right you can see the Bank of Greece, but don`t try to steal it - it`s empty"...

Tur nummer to gjekk som nemnt til Symi Island. Med båt frå Rhodos by tok dette 1,45 timar. På veg nord var vi først innom Panaromitis Monastery med kyrkja, og dei to musea. Her inne var det ikkje lov å fotografere. I halvmørkna i den ubeskriveleg flotte kyrkjesalen kysste folk eit Maria-ikon og kveikte stearinlys. 


Panaromitis Monastery

Inngang kyrkja

Eit "ulovleg" bilde frå daglegliv-museet....
(der fleire fotograferte)

d.s.

Ein ting Peter og eg alltid har tykt om på desse sydenturane, er å snorkle med dykkarmaske i det krystallklåre vatnet. Og på båtturen til Symi hadde vi med dykkarmaskene. Ved ankomst Panaromitis ville vi sjølvsagt bade. 

På kaia stod det ein eldre kar og fiska. Han hadde sett fast fiskereiskapen i botnen. Så eg påtok meg rolla som den barmhjartige samaritan, og hoppa i sjøen for å frigjere sakene hans. 

Dette vart lettare sagt enn gjort. Djupna var så si sak. Nokre meter og eg utan symjeføter - og nokon dykkar er eg ikkje. Verre var det at han hadde mange anglar i enden av snøret sitt, og heile stasen var surra rundt ein stein. På femte eller sjette dykket visste eg ikkje anna råd enn å løyse heile steinen frå botnen, og med mykje bal fekk eg steinen med meg opp. At eg tykte eg heldt på å drukne på heile greia forsvann umiddelbart då mannen trykte handa på hjartet sitt og takka på eit språk som for meg var gresk.... Under er mannen forevige - blid som ei sol - og eg eit minne for livet rikare!



Båtturen vidare rundt øya til Symi tettstad viste eit vekksvidd landskap med forrevne klippar og fjell, men òg idylliske vikar der dyre båtar låg ankra opp....

Luksusbåtar ved varme sandstrender

Symi Island openbare seg i all si prakt då vi runda ein odde på øya. Fantastiske hus i mange fargar klora seg fast frå sjøsida og opp etter dei svidde bakkane. Og eit myldrande liv av turistar på vandring langs sjøkanten. 

Utsnitt
(sjå fleire bilder album)

Gatemotiv Symi

ds

Det var varmt i Symi òg. Nesten som på Lindos. Så eit bad var heilt naudsynt. Vi fann badestranda rundt eit nes. Den var ikkje stor, men flott. Og sjølvsagt smekk full. Men vi fekk oss eit avkjølande bad likevel.

Olaug og Peter badar ved Symi Island


I tillegg til dagsturane til Lindos og Symi, var vi tre turar til gamlebyen i Rhodos by. To turar første veka, og ein tur i andre veka i lag med Magni og Anne. 

På første turen vår traff vi på Lefteris Karipis. Ein kar som tidlegare var gift på Sande, og har budd i Norge. Eg vart kjend med Lefteris (Leif på norsk) gjennom jobben min. Reint tilfeldig gjekk vi på han utanfor den vesle skinnbutikken han har i gamlebyen. I mylderet av tusenvis av turistar, smug, tavernarar og turistsjapper. Vi vart bydde inn på bakrommet til ein prat og drikke. 

 Olaug og Lefteris Karipis 


Første møtet med Leif var seint på ettermiddagen, så vi avtalte å kome innom igjen før vi reiste. 

No viste det seg at vi kom innom to gonger til. Og andre gongen var Olaug frampå om han ikkje hadde ei god skinnjakke til meg.... Han fann sjølvsagt ei som passa perfekt. Nydeleg geiteskinn i nydeleg farge. Rein velvære å ha på seg. Skinnjakke var ikkje i mine tankar før eg fekk prøve denne jakka. Likevel var ho så dyr at eg måtte tenke meg om...

Eg tenkte mykje på jakka. Og etter å ha fått assistanse av Magni og Anne i tredje gongs møtet med Leif, bestemte eg meg for å kjøpe ho. Kontrakt signert, og betaling ordna då eg kom heim...

Møtet med Lefteris Karipis krydra turen på ein veldig kjekk måte. Han snakkar forøvrig flytande og perfekt norsk. Og skinnbutikken hans i gamlebyen kan eg trygt anbefale.

Tredje møtet med Lefteris Karipis (Leif)

Etter handelen med Leif var det skrikande behov etter mat....
Her på ein av dei mange utsøkte serveringsplassane i gamlebyen

Etter at Magni og Anne kom til Ialyssos heldt vi oss for det meste i ro med soling på stranda. Her fekk vi kjøpe fantastisk gode bollar og kaffi av ein kar som kom forbi kvar dag. Elles prøvde vi alle asiatisk strandmassasje (eg to gonger). Kveldane gjekk med til småhandel og gode middagar. Og fiskespaen som Peter og eg prøvde kan vel òg nemnast. Det var ei kitlande og artig oppleving. 



Fiskespa 
(fisken et opp daude hudceller på føtene...)


Ei anna oppleving eg òg kan nemne er møtet med Torbjørn Vik sin familie. Torbjørn er Olaug sitt søskenebarn. Dei ferierte i Ixia like ved. Så vi hadde ein triveleg kveld i lag i Ialyssos. 

Elles brukte eg ein del tid rundt omkring i nærområdet på jakt etter gode fotomotiv.

Gjengen samla 
(mobilfoto)

Alt i alt 14 avslappande og late dagar i strålande solskinn med temperaturar rundt 30 grader. På vindsida av øya. Heilt perfekt spør du meg. 

Bilda frå turen ligg førebels i eitt album. Somme av bilda deler eg truleg opp i mindre sekvensar. Eg får sjå litt etter kvart. 




søndag 26. juli 2015

Home again...




Det er eit stykke frå Ialyssos i går til Skålefjellet i dag. Slikt gir litt perspektiv på livet. Jorda er egentleg ikkje så stor. I tid og rom. Sjølv om det var godt å kome heim, var det jammen flott der vi var òg. Cluet er å vere tilfreds der ein er. For same kvar ein måtte befinne seg, så har ein no berre dette eine livet. Og det gjeld no for oss alle, grekar som daling....  

Ok var det visst iallefall å ta med seg vèret ved Middelhavet heim igjen. Ein har ikkje hatt for mykje av Rhodos-vèr her medan vi var vekke. I fjor var det omvendt - knall vèr i Tyrkia og knall vèr då vi om heim. Så slik er det no ein gong - ein får ta livet og vèret som det kjem...!

(No har eg så mykje bilder frå Rhodos å ta meg av at det får bli med desse orda i kveld....)